24/08/2013
Godtfolk!
Det er valkamp for tida, og Nei til EU sitt bidrag er ei spesialutgåve av avisa Standpunkt. Avisa blir laga spesielt for kvart fylke, og informerer om kva dei ulike kandidatane meiner om EU og EØS. Me i studentlaget tykkjer dette er kjempebra og skal vere med på utdelinga her i Tromsø. Om nokon av dykk er interesserte i å ta i eit tak i lag med oss, blir me glade for det! Det kan de gjere på ulike måter:
1. Tysdagsdugnad: Studentlaget deler ut aviser på universitetet no på TYSDAG, 27/8 kl 12, ved storkantina. Om det ikkje pøsregnar tek me ein runde på Mortensnes samme ettermiddag og legg aviser i postkassane. Dei som stiller opp spanderer me burger på i bazinga mellom slaga!
2. Stand i Storgata: Kvar laurdag fram til valet står me saman med Nei til EU i storgata og deler ut aviser, og det er mogeleg å slenge seg med her. Gulrot: etter valet blir det fest på Nei til EU-kontoret for dei frivillige. LAURDAG 24. og 31.august, og LAURDAG 7.september fra ca. kl. 12-14.
3. Har du lyst til å bidra utover/i staden for punkta over, er det fullt mogeleg å få med ein bunke aviser og ta ein runde i sitt nabolag. Ta kontakt!
Forutan valkamp har studentlaget tenkt å arrangere eit lunjsmøte på universitetet i løpet av semesteret, og tek gjerne i mot ynskje om tema. Dette kjem me attende til utover hausten.
Me håpar mange stiller opp!
beste helsing styret.
Kontaktinfo.
Hedvig tlf. 482 62 877
Ragni tlf. 454 53 823