16/07/2026
Velkomen til Våge Gjestehamn på Tysnes! ⚓
Er du på cruise langs vestlandskysten i sommar? Då er Våge ein sjølvskriven stopp. Hamna ligg lunt og trygt med solide brygger, og når du har fortøyd båten har du alt du treng innan kort gangavstand.
Rundt hamna finn du:
Daglegvarebutikkar for proviantering, apotek, Vinmonopol, frisør, klesbutikkar, og ikkje minst gode kafear og restaurantar der du kan nyta eit godt måltid etter ein dag på sjøen. Mandelhuset og Galleri Elisabeth G finn du midt i hjartet av hamna, på Mandelhuset kan du betala hamneleiga og få hjelp til ting du lurer på. På galleriet kan du kjøpa vakker kunst og nyta livet.
Vil du oppleva meir av Tysnes?
Øya har eit rikt friluftsliv med fine fjellturar i variert terreng, frå roleg kystløype til meir krevjande toppturar med utsikt over heile Sunnhordland. For dei som vil ha noko ekstra, ligg det historiske Haaheim Gaard klar med god mat og atmosfære i særklasse, og Myrdal Gard, gårdsbutikk og osteprodusent. er òg absolutt vel verdt eit besøk. Treng du plass til campingbil? Bruk campingen til Garden på Dalland.
Vil du utforska fleire hamner?
OnarHamn er ein triveleg gjestehamn på austsida av øya, og for dei som søkjer ro og natur er uthamna Solstråløya ei lita perle, ein klassisk vestlandsk svaberg-idyll der du kan ankra opp og kjenna på stillheita.
Tysnes har det dei fleste båtfolk drøymer om: trygge hamner, vakker natur, god mat og hjartelege folk. Me gler oss til å sjå deg i Våge! 🌊⛵