Hå kommune

Hå kommune Kontakt oss gjerne - servicetorget svarer innanfor opningstidene. Personangrep og hets vil me ikkje ha nokon stad, heller ikkje her på sida.

Her vil me koma med smått og stort frå heile kommunen, og du kan spørja om ting og få svar – som regel innanfor vanleg kontortid. Har du saker du vil ha handsama, ber me om at du sender dei til [email protected] og ikkje her.

🏛️ Torsdag 3. september kl. 17.00 er det kommunestyremøte på rådhuset.På agendaen finn me mellom anna status for arbeide...
02/09/2026

🏛️ Torsdag 3. september kl. 17.00 er det kommunestyremøte på rådhuset.

På agendaen finn me mellom anna status for arbeidet mot vald og overgrep i nære relasjonar, orientering om ny rapport om Jærbanen, og fleire aktuelle interpellasjonar og spørsmål om skule, næringsutvikling, Ogna sentrum og framtidig legevakt.

📺 Du kan følja heile møtet direkte på KommuneTV. Lenka finn du i kommentarfeltet.

I samband med dødsfallet til Hans Majestet Kong Harald V, vil det ligga framme ein kondolanseprotokoll i Hå rådhus frå k...
28/08/2026

I samband med dødsfallet til Hans Majestet Kong Harald V, vil det ligga framme ein kondolanseprotokoll i Hå rådhus frå klokka 12 i dag, fredag 28. august. Me inviterer innbyggarane til å skriva namnet sitt i den. Hovudinngangen på rådhuset vil vera open heilt til klokka 20 i kveld, fredag❤️

Alle tre kyrkjene i Hå har óg kondolanseprotokoll ,og er opne frå klokka 12-19 i dag (Ogna kyrkje frå kl 13). Kyrkjene vil dessutan vera opne i helga. Rådhuset held stengt i helga, men har ope kl 8-16 måndag til fredag neste veke.

Open kyrkje på Nærbø, Varhaug og Ogna:
❤️Fredag: Kl 12-19 (Ogna 13-19)
❤️Laurdag og sundag: Kl 12-18
❤️Neste veke vil kyrkjene halda ope kl 16-19.

Takk, kong Harald❤️- Det er med stor sorg me har motteke meldinga om kong Harald V's bortgang. Gjennom mange tiår har ha...
28/08/2026

Takk, kong Harald❤️

- Det er med stor sorg me har motteke meldinga om kong Harald V's bortgang. Gjennom mange tiår har han vore ein samlande og trygg monark for landet vårt. Våre varmaste tankar går til den kongelege familien og alle som sørger i dag. Samstundes kjenner me stor takksemd for alt Kongen har betydd for Norge og for folket vårt, seier ordførar Andreas Bjorland.

Fred over minnet hans❤️

🐦 Jæren har sin eigen fuglefestival!11.–13. september er det klart for Jæren Fuglefestival 2026 – tre dagar der det yran...
27/08/2026

🐦 Jæren har sin eigen fuglefestival!

11.–13. september er det klart for Jæren Fuglefestival 2026 – tre dagar der det yrande fuglelivet langs Jærkysten står i sentrum 💚

På programmet finn du alt frå fuglekikking og ringmerking til fotosafari, familieaktivitetar og fuglekaraoke 🎤🐦

Enten du kan namnet på kvar einaste fugl du ser, eller berre tenker «å, ein fin fugl!» – her er det noko for deg òg!

👇 Program og billettar finn du i kommentarfeltet.

Bilete av: Gunleif Ræg

21/08/2026

Vil du opna heimen for eit barn som treng deg?🏡
Barn har det best når dei får bu nær folk og stader dei kjenner. I Hå jobbar me ekstra hardt for å finna fosterheimar og besøksheimar i nærmiljøet – helst i familien eller nettverket til barnet.

I lag om ongane okkas❤️
Du kan gjera ein stor forskjell❤️

Meir info i lenke i kommentarfelt⬇

Anita og Guri startar opp med nytt kurs i belastningsmeistring🌱Opplever du belastningar knytta til helse, arbeid eller p...
20/08/2026

Anita og Guri startar opp med nytt kurs i belastningsmeistring🌱

Opplever du belastningar knytta til helse, arbeid eller privatliv som påverkar deg slik at det går utover evna til å fungera i kvardagen? Kurs i belastningsmeistring kan hjelpa deg med å handtera utfordringar på ein betre måte.

🟢Oppstart torsdag 10. september kl. 9.00-11.00.

🟢Kurset går over 9 samlingar hausten 2026.

Du vil læra metodar og teknikkar som kan nyttast for å styrka meistringsevna og handtera belastningar betre. Kurset kan òg vera til god hjelp for å førebygga psykiske plager.

Påmelding på telefon 415 32 793 / 992 14 922 eller e-post: [email protected].

Påmeldingsfrist måndag 7. september.

HAR DU LYST TIL Å TESTE EI PILEGRIMSVANDRING,  eller oppleve ein flott tur? 🌿🚶‍♀️🌊⛪ Du treng ikkje vere erfaren pilegrim...
19/08/2026

HAR DU LYST TIL Å TESTE EI PILEGRIMSVANDRING,
eller oppleve ein flott tur? 🌿🚶‍♀️🌊⛪ Du treng ikkje vere erfaren pilegrim for å bli med!

👉Onsdag 23. september inviterer Hå kommune i samarbeid med Jæren Pilegrimskomite og Regionalt Pilegrimssenter Avaldsnes til ein lett og innhaldsrik tur der du får oppleve noko av det beste Kystpilegrimsleia har å by på: vakker natur, lokal historie, kultur, turfellesskap og gode opplevingar undervegs.

👉 Meld deg på i dag. Billett: kr 200.
Påmeldingsfrist: 1. september. Lenke til påmelding: https://www.pilegrimsleden.no/artikler/kystpilegrimskonferansen-2026

Program
Kl 10.45 Avreise med buss frå Nærbø stasjon 🚌.
Kl 11.00 Oppstart ved Madland hamn🌊.

• Lars Erling Friestad frå Hå kommune fortel om Kystpilegrimsleia og Kongevegen.

• Jæren Pilegrimskomite leiar ein minipilegrimstur frå Madland hamn til Varhaug gamle kyrkjegard.

• Musikk ved harpegitarist Rune Grinde Pedersen ved Varhaug kapell.

Kl 14.00 Enkelt måltid og mulighet for å oppleve utstillingane og besøka Kunstbutikken på Hå gamle prestegard.

Kl 15.00 Høgtideleg avduking av milestein ved varaordfører Svein Arve Nygård.

Kl 15.30 Vandring frå Hå gamle prestegard til Njærheim gamle kyrkjegard, kor du få vita meir om den gamle Nærheimskrossen.

Kl 17.00 Busstransport tilbake til togstasjonane på Nærbø og Bryne.

Ta på deg gode sko og bli med på tur i roleg tempo langs kysten.
Dette er ei fin moglegheit til å prøve ei pilegrimsvandring for første gong, eller bli endå betre kjend med historia og naturen langs Kystpilegrimsleia lokalt i Hå kommune. Vel møtt!

ER DU INTERESSERT I Å LAGE PILEGRIMSARRANGEMENT OG TUR?
Meld deg på årets Kystpilegrimskonferanse
ttps://www.pilegrimsleden.no/artikler/kystpilegrimskonferansen-2026

HAR DU FORSLAG TIL PRISEN “ÅRETS NØKKELSTAD 2026”?
Langs Kystpilegrimsleia finst det 25 nøkkelstader som fungerer som viktige mål- og stoppestader for pilegrimar og besøkjande. Dei medverkar med vertskap, aktivitetar, formidling og tilrettelegging, og gjer kulturarven tilgjengeleg for nye generasjonar. Prisen «Årets nøkkelstad» skal løfte fram ein nøkkelstad som skaper synlegheit, aktivitet og engasjement lokalt og langs heile leia. Her kan du lesa meir og foreslå kandidater til prisen:
https://www.pilegrimsleden.no/artikler/hvem-fortjener-prisen-arets-nokkelsted-2026

🚸 Snart er det skulestartFor mange barn er første skuledag spennande. Dei gler seg, men nokre er òg litt nervøse. Då kan...
07/08/2026

🚸 Snart er det skulestart

For mange barn er første skuledag spennande. Dei gler seg, men nokre er òg litt nervøse. Då kan det bety mykje å vera godt førebudde på vegen til og frå skulen.🌸

Ta gjerne ein tur saman med barnet før skulestart. Gå eller sykle skulevegen, og snakk om det de møter undervegs. Nokre ekstra øverundar kan gi både tryggleik og meistring.❤

🌳 Hugs òg å klippa hekken. God sikt langs vegar, fortau og gang- og sykkelvegar kan vera avgjerande når dei minste trafikantane er på veg til skulen.

Saman kan me skapa ein trygg og god skulestart for alle barna våre. 💛

👇 Lenke til råd frå Trygg Trafikk finn du i kommentarfeltet.

🐬 Kjenner du ein badeløve? Eller fekk du ikkje bada nok i sommar? 🏊‍♀️☀️Då har me gode nyheiter!Offentleg bading på Stam...
06/08/2026

🐬 Kjenner du ein badeløve? Eller fekk du ikkje bada nok i sommar? 🏊‍♀️☀️

Då har me gode nyheiter!

Offentleg bading på Stampen startar opp igjen frå tirsdag 25. august, og billettane ligg allereie ute på TicketCo. 🎟️

Me har gjort nokre endringar på opningstider for familiebadinga:

Fredag
🕟 16.30–18.00
🕕 18.00–19.30

Sundag
🕐 13.00–14.30
🕝 14.30–16.00
🕓 16.00–17.30

Ta med familien, finn fram badetøyet og gjer dykk klare for nye timar i bassenget! 💦

🎟️ Billetter finn du i kommentarfeltet👇

Adresse

Rådhusgata 8
Varhaug
4360

Åpningstider

Mandag 07:45 - 15:15
Tirsdag 07:45 - 15:15
Onsdag 07:45 - 15:15
Torsdag 07:45 - 15:15
Fredag 07:45 - 15:15

Telefon

+4751793000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hå kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hå kommune:

Snarveier

Del