Valle bibliotek - Sæbyggjen

Valle bibliotek - Sæbyggjen I biblioteket kan du låne bøker, lydbøker og filmar, lese aviser og tidsskrift, teikne, gjere lekser med meir.

Biblioteket skal vere ein god plass å vere for alle, og vi ønskjer små og store hjarteleg velkomne. Besøksadresse: Valle sentrum, Nordibøvegen 141, 4747 Valle
Tlf. 945 03 280 / sentralbord 37 93 75 00.

Om ei uke, torsdag 28. mai, inviterer me alle førskuleborna i kommunen på bokstavfest! 🎈Har du eit førskuleborn som ikkj...
21/05/2026

Om ei uke, torsdag 28. mai, inviterer me alle førskuleborna i kommunen på bokstavfest! 🎈
Har du eit førskuleborn som ikkje går i bornehagen? Send oss ei melding her!

BookBites vert til Biblio! Biblioteket har fått ny app for e-bøker og ljodbøker. 📱Alle lån, reservasjonar, m.m. vert med...
21/05/2026

BookBites vert til Biblio!

Biblioteket har fått ny app for e-bøker og ljodbøker. 📱
Alle lån, reservasjonar, m.m. vert med til den nye appen.

Har du allereie ein Bookbites-brukar kan du logga inn med denne i Biblio. ☺️
Treng du hjelp? Ikkje nøl med å spørja!

Last ned Biblio i App Store eller Google Play.

‼️ Avvikande opningstider denne veka og neste🎭 Grunna Kilden-framsyning i morgon, onsdag 20. mai, vil biblioteket vera b...
19/05/2026

‼️ Avvikande opningstider denne veka og neste

🎭 Grunna Kilden-framsyning i morgon, onsdag 20. mai, vil biblioteket vera bemanna kl. 11–18.
✨ Måndag neste veke er biblioteket stengt på grunn av andre pinsedag.
🚗 Tysdag og onsdag neste veke er biblioteksjefen på Agder Kulturkonferanse i Mandal, og derfor vil biblioteket ha noko forkorta opningstid.
🎉 Torsdag 28. mai skal det vera bokstavfest for førskulebarna, og biblioteket vil derfor vera delvis ubemanna fram til kl. 14, både ved klargjering og gjennomføring av bokstavfesten.

17. maihelgen. 🌼I samband med Kristi himmelfartsdag og 17. mai tek biblioteket langhelg òg. Biblioteket er derfor stengt...
13/05/2026

17. maihelgen. 🌼

I samband med Kristi himmelfartsdag og 17. mai tek biblioteket langhelg òg.
Biblioteket er derfor stengt 14. og 15. mai.

Me ønskjer alle ei fantastisk langhelg og ein festleg 17. mai! ❤️🤍💙

Meirope kvar dag kl. 7-23.

08/05/2026

Me treng stadig fleire norsktalande til språkkafé! 💛

Språkkafé er ikkje berre for dei som lærer norsk – det er òg ein utruleg fin måte å verta kjend med nye menneske, kulturar og historier på. Me møtest til gode samtalar over ein kopp te, litt kaffimat og mykje latter. Her er det låg terskel, god stemning og plass til alle. ☺️

Vanlegvis møtest me torsdagar kl. 18, men på grunn av Kristi himmelfartsdag vert neste språkkafé onsdag 13. mai kl. 18.

28. mai får me dessutan besøk av språkkafeen frå Bykle/Hovden, og viss vêret tillèt det, tek me turen til Honnevje. 11. juni reiser me til Bykle for sommaravslutning. Der kan me grilla, spela spel og kosa med hestar. 🐎✨

Me håpar fleire norsktalande vil vera med på dei siste møta før sommaren kjem for fullt. I Valle bur det menneske frå mange ulike land, og fleire av dei kjem på språkkafé for å verta tryggare i norsk. Samtalane kan handla om alt frå kvardagsliv og norske ord til skilnaden mellom bokmål og nynorsk, vallemål, bergensk og austlandsk – og korleis éin ting plutseleg kan ha fem ulike namn alt etter kven du spør. 🤭

Sjølv om me gjerne ønskjer oss fleire norsktalande, er alle hjarteleg velkomne – anten du vil øve på norsk, verta kjend med nye folk eller berre ha ein hyggeleg kveld saman med andre. 💛

Opningstider i mai. 💛
30/04/2026

Opningstider i mai. 💛

Adresse

Nordibøvegen 141 Valle Sentrum
Valle
4747

Åpningstider

Mandag 11:00 - 16:00
Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 13:00 - 20:00
Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 15:00

Telefon

+4794503280

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Valle bibliotek - Sæbyggjen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Valle bibliotek - Sæbyggjen:

Del