Vassenden bibliotek i Sunnfjord

Vassenden bibliotek i Sunnfjord Vassenden bibliotek Denne sida representerer Vassenden bibliotek, som er eit av seks bibliotek i Sunnfjord kommune.

I dag er det siste opningsdag før påske. Vi har funne fram freistande krimbøker for store og små, og dei som har lyst ka...
26/03/2026

I dag er det siste opningsdag før påske. Vi har funne fram freistande krimbøker for store og små, og dei som har lyst kan fargelegge eit påskemotiv. Velkommen innom - vi har ope til kl. 19📚

Så var endeleg årets leseaksjon «Leseknappen» for elevar i 2. klasse i gang. I dag var elevane og lærarane på besøk på b...
19/03/2026

Så var endeleg årets leseaksjon «Leseknappen» for elevar i 2. klasse i gang.
I dag var elevane og lærarane på besøk på biblioteket, og fekk presentert bøker i ulike sjangrar. Ivrige elever reiste heim med lesekort, og fleire ville starte å lese allereie i kveld. Kanskje kan vi dele ut dei første leseknappane før påske😊

Leseknappen er ein nasjonal lesekampanje, og målet er at dei skal lese 10 bøker sjølve innan dei er ferdig med andre klasse.
Premien er eit flott emaljert jakkemerke i fargar, utforma av Elisabeth Moseng, som også har illustrert fleire barnebøker.

Hurra 🥳🥳 Vi har fått på plass berenettsbibliotek, i samarbeid med Langhaugane barnehage. Totalt er 17 berenett utplasser...
11/02/2026

Hurra 🥳🥳 Vi har fått på plass berenettsbibliotek, i samarbeid med Langhaugane barnehage. Totalt er 17 berenett utplassert i barnehagen, og kvart nett inneheld fire bøker📚
Dette er eit lågterskeltilbod for barnefamiliar der dei kan låne med seg eit berenett med høgtlesingsbøker heim frå barnehagen, og levere på same stad.
Vi håpar det vil vere eit godt bidrag til mange kjekke lesestunder for barn og vaksne

Kontaktannonse:Lesesirkel søkjer fleire medlemmer!Har du lyst til å lese fleire bøker, og har du tid til nokre sosiale m...
05/02/2026

Kontaktannonse:
Lesesirkel søkjer fleire medlemmer!
Har du lyst til å lese fleire bøker, og har du tid til nokre sosiale møtepunkt i livet ditt? Biblioteket starta ein lesesirkel i haust. Pr. no er det 6 medlemmer, og dei ønskjer seg fleire.
Lesesirkelen møtast ein gong i månaden på Vassenden bibliotek, og diskuterer boka dei har lese (alle les same bok). Det er ingen krav til fagkunnskap eller krevjande bøker – berre leseglede og sosiale møtepunkt.

Om du har lyst til å bli med kan du sende ei melding til biblioteket, evt e-post: [email protected]

Bøkene dei ha lese så langt:
* Flammer og regn – en roman om Martin Linge av Øystein Wiik
* De usynlige av Roy Jacobsen
* Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold
* Morgenstjernen av Karl Ove Kanusgård (den les dei no)

Pangstart og fullt hus på årets første strikkekafè! Som vanleg var det høgtlesing frå ulike sjangrar, i håp om at ein ka...
15/01/2026

Pangstart og fullt hus på årets første strikkekafè!
Som vanleg var det høgtlesing frå ulike sjangrar, i håp om at ein kan treffe alle med noko som kan inspirere til å lese meir📚☺️

God start på bibliotekåret 2026! Mange lånarar med klare lesemål for det nye året, som vil la seg inspirere av vinterens...
08/01/2026

God start på bibliotekåret 2026! Mange lånarar med klare lesemål for det nye året, som vil la seg inspirere av vinterens lesebingo. Så avslutte med møte både i filosofiklubben og lesesirkelen.
Dette teiknar til å bli eit godt år for tanken og litteraturen 😃

Du finn lesebingoskjema i biblioteka, og kan laste ned frå biblioteka si nettside: https://sunnfjordbibliotek.no/2026/01/vinterlesbingo-2026/

Vi vil ønskje alle våre lånarar eit godt nytt år! ✨Takka vere dykk vart 2025 nok eit godt bibliotekår, med vekst i besøk...
02/01/2026

Vi vil ønskje alle våre lånarar eit godt nytt år! ✨
Takka vere dykk vart 2025 nok eit godt bibliotekår, med vekst i besøk, utlån og nye lånarar.
Vi håpar de har sett dykk lesemål for 2026, og at de vil ta turen innom biblioteka både titt og ofte. 📚📖
Vassenden har første opningsdag torsdag 8. januar, og første arrangement vert strikkekafè m/lesestund, 15. januar, kl. 19 – 21.
Vi gler oss til å sjå dykk!

Minner om at lesestund for barn dessverre er avlyst i dag. Men det vert strikkekafè, årets siste, kl. 19 - 21. Velkommen...
11/12/2025

Minner om at lesestund for barn dessverre er avlyst i dag.
Men det vert strikkekafè, årets siste, kl. 19 - 21. Velkommen!

Adresse

Vassenden Skule
Vassenden I Jølster
6847

Åpningstider

14:00 - 19:00

Telefon

+4757726564

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vassenden bibliotek i Sunnfjord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vassenden bibliotek i Sunnfjord:

Del