Vågå bibliotek

Vågå bibliotek Vi ligg i bygget merka "Gammelbanken" i Vågåmo. Vi har nasjonale- og lokalaviser, tidsskrift og sjølvsagt litteratur! Velkomne!

Her kan du nytte pc, drikke ein kopp kaffe, lese, studere og møte folk. Vi har også eit gaminrom, og Vågå utstyrslager. På nettsida vår https://www.vaga.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/bibliotek/
finn du info om biblioteket, og du kan søke i boksamlinga vår. Du kan også bestille bøker, og fornye låna dine. Vil du bestille ei bok vi ikkje har, kan du søkje om å fjernlåne ho frå eit anna bibliotek. Det gjer du på https://bibsok.no/ Boka blir levert til Vågå bibliotek, og du får melding på telefonen når ho kjem. Dei nyaste bøkene beheld ofte biblioteka for sine eigne lesarar. Du treng lånenummeret ditt, og ei 4 sifra kode for å bestille. Har du ikkje desse, ta kontakt med biblioteket. Pass på at biblioteket har rett telefonnummer på deg.

Vi på Vågå bibliotek vil ynskje alle saman ei riktig god pinse! 😊Biblioteket held stengt fram til tysdag 26. mai. Minnar...
21/05/2026

Vi på Vågå bibliotek vil ynskje alle saman ei riktig god pinse! 😊

Biblioteket held stengt fram til tysdag 26. mai.

Minnar om at du framleis kan få tilgang til e-bøker, lydbøker og filmar gjennom dei digitale tenestene våre. Sjå nettsida for meir informasjon og fullstendig oversikt.

Oversikt over dei digitale tenestene våre

Fyrsteklasses besøk av 1. klassingane ved Vågåmo skule🥳I dag har vi hatt det moro på biblioteket! Heile 38 førsteklassin...
19/05/2026

Fyrsteklasses besøk av 1. klassingane ved Vågåmo skule🥳

I dag har vi hatt det moro på biblioteket! Heile 38 førsteklassingar har besøkt oss. Vi har lese bok i lag, alle fekk utdelt sitt eige lånekort og alle fekk låne med seg ei bok heim. Vi prata også om lesekampanja Sommarles, og det var tid til leik på biblioteket.

Tusen takk for triveleg og entusiastisk besøk 📒📖

Vågå kommune
Vågåmo skule

24/04/2026
Biblioteket er ope som vanleg fram til onsdag, så det er framleis moglegheiter til å låne seg ei god bok eller turutstyr...
27/03/2026

Biblioteket er ope som vanleg fram til onsdag, så det er framleis moglegheiter til å låne seg ei god bok eller turutstyr 📕⛷️🐣

Vi på Vågå bibliotek ynskjer alle saman ei riktig god påske 😊

❗️SKI søker STAVAR⛷️Har du skistavar du ikkje brukar og som andre kan få glede av😊? Vågå bibliotek låner ut utstyr året ...
10/02/2026

❗️SKI søker STAVAR⛷️

Har du skistavar du ikkje brukar og som andre kan få glede av😊?

Vågå bibliotek låner ut utstyr året rundt, og no for tida er det svært mange som vil låne ski. Dessverre har vi langt færre skistavar enn ski, så om nokon vil donere stavar til oss, set vi stor pris på det! Vi har behov for både langrenn- og fjellskistavar, og størst er behovet for stavar frå minimum 130 cm og oppover.

Stikk innom eller ta kontakt på tlf. 902 29 550 om du har.

Som del av årets Vinterles-kampanje hadde vi eit interessant og tankevekkande forfattatarmøte med Torgrim Eggen i Ullins...
06/02/2026

Som del av årets Vinterles-kampanje hadde vi eit interessant og tankevekkande forfattatarmøte med Torgrim Eggen i Ullinsvin denne veka.

Vi fekk høyre om romanen Blodet, som er basert på Eggens eigne onklar frå Ringebu som verva seg til Waffen-SS. Begge overlevde krigen, men måtte leve vidare med konsekvensane av vala dei hadde teke – både juridisk og personleg.

Eggen fortalde om skriveprosessen og om hendingar og historier som har bidrege til boka. Han synte kor komplekse menneskelege skjebnar kan vere, og korleis val tekne i vanskelege tider kan prege familiar og lokalsamfunn i generasjonar.

Det vart eit nært møte og mange gode spørsmål frå eit engasjert publikum.

Tusen takk til alle oppmøtte, takk til Sel bibliotek og Ullinsvin for godt samarbeid, og takk til Sparebank1 Lom og Skjåk for økonomisk støtte.

Ikkje minst takk til alle i samarbeidsutvalet for Ullinsvin som hjalp til med rigging og rydding, og stilte med kaffi og kringle.

Adresse

Moavegen 7
Vågå
2680

Åpningstider

Mandag 11:00 - 16:00
Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 13:00 - 18:00
Torsdag 13:00 - 18:00
Lørdag 11:00 - 14:00

Telefon

+4790229550

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vågå bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vågå bibliotek:

Snarveier

Del