29/05/2026
Me jobbar på spreng for å ha klart utebassenget til neste solgløtt! 🌭☀️
I år kan du prøva vår nye "Vossadog", laga med gode råvarer frå bygda vår. Me er stolte av å kunne servera mat med kort veg frå produsent til badegjest. Pølsene kjem frå Vossakjøt, og til toasten brukar me ferskt brød frå Vossabakst og spianata frå Vossakjøt.
For oss handlar det om meir enn berre god smak. Når me vel lokale råvarer, støttar me flinke folk i nærmiljøet, reduserer transporten og bidreg til å halda verdiskapinga på Voss. Det synest me er like kjekt som ein perfekt sommardag ved bassenget. 😊
No ventar me berre på at vêrgudane skal finna fram sommarhumøret. Når sola kjem, står både utebassenget, kiosken og Vossadogen klare! 💦🌭☀️