Volda kommune

Volda kommune Telefon:70058700 frå kl 09.00-15.00. Volda kommune sin Facebook- profil er meint som ein ekstra informasjonskanal

Bli med på  Melshornløpet – NM i motbakkeløp laurdag 05.09.2026 ⛰️🏃‍♂️Konkurranse- og trimklasse + BARNELØPET Melshornlø...
03/09/2026

Bli med på Melshornløpet – NM i motbakkeløp laurdag 05.09.2026 ⛰️🏃‍♂️

Konkurranse- og trimklasse + BARNELØPET Melshornløpet Mini 🏃‍♂️🏃‍♂️🏃‍♂️

Melshornløpet er eit flott arrangement som kombinerer folkehelse, idrett og kultur, og vi håpar mange vil vere med og oppleve dette flotte arrangementet.

⛰️Gratis påmelding i trimklassa.
⛰️Alle som tek turen til Melshornet får medalje.
⛰️I trimklassa vel du sjølv kvar du vil starte turen, enten det er heimanfrå, frå Volda sentrum eller frå Bratteberg skule.
⛰️I konkurranseklassa eller NM-klassa, blir det felles start kl. 11.00.

MELSHORNLØPET MINI
Arrangøren inviterer også til barneløp frå Volda sentrum til Årneset.
Løpet startar kl. 12.00 og er gratis å delta på.
Startnummer kan hentast i sekretariatet på laurdag.
Det blir deltakarmedalje til alle, grilling og ulike aktivitetar for små og store. Vi har også høyrt rykte om at både Brannbamsen Bjørnis og Tare tek turen innom. 🐻🎉

Du kan melde deg på Melshornløpet digitalt via EQ Timing: 👉
https://live.eqtiming.com/79296

Det er også mogleg å melde seg på og hente startnummer i sekretariatet:
📍 Fredag: Volda E-sport, Halkjelsgate 17
🕑 Kl. 14.00–20.00

📍 Laurdag (løpsdagen): Sivert Aarflot plass, mellom Cubus og Bunnpris
🕘 Frå kl. 09.00

Meir informasjon finn du på Facebook-sida Melshornløpet og på nettsida: 👉 Melshornløpet.no

Volda kommune er stolt støttespelar av Melshornløpet – NM i motbakkeløp 2026!
Vi håpar mange tek turen og er med på å gjere dette til ei flott oppleving for både deltakarar, publikum og frivillige.

Vel møtt til Melshornløpet 2026! 🌄🏅

Ny samarbeidsavtale med sanitetslaga i Volda styrkjer beredskapen i kommunenVolda kommune og Volda omsorgsberedskapsgrup...
02/09/2026

Ny samarbeidsavtale med sanitetslaga i Volda styrkjer beredskapen i kommunen

Volda kommune og Volda omsorgsberedskapsgruppe har inngått ei ny samarbeidsavtale om omsorgsberedskap.

Avtalen styrkjer samarbeidet mellom kommunen og dei lokale sanitetslaga i Volda, Hornindal, Austefjord, Vikebygda og Mork, og bidreg til betre førebuing og støtte ved kriser og uønskte hendingar.

Gjennom avtalen blir dei frivillige ressursane frå sanitetskvinnene ein viktig del av kommunen si samla beredskap. Omsorgsberedskapsgruppa kan mellom anna bidra med omsorg og støtte til kriseramma, hjelp ved evakuerte- og pårørandesenter, matservering, informasjonsformidling og andre praktiske oppgåver når behovet oppstår.

Volda kommune ønskjer å rette ei stor takk til sanitetskvinnene for det uvurderlege arbeidet dei gjer for lokalsamfunnet. Deira engasjement, omsorg og vilje til å stille opp skaper tryggleik for innbyggjarane våre og er eit viktig bidrag til eit robust og godt førebudd lokalsamfunn.

Samarbeidsavtalen gjeld frå 1. september 2026 og har ei varigheit på fire år. Samarbeidet er eit uttrykk for den sterke frivilligheita i kommunen og den viktige rolla sanitetsforeiningane spelar i samfunnstryggleiken i Volda.

Foto: Inger-Johanne Johnsen

Volda kommune vil i veke 38 frese asfalten i Sjukehusvegen. Vegen blir stengt medan arbeidet pågår.
02/09/2026

Volda kommune vil i veke 38 frese asfalten i Sjukehusvegen. Vegen blir stengt medan arbeidet pågår.

Volda kommune vil i veke 38 frese asfalten i Sjukehusvegen.

Treng du hjelp til å bli litt meir digital?Bli med på Digitale Saman (tidlegare sprek på nett) i Ørsta og Volda. Dette e...
25/08/2026

Treng du hjelp til å bli litt meir digital?

Bli med på Digitale Saman (tidlegare sprek på nett) i Ørsta og Volda.
Dette er eit gratis lågterskeltilbod der du kan få hjelp, rettleiing og opplæring i bruk av mobil, nettbrett og digitale tenester. Det er ingen påmelding og du treng ikkje å kunne noko fra før.

Samlingane er annankvar onsdag i Ørstahallen (2.etg) frå kl. 11.00 - 13.00 og annankvar fredag i Volda samfunnshus frå kl. 14.00 - 16.00

Les meir: https://www.volda.kommune.no/tenester/kultur-fritid-og-frivilligheit/digitale-eldre/digitale-saman.202438.aspx

Kjenner du nokon som vil vere med i Volda demenskor?Volda demenskor ønskjer fleire medlemmar og inviterer til songglede ...
20/08/2026

Kjenner du nokon som vil vere med i Volda demenskor?

Volda demenskor ønskjer fleire medlemmar og inviterer til songglede og sosialt fellesskap. Haustens øvingar startar 31. august.

❤️ VOLDA DEMENSKOR er eit tilbod til menneske med demens der musikk og songglede i eit sosialt fellesskap står i sentrum. Primært er dette eit tilbod til heimebuande personar med demenssjukdom, men alle i målgruppa er velkomne.

Koret er leia av musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser og dirigent Ingrid Vik Henriksen. Koret har mange frivillige, nokre som medsongarar, andre på kjøkkenet der dei steller i stand til kveldsmåltid etter korøvinga.

Musikkterapeut, dirigent og frivillige gjer sitt beste for at kvar enkelt får delta utifrå kapasitet og behov. Dei som ønskjer å vere med i koret, bør ha med seg ein pårørande, evt. ein aktivitetsvenn.

Det er korøving kvar måndag frå klokka 17 til 19 i musikkromet på Volda Ungdomsskule.

Øvingar hausten 2026 startar 31. august.

Du treng ikkje musikalsk bakgrunn for å vere med i koret.

Om dette er interessant for deg, ta kontakt med:
📞Kristi Flø 41 20 52 89 eller
📞Anne-Sofie Egset 97 16 99 15

Volda demenskor ønskjer fleire medlemmar og inviterer til songglede og sosialt fellesskap. Haustens øvingar startar 31. august.

20/08/2026

I dagens kommunestyre 20. august blir det fagsamling i plan- og bygningsrett.

Skiljet mellom juss og politikk i arealforvaltinga
Tid: Torsdag 20. august kl. 13.00–16.00
Stad: Kinosalen, Volda samfunnshus

Volda kommune har fått Klimasats-midlar til å starte arbeidet med planvask. Arbeidet skal sjåast i samanheng med revisjonen av kommuneplanen sin arealdel. Som ein del av dette inviterer vi kommunestyret, Tenesteutval for forvaltning og utvikling (TFU) og tilsette i administrasjonen til ei felles fagsamling.

Fagsamlinga er også open for andre interesserte.

Tema for samlinga:
• Skiljet mellom fag, juss og politikk i arealforvaltninga
• Når kan kommunane gi dispensasjon?
• Planvask – korleis kan dette føre til meir effektiv plan- og byggjesakshandsaming?

Fagsamlinga vert leia av Nikolai K. Winge frå Holth & Winge, eit av dei leiande fagmiljøa innan plan- og bygningsrett.

Her finn du link til websending av møtet og møtedokumenta som er lagt ut:

https://www.volda.kommune.no/innsyn/mote-og-utval/ #/details/m-c669c5aa__7cb4__4459__8962__35794af6ae0d-776!5FlZjo

Bli tryggare i den digitale kvardagenVolda og Ørsta kommunar er med i ei nasjonal satsing som skal hjelpe fleire eldre t...
20/08/2026

Bli tryggare i den digitale kvardagen

Volda og Ørsta kommunar er med i ei nasjonal satsing som skal hjelpe fleire eldre til å bruke digitale tenester i kvardagen.

Stadig fleire tenester og moglegheiter er digitale. Volda og Ørsta kommunar inviterer deg over 65 år til gratis tilbod som kan gjere kvardagen enklare, tryggare og meir sosial.

Du treng ikkje kunne noko frå før – det viktigaste er at du er nysgjerrig.

🔸Kurs: Digitale Saman – lær noko nytt saman med andre

På Digitale Saman (tidlegare Sprek på nett) kan du få hjelp til mobil, nettbrett og digitale tenester i kvardagen. Kanskje vil du lære meir om meldingar, bilete, appar eller korleis du finn informasjon på nettet? Her møter du andre i same situasjon, får svar på det du lurer på og kan oppdage nye moglegheiter i lag med andre.

Tilbodet er gratis, uformelt og ope for alle. Oppstart i veke 35 - meir informasjon og kursdatoar finn du her.

🔸Digital Opplæring Heime – når hjelpa kjem til deg

Ønskjer du rettleiing heime hos deg sjølv? Då kan du få hjelp til akkurat det du vil bli tryggare på. Opplæringa blir tilpassa dine behov og skjer i eit tempo som passar deg. Målet er å gi deg større tryggleik og meistring i møte med den digitale kvardagen.

🔸Bli Digital – prøv eit nettbrett gratis

Har du lyst til å sjå kva eit nettbrett kan brukast til? Gjennom Bli Digital kan du låne eit nettbrett gratis og prøve det ut i kvardagen. Du kan lese aviser, sjå bilete, halde kontakt med familie og vener eller utforske alt internett har å by på. Kanskje oppdagar du at det er enklare enn du trudde.

Vil du vite meir eller melde deg på?
Les meir på heimesidene til Volda og Ørsta.

https://www.volda.kommune.no/aktuelt/pilotprosjektet-fleire-digitale-eldre.202865.aspx

Foto: Oclin

Mange trur at det er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det...
20/08/2026

Mange trur at det er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det likevel ofte grunneigaren som har ansvar for å halde dyr ute gjennom forsvarleg gjerdehald.

Det er naturleg å spørje kvifor ein må vedlikehalde gjerde dersom ein ikkje har dyr sjølv. Etter gjeldande regelverk er ansvaret for gjerdehald i mange tilfelle knytt til eigedomen og grensene mellom eigedomar, ikkje berre til den som eig dyra.

Landbrukskontoret oppmodar derfor grunneigarar om å sjekke at eigne gjerde og grinder er i god stand, gjerne før beitesesongen tek til. Dette gjeld både innmarksgjerde og utmarksgjerde.
Du kan lese meir om dette på heimesida til kommunen.
https://www.volda.kommune.no/aktuelt/kven-har-ansvar-nar-beitedyr-kjem-inn-pa-annan-eigedom.202742.aspx

Volda kommune inviterer til digitale informasjons- og dialogmøte om arbeidet med områdemodell for Volda sentrum.Volda ko...
20/08/2026

Volda kommune inviterer til digitale informasjons- og dialogmøte om arbeidet med områdemodell for Volda sentrum.

Volda kommune har starta arbeidet med å utarbeide ein områdemodell for Volda sentrum. Som ein del av prosessen inviterer vi grunneigarar, utbyggjarar og andre interesserte til ei rekkje digitale informasjons- og dialogmøte.

Ein områdemodell er eit verktøy for å finansiere og gjennomføre felles offentleg infrastruktur som er nødvendig for utviklinga av sentrum. Modellen skal bidra til føreseielege rammer for både kommunen, grunneigarar og utbyggjarar, og gi eit betre grunnlag for koordinert gjennomføring av tiltak og utbygging.

Gå inn i påmeldingsskjemaet og meld deg på eitt eller fleire av møta:
https://forms.cloud.microsoft/e/VEGVRvZ2UX

Møte 1: Kva er ein områdemodell?
🔹Dato: 19. august
🔹Tid: Kl. 12.00–13.30
🔹Stad: Digitalt møte

På møtet vil kommunen orientere om arbeidet med områdemodellen, medan Grindaker og ViaNova presenterer:

🔹kva ein områdemodell er
🔹korleis felles offentleg infrastruktur kan finansierast og gjennomførast
🔹samanhengen mellom områdeplan, rekkjefølgjekrav og utbyggingsavtalar
🔹korleis modellen kan bidra til meir føreseielege rammer for utvikling i sentrum
Det vil vere høve til å stille spørsmål og kome med innspel.

Arbeidet med områdemodellen blir gjennomført av Volda kommune i samarbeid med Grindaker og ViaNova. Vi ønskjer alle interesserte velkomne til å delta i prosessen.

Møte 2: Behov og prioritering av tiltak
🔹Dato: 26. august
🔹Tid: Kl. 12.30–14.00
🔹Stad: Digitalt møte

På møte 2 blir det presentert forslag til tiltak som er identifiserte gjennom områdeplanen og formingsrettleiaren. Målet med møtet er å diskutere kva kvalitetar som er viktige for utviklinga av Volda sentrum, og å få innspel til prioritering av tiltak.

Tema for møtet:
🔹oversikt over aktuelle tiltak og investeringsbehov
🔹kommunen sine ambisjonar for utviklinga av sentrum
🔹samanhengen mellom utbygging, rekkjefølgjekrav og behovet for infrastruktur
🔹dialog om kva tiltak som bør prioriterast
Før møtet vil deltakarane få tilsendt ei oversikt over tiltaka og høve til å gi innspel til prioriteringane. Innspel bør vere sende inn før onsdag 2. september.

Møte 3: Kostnader og fordelingsprinsipp
🔹Dato: 14. september
🔹Tid: Kl. 10.00–12.30
🔹Stad: Digitalt møte

Møte 3 handlar om korleis kostnadene ved felles offentleg infrastruktur kan fordelast mellom ulike utbyggingsområde, mellom private aktørar og mellom private og offentlege bidrag.

Tema for møtet:
🔹samla kostnadsoversikt for tiltaka
🔹prinsipp for kostnadsfordeling og forholdsmessigheit
🔹korleis modellen bereknar bidrag mellom ulike delområde
🔹samanhengen mellom utbygging, verdiskaping og behovet for infrastruktur
🔹dialog om gjennomførbarheit, fleksibilitet og rettvis kostnadsfordeling

På førehand vil deltakarane få tilsendt eit forslag til fordelingsprinsipp som dannar grunnlag for diskusjonen.

https://www.volda.kommune.no/aktuelt/informasjonsmote-om-omrademodell-for-volda-sentrum.202679.aspx

Oppstart detaljregulering - Ospesletta/GrodåstunetMed heimel i plan- og bygningslova §12-8, varslar vi oppstart av arbei...
19/08/2026

Oppstart detaljregulering - Ospesletta/Grodåstunet
Med heimel i plan- og bygningslova §12-8, varslar vi oppstart av arbeidet med detaljregulering for leilegheitsbygg på delar av gnr./bnr. 206/10, mellom vegen Ospesletta og bensinstasjonen på Grodås.

Planen har fått tildelt plan-ID 2026001, og har eit førebels planareal på omlag 9 200 m2.

Det er 3Dsmia ved Åse Bergset som skal utarbeide planen på vegne av Hornindal Eigedomsutvikling AS. Forslagsstillar og Volda kommune er samde om at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Spørsmål eller innspel til planarbeidet kan rettast til Åse Bergset på e-post: [email protected].

Frist for å kome med innspel til arbeidet med planen er 15. september 2026.

Meir informasjon om prosjektet, kopi av Planinitiativ, referat frå oppstartmøtet og annan relevant informasjon finn du her:

Med heimel i plan- og bygningslova §12-8, varslar vi oppstart av arbeidet med detaljregulering for leilegheitsbygg på delar av gnr./bnr. 206/10, mellom vegen Ospesletta og bensinstasjonen på Grodås.

Adresse

Stormyra 2
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 16:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4770058700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Volda kommune:

Snarveier

Del