03/06/2026
Vi inviterer til innbyggardialog! 📣
Dette er den fjerde innbyggardialogen vi arrangerer, og denne gongen gjer vi noko litt annleis. Vi set fokus på det vi får til i Vestnes og ønskjer å løfte fram moglegheiter, engasjement og framtidstru.
Du vil møte fleire foredragshaldarar enn vanleg, med bidrag frå frivilligheita og andre gode krefter. Målet er å synleggjere breidda av det som skjer i Vestnes og inspirere til vidare utvikling.
Det overordna temaet denne gongen er «Sjå til Vestnes». Temaet handlar om kvifor ein bør rette blikket mot Vestnes: kva vi får til, kva moglegheiter som finst her, og korleis vi kan utvikle lokalsamfunnet vidare saman.
Innbyggardialogen er open for alle, og vi håpar både innbyggarar, næringsliv og frivillige vil delta. 🙌
Meir informasjon om innbyggardialogen finn du i lenka under! 👇
Torsdag 11. juni kl. 17:00–19:00 inviterer vi til ny innbyggardialog på Vestnes bibliotek