Volda KrF

Volda KrF Tid til det viktigaste💛
For framtidige generasjonar💛

– "Debatten som Venstre og Vågegruppa har løfta fram, viser eit politisk landskap som framstår meir nølande enn handling...
13/05/2026

– "Debatten som Venstre og Vågegruppa har løfta fram, viser eit politisk landskap som framstår meir nølande enn handlingsretta, skriv Anders Egil Straume i dette lesarinnlegget:

Det er urovekkjande. For Volda har ikkje råd til å vere ein kommune som står på bremsa når det gjeld næringsutvikling.

Industrien er ikkje eit tilleggsgode vi kan velje bort når det blir vanskeleg. Han er ein føresetnad for arbeidsplassar, verdiskaping og levande lokalsamfunn. Likevel sit ein igjen med eit inntrykk av at det for ofte blir leite etter grunnar til å seie nei – i staden for å finne løysingar som gjer det mogleg å seie ja.gar og arbeidsplassar hamnar andre stader?

For det er nettopp det som er alternativet. Når rammevilkåra blir utydelege, prosessane lange og signala frå politikarane sprikande, vel bedriftene enklare løysingar i andre kommunar. Konsekvensane kjem ikkje med ein gong – men dei kjem.

Det Volda treng no, er ikkje fleire rundar med stillstand forkledd som grundige prosessar. Det vi treng, er vilje til å prioritere næring og til å leggje til rette for industri sentralt i kommunen, der ein faktisk har tilgang på kompetanse, infrastruktur og arbeidskraft.

Å leggje til rette for industri handlar ikkje om å setje til side omsyn til miljø eller lokalsamfunn. Det handlar om å ta aktive val og finne balanserte løysingar – i staden for å skyve problema framfor seg.Volda har lange tradisjonar for verdiskaping og eit næringsliv som ønskjer å utvikle seg vidare. Då må kommunen vere ein medspelar, ikkje ein bremsekloss. Det krev tydelege prioriteringar og ein politikk som seier klart at næringsutvikling er ønskt.

Om ikkje risikerer vi at Volda sakte, men sikkert, regulerer seg bort frå nettopp dei arbeidsplassane vi er heilt avhengige av i framtida."

Adresse

Volda
6100

Telefon

+4797031056

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda KrF legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Volda KrF:

Snarveier

Del