30/06/2026
Stafettpinnen blir ført vidare 🤝
Gjennom mange år har Vossaløysinga vore ei viktig stemme for betre veg- og baneløysingar mellom aust og vest.
Arbeidet har samla næringsliv, organisasjonar og engasjerte enkeltpersonar rundt ei av dei viktigaste sakene for regionen vår: trygg og effektiv infrastruktur.
No tek me eit nytt steg.
I samband med etableringa av Indre Vestland Næringsråd (tidlegare Voss Næringsråd) blir arbeidet i Vossaløysinga vidareført under næringsrådet. Målet er det same som før: å halda trykket oppe i viktige samferdselssaker og vera ei tydeleg stemme for næringslivet i regionen.
K5 og gode transportløysingar handlar om langt meir enn asfalt og tunnelar. Det handlar om konkurransekraft, arbeidsplassar, beredskap og moglegheita til å skapa verdiar i heile regionen.
Saka er den same. Berre drakta er ny.
Me håpar de blir med vidare 😃
Vil du halda deg oppdatert?
Følg arbeidet til Indre Vestland Næringsråd på Linkedin og Facebook, eller meld deg på nyheitsbrevet på www.ivnr.no