Valldal Aktivitetspark

Valldal Aktivitetspark Den koselege og kjekke familieparken med god plass for klatring og aktivitet finn du i Valldal – the adventure valley! Løypene har ulik høgde og vanskegrad.

Her kan vi freiste med meir enn 1500 meter med klatreløyper, lange zip-lines, hoppepute og hoppeslott. Klatreparken ligg idyllisk til på eit område langs elva i Valldal, 7,5 km frå sentrum. Vi har montert opp ulike hinder mellom tre og stolpar i til saman 8 klatreløyper på totalt 1500 meter. Vi har to løyper for dei aller minste barna der foreldre kan gå ved sidan av, fire familieløyper der to er enkle og dei to andre litt vanskelegare. I tillegg har vi to meir krevjande løyper for dei som likar det høgt og luftig.

29/06/2026

🌳 Valldal Aktivitetspark er mykje meir enn berre klatring!
Her finn du mange kjekke aktivitetar for små barn også – perfekt for ein familiedag med leik, utforsking og grilling ☀️

👉 Ta turen innom!

For ei helg det vart i Valldal Aktivitetspark!Sist helg hadde vi heile 600 klatrande innom parken i løpet av laurdag og ...
20/06/2026

For ei helg det vart i Valldal Aktivitetspark!

Sist helg hadde vi heile 600 klatrande innom parken i løpet av laurdag og søndag. Det var deltakarane på korpsfestivalen i Valldal, arrangert av Valldal skulekorps, som tok turen til parken — og det vart ei svært vellukka helg med mange glade musikantar i løypene.

No går vi inn i sommarsesongen for fullt ☀️
Frå og med i dag, 20. juni, har vi ope kvar dag gjennom heile sommaren.

Vel møtt!

Endå ei helg med gode opplevingar i Valldal Aktivitetspark!Sist helg hadde vi besøk av både ei foreining, eit idrettslag...
04/06/2026

Endå ei helg med gode opplevingar i Valldal Aktivitetspark!

Sist helg hadde vi besøk av både ei foreining, eit idrettslag og mange andre familiar som tok turen innom. Med fint vêr, mykje aktivitet og god stemning vart det ei skikkeleg flott helg i parken.

No ser vi fram til ei ny helg med fine forhold ☀️
Vi har ope 6.–7. juni, og håpar endå fleire tek turen innom for ein aktiv dag i Valldal.

Ei våt og grå opningshelg til tross — men god stemning for dei som tok turen innom!Vi hadde blant anna fleire utdrikning...
27/05/2026

Ei våt og grå opningshelg til tross — men god stemning for dei som tok turen innom!

Vi hadde blant anna fleire utdrikningslag på besøk i helga, med både klatring, 5-kamp og grilling på programmet.

No satsar vi på litt betre vêr neste helg ☀️
Vi har ope lø 30. og sø 31. mai kl. 11–16 — velkomen til ein aktiv dag i Valldal Aktivitetspark!

🇳🇴 Gratulerer med dagen!Vi gler oss til sesongopning i Valldal Aktivitetspark 🌳📅 Opningshelg i pinsehelga 23.–25. mai🌳 O...
17/05/2026

🇳🇴 Gratulerer med dagen!

Vi gler oss til sesongopning i Valldal Aktivitetspark 🌳

📅 Opningshelg i pinsehelga 23.–25. mai
🌳 Ope kvar helg utover

Vi sjåast snart!

👉 Link i kommentrarfelt

🌳 No er det ikkje lenge igjen...Snart kan vi ønskje velkomen til ein ny sesong i Valldal Aktivitetspark.📅 Pinsehelga 23....
14/05/2026

🌳 No er det ikkje lenge igjen...

Snart kan vi ønskje velkomen til ein ny sesong i Valldal Aktivitetspark.

📅 Pinsehelga 23.–25. mai er opningshelg, og etter det har vi ope kvar helg utover.

Vi ser fram til nye dagar med aktivitet og gode opplevingar 💚

👉 Link i kommentarfelt

Ein firmatur med aktivitet, samarbeid og gode opplevingarI Valldal Aktivitetspark får de ein aktiv dag ute i naturen, de...
04/05/2026

Ein firmatur med aktivitet, samarbeid og gode opplevingar

I Valldal Aktivitetspark får de ein aktiv dag ute i naturen, der kollegaer kan utfordre seg sjølve, samarbeide og ha det skikkeleg kjekt saman.

Med varierte aktivitetar, grilling og moglegheit for overnatting ligg alt til rette for ein firmatur eller blåtur med gode opplevingar i Valldal.

👉 Sjå kva de kan oppleve på firmatur her:
https://www.valldalaktivitetspark.no/post/firmatur-med-aktivitetar

📅 Ta kontakt for å planlegge ein dag som passar for dykkar gjeng

Aktivitetar og tips for ein vellukka klassetur til Valldal 😃
23/04/2026

Aktivitetar og tips for ein vellukka klassetur til Valldal 😃

Planlegg klassetur til Valldal 🌳 Klatrepark, lagaktivitetar og grilling – eit enkelt og aktivt opplegg for skuleklassar. Sjå prisar og tips.

🌱🌳 Våren er her i Valldal – og vi er i gang med førebuingane!No jobbar vi med å klargjere klatreløypene og gjere parken ...
17/04/2026

🌱🌳 Våren er her i Valldal – og vi er i gang med førebuingane!

No jobbar vi med å klargjere klatreløypene og gjere parken klar til ein ny sesong.

Det er alltid like kjekt å vere i gang igjen etter vinteren – og vi ser fram til å ønskje dykk velkomen tilbake snart.

📅 Opning 23. mai

Adresse

Døvingssida 420
Valldal
6210

Åpningstider

Lørdag 11:00 - 16:00
Søndag 11:00 - 16:00

Telefon

48090599

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Valldal Aktivitetspark legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Valldal Aktivitetspark:

Snarveier

Del