Samnanger kommune

Samnanger kommune Samnanger er ein liten kraftkommune i vekst, som ligg midt i hjarta av gamle Hordaland.

09/09/2026

Haga kyrkje onsdag 9. september frå kl 11.45

Samnanger kommune kondolerer etter Hans majestet Kong Haralds bortgang.Det er minnestad for blomar, helsingar og lys i p...
28/08/2026

Samnanger kommune kondolerer etter Hans majestet Kong Haralds bortgang.

Det er minnestad for blomar, helsingar og lys i parken på Bjørkheim.

Kondolanseprotokollar ligg på kommunehuset på Tysse og biblioteket på Bjørkheim i opningstida.

Vi sender våre djupaste kondolansar til kongefamilien.

Minner om høve for å gje innspel til ro- og padleruter på Samnangerfjorden i dag kl. 18.00 i biblioteket  🏞🛶Ro- og padle...
25/08/2026

Minner om høve for å gje innspel til ro- og padleruter på Samnangerfjorden i dag kl. 18.00 i biblioteket 🏞🛶

Ro- og padleruter i Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, kommunar, friluftsråd, Norges padleforbund og lokale padleklubbar.

Vestland fylkeskommune vil med prosjektet gjere det enklare å finne informasjon om:
- kvar det er fint å ro og padle
- kva ferdigheiter du treng for å padle ei rute
- kva tilrettelegging og fasilitetar du finn langs ruta

Til dette treng vi å høyre om dine erfaringar. Nestleiar i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), John Frithjof Fosse informerer om prosjektet.

Lenke til meir informasjon ligg i kommentarfeltet.

21/08/2026

Vil du vera med i Samnanger ungdomsråd?
Frist for å melde interesse er 24.08.2026.

Samnanger kommune søker etter medlemmer til ungdomsrådet i aldersgruppa 16-18 år.

Ungdomsrådet skal fremja interessene til barn og unge og vera eit høyrings- og rådgjevande organ for kommunen i saker som gjeld barn og unge. Rådet kan også ta opp eigne saker som er viktige for ungdom i Samnanger.

Vi søker no:

3 medlemmar
1 varamedlem
For å kunna veljast må du vera mellom 16 og 18 år, og du kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.

Som medlem i ungdomsrådet får du høve til å:

- seia meininga di i saker som gjeld barn og unge i kommunen
- påverka utviklinga i Samnanger
- få erfaring med medverknad og lokaldemokrati
- Ungdomsrådet har møte om lag 3 gonger i halvåret. Møta er på - ettermiddagstid kl. 18.00 og varer vanlegvis i 1,5 time. - Medlemmane vel sjølve leiar og nestleiar. Det vert gitt møtegodtgjersle.

Kommunestyret vel representantane frå aldersgruppa 16–18 år.

På heimesida til kommunen under Innsyn, politikk og høyringar finn du vedtekter for Samnanger ungdomsråd.

Frist for å melde interesse: 24.08.2026

Meld di interesse til

Samnanger kommune
56587400
kontaktskjema: https://multiform.kf.no/cng/IKTNH/Kontaktskjema_SA?id=2cpq8gds17qm
Adresse: Tyssevegen 217, 5650 Tysse

Skriv namn, fødselsdato, telefonnummer og litt om kvifor du vil vera med i ungdomsrådet.

Har du erfaring med ro- og padleruter på Samnangerfjorden?Då ønskjer vi gjerne dine innspel tysdag 25. august kl. 18.00 ...
19/08/2026

Har du erfaring med ro- og padleruter på Samnangerfjorden?
Då ønskjer vi gjerne dine innspel tysdag 25. august kl. 18.00 i biblioteket 🏞🛶

Ro- og padleruter i Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, kommunar, friluftsråd, Norges padleforbund og lokale padleklubbar.

Vestland fylkeskommune vil med prosjektet gjere det enklare å finne informasjon om:
- kvar det er fint å ro og padle
- kva ferdigheiter du treng for å padle ei rute
- kva tilrettelegging og fasilitetar du finn langs ruta

Til dette treng vi å høyre om dine erfaringar. Nestleiar i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), John Frithjof Fosse informerer om prosjektet.

Lenke til meir informasjon ligg i kommentarfeltet.

Kven fortener Frivilligprisen Vestland 2026? Nominer nokon som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medme...
19/08/2026

Kven fortener Frivilligprisen Vestland 2026?

Nominer nokon som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og vestlandssamfunnet.

Nominer nokon som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og vestlandssamfunnet.

18/08/2026

Landbrukskontoret i Bjørnafjorden og Os Bondelag har gleda av å invitera til temakveld om gås, forvaltning og jakt, tirsdag 25. august kl. 20.00 - 21.30 på Os bibliotek.

Har du erfaring med ro- og padleruter på Samnangerfjorden?Då ønskjer vi gjerne dine innspel tysdag 25. august kl. 18.00 ...
18/08/2026

Har du erfaring med ro- og padleruter på Samnangerfjorden?

Då ønskjer vi gjerne dine innspel tysdag 25. august kl. 18.00 i biblioteket 🏞🛶

24/07/2026

Kommuneombodet får litt endra opningstid i sommar. Tilbodet skulle etter planen vere tilgjengeleg torsdag 30. juli, men dette vert utsett med 14 dagar. Kommuneombodet vil difor vere tilgjengeleg torsdag 13. august.

18/06/2026

Samnanger kommune har tilbudt norskundervisning til flyktningar frå Ukraina i eigen regi i 2 år no, og prosjektet vert avslutta i desse dagar. 👩‍🏫👩‍🏫

Det har vore eit vellukka prosjekt på mange måtar, både fagleg og økonomisk. Men det at undervisninga har vore i eigen kommune, har også gjort kvardagen for flyktningane enklare og samtidig skapt grobotn for gode opplevingar og møteplassar.

Her kjem ein liten oppsummeringsfilm over tida prosjektet har vart.
Filmen er laga av Dmytro Stoianov.

Adresse

Tyssevegen 217
Tysse
5650

Åpningstider

Mandag 10:00 - 14:00
Tirsdag 10:00 - 14:00
Onsdag 10:00 - 14:00
Torsdag 10:00 - 14:00
Fredag 10:00 - 14:00

Telefon

+4756587400

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Samnanger kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Samnanger kommune:

Snarveier

Del