11/11/2025
Frå tid til anna oppleve vi at der er uvedkomande som utgir seg for å vere frå brannvesenet for å kome inn å kontrollere brannsikkerheit. Dette har nå skjedd i Volda kommune. Vi oppmode difor alle til å være oppmerksame på denne type forsøk på svindel.
– Når vi er ute på tilsyn så sender vi alltid ut sms før tilsynet og avtaler tidspunkt.
– Vi er uniformert. Bilane våre er også uniformert.
– Vi kjem aldri på kvelden, vi jobbar innanfor normal arbeidstid.
Vi rådar alle som får slike uanmeldte besøk om å ikkje sleppe dei inn i huset og å melde frå til politiet på tlf 02800 (direktenummer til politisentralen for ting som ikkje er akutt) dersom du får slike personar på dør.
Mogleg forsøk på svindel frå personar som utgir seg for å kome frå kommunen
Volda kommune har fått høyre at fleire innbyggarar i Volda sentrum har fått besøk av personar som utgjer seg for å være myndigheitspersonar som skal kontrollere brannsikkerheita.
– Det er ikkje personell frå Volda brann og redning som har vært på besøk på disse adressene, seier Knut Øystein Ekroll,
branningeniør i Volda kommune.
– Vi utfører no tilsyn med fyringsanlegg, disse tilsyna er alltid varsla via SMS eller brev. Våre tilsette er uniformerte og køyrer uniformerte bilar, vi går ikkje rundt på kveldstid.
– Vi rådar alle som får slike uanmeldte besøk om å ikkje sleppe dei inn i huset og å melde frå til politiet seier branningeniør Knut Øystein Ekroll i Volda brann og redning.
– Brannvernet driv ikkje med salsverksemd, og vil aldri selje produkt eller tenester på denne måten.
– Førjulstida er høgsesong for brannar, og dette kan bli utnytta av svindlarar, seier Ekroll.
– Sjølv om sjekk av røykvarslarar og julepynten er viktig no før jul så er det viktig å være årvakne.