Høgskulen i Volda - Biblioteket

Høgskulen i Volda - Biblioteket BEMANNA SKRANKE:
Mån-ons 09-19
Tors 10-19
Fre 09-17
Tilgang med student-/tilsettkort: 07-24.

STAFFED HOURS:
Mon-Wed 09 am-7 pm
Thu 10 am-7 pm
Fri 09 am-5 pm
Access with student/employee card: 07 am-midnight. Biblioteket jobbar aktivt med å skape eit inspirerande læringsmiljø og utvikle gode tilbod innan informasjonskompetanse, akademisk skriving og forskarstøtte. Biblioteket gir deg tilgang til mellom anna trykte og elektroniske bøker og tidsskrift, og har 7 grupperom, 2 lesesalar (den eine for masterstudentar), gruppearbeidsplassar og skrivarar/kopimaskiner.

HVO-biblioteket er stengt grunna vedlikehald fram til byrjinga av oktober. Men i dag opna vi pop up-skranken vår! Han er...
25/08/2026

HVO-biblioteket er stengt grunna vedlikehald fram til byrjinga av oktober.

Men i dag opna vi pop up-skranken vår! Han er plassert rett utanfor bibliotekinngangen på Berte Kanutte, og vil vere open tysdag, onsdag og torsdag mellom 12 og 14. Dei fleste bøkene våre er pakka vekk, men vi har nokre du eventuelt kan låne. Her kan du også få hjelp med enkle gjeremål og ting du lurer på. Du vil også finne nye aviser her.

Hjarteleg velkommen til studentar og tilsette!

Kjære alle nye og gamle studentar! Velkommen tilbake til eit nytt semester! Dessverre vil studieåret starte med at bibli...
17/08/2026

Kjære alle nye og gamle studentar!
Velkommen tilbake til eit nytt semester! Dessverre vil studieåret starte med at biblioteket er stengt fram til byrjinga av okober grunna arbeid med golv og himlingar. Frå veke 35 vil vi ha pop up-skranke ved biblioteket i første etasje i Berte Kanutte-huset, og der vil vi vere kvar tysdag, onsdag og torsdag klokka 1200–1400. Ta gjerne kontakt med oss der. Dersom du ikkje er i Volda og vil ha kontakt med oss, kan du sende e-post til [email protected]. Her kan du lese meir om stengeperioden: https://www.hivolda.no/biblioteket/bibliotektenester-stengt-periode

The physical location of the library has to unfortunately be closed until the start of October due to construction work.

Library Services During Temporary Closure in English:
https://www.hivolda.no/en/biblioteket/bibliotektenester-stengt-periode

I dag opnar Festspela, og mange hadde møtt fram i biblioteket vårt for å høyre festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn lese e...
11/06/2026

I dag opnar Festspela, og mange hadde møtt fram i biblioteket vårt for å høyre festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn lese eigne tekstar.
Dei som ønskte det kunne etter lesinga vere med på samlesingsstund med nokre av Tjønn sine tekstar i regi av studentvelferdstiltaket "Tekst og tanke" ved G**o Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret, Elin Gundersen, biblioteket ved Høgskulen i Volda og studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen.

Festspelprogrammet finn du her: https://www.nynorsk.no/aasentunet/festspela:

No har vi fått ny ein ny aktør som skal ta seg av fjernlånet og innlånet vårt ved biblioteket igjen. Men det vil nok ta ...
29/04/2026

No har vi fått ny ein ny aktør som skal ta seg av fjernlånet og innlånet vårt ved biblioteket igjen. Men det vil nok ta litt tid før alt er som normalt igjen. Vi er i alle fall glade for at ein ny aktør kan ta seg av dei viktige fjernlånstenestene våre. Men vi ber om ørlite tolmod ei lita stund til!

29/04/2026
Takk til forfattarane, som i dag lanserte antologien "Gudstrua, samfunnet og politikken: Religiøs kultur på Nordvestland...
21/04/2026

Takk til forfattarane, som i dag lanserte antologien "Gudstrua, samfunnet og politikken: Religiøs kultur på Nordvestlandet gjennom «det lange 1800-talet»" i biblioteket.

Boka inneheld i alt ni kapittel. som mellom anna handlar om kvinner i Hauge-rørsla, politiske prestar, folkehøgskular, bedehus, emissærar, nordvestlandske «profetinner», skulehaldarar og tidlege ynglingeforeiningar.

Antologien er resultat av eit samarbeid mellom museumssektoren (Romsdalsmuseet) og Høgskulen i Volda (Historisk institutt og Institutt for religion og livssyn), og er publisert som open forsking på Cappelen Damm Forskning: https://cdforskning.no/cdf/catalog/book/277

Ei riktig god påske frå alle oss på biblioteket! 🌞
26/03/2026

Ei riktig god påske frå alle oss på biblioteket! 🌞

Opningstidene våre i påskeveka.
24/03/2026

Opningstidene våre i påskeveka.

Takk til dansar og koreograf Solveig Styve Holte, som på lunsjarrangement i dag presenterte doktorgradsarbeidet "Koreogr...
18/03/2026

Takk til dansar og koreograf Solveig Styve Holte, som på lunsjarrangement i dag presenterte doktorgradsarbeidet "Koreografi av eit arkiv av relasjonar: Singulariteter og det felles delte i dans", som ho disputerte med på Kunsthøgskolen i Oslo 24. februar." Ho hadde også ein samtale med Helga Synnevåg Løvoll om arbeidet sitt.

Adresse

Joplassvegen 11
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 09:00 - 19:00
Tirsdag 09:00 - 19:00
Onsdag 09:00 - 19:00
Torsdag 10:00 - 19:00
Fredag 09:00 - 17:00

Telefon

+4770075060

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Høgskulen i Volda - Biblioteket legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Høgskulen i Volda - Biblioteket:

Snarveier

Del