Vanylven folkebibliotek

Vanylven folkebibliotek Syvde: Mån. og Ons. 10 - 15, Tys. og Tors. 13 - 18, Åram: Ons. 17 - 20, Rovde: Tys. 18 - 20

100 bøker før du er 6 år: Les bøker heime, og vinn fine leseknappar frå biblioteket.«100 bøker før du er 6 år» er ein le...
09/07/2026

100 bøker før du er 6 år: Les bøker heime, og vinn fine leseknappar frå biblioteket.
«100 bøker før du er 6 år» er ein lesekampanje for barn og foreldre. Han består av eit hefte med forslag til 100 bøker. Boktipsa er fordelte etter alder: 0–3 år og 4–6 år. For kvar 25. boka barnet har lese (høgtlesing tel sjølvsagt òg), kan de kome til biblioteket og få ein fin leseknapp.

Når de er ferdige med ei bok, kan barnet fargeleggje stjerner for å vise kor godt det likte boka.

I heftet finn de tips til bøker i alle sjangrar, storleikar og vanskegrader. Nokre er morosame, nokre triste og nokre lærerike.

Opningstid i sommarBiblioteket vil ha ope som vanleg fram til veke 28 (torsdag 9. juli er siste vanlege opningsdag).Førs...
15/06/2026

Opningstid i sommar
Biblioteket vil ha ope som vanleg fram til veke 28 (torsdag 9. juli er siste vanlege opningsdag).
Første opningsdag etter ferien er måndag 17. august 2026.
Biblioteket vil ha ope alle fredagar i juli (opningstid kl. 11.30–17).

Sommarles som startar 1.juni!
26/05/2026

Sommarles som startar 1.juni!

Fjernlånet er tilbakeFrå torsdag 30. april har vi boktransport mellom biblioteka igjen.Det vart ein brå stans i fjernlån...
30/04/2026

Fjernlånet er tilbake
Frå torsdag 30. april har vi boktransport mellom biblioteka igjen.

Det vart ein brå stans i fjernlånet for eit par veker sidan, då firmaet som har frakta bøker mellom norske bibliotek gjekk konkurs.

No er eit nytt firma på plass og tek over oppgåva med boktransport fra torsdag 29. april.

Vi er utruleg glade for at fjernlånet er ope igjen!

Midlertidig stengt for fjernlånPå grunn av at Norsk bibliotektransport har bedt om at det opnast konkurs på selskapet, m...
15/04/2026

Midlertidig stengt for fjernlån

På grunn av at Norsk bibliotektransport har bedt om at det opnast konkurs på selskapet, må vi diverre mellombels stenge for fjernlån.

Les meir om saka på Bok og Bibliotek si nettside. https://www.bokogbibliotek.no/

Norsk bibliotektransport (NBT) er den leverandøren som har frakta lån mellom biblioteka i store delar av landet. Så lenge vi ikkje har nokon leverandør som fraktar materiell mellom oss og andre bibliotek, har vi svært begrensa mogelegheit til å bestille og motta lån frå andre bibliotek.

Lånarar kan pr. dags dato ikkje lenger sjølv logge på bibsok.no og bestille fjernlån fram til situasjonen er avklart.

Dersom du ventar på ei bok som har blitt bestilt frå eit anna bibliotek, må ein diverre rekne med ein del ventetid. Vi veit framleis ikkje kor lang tid det vil ta før situasjonen er meir avklart, og beklager ulempene dette medfører for våre lånarar. Det er diverre lite vi kan gjere for å påverke prosessen.

Bøker som blir levert inn og skal attende til andre bibliotek vil heller ikkje kunne bli returnert pr. dags dato. Alle bibliotek som er råka av dette vil stoppe purremeldingar og erstatningskrav fram til ein veit korleis situasjonen vil bli løyst.

Vi oppdaterer saka fortløpande.

– Lik tilgang er det viktige – Det som er viktigst for Tønsberg og Færder bibliotek er at våre data blir publisert som maskinlesbare rådata gratis tilgjengelig for alle, skriver Birgitte Schumann-Olsen.

20/03/2026

Biblioteket held stengt i påskeferien
f.o.m. måndag 30. mars
t.o.m. måndag 6. april

Vi held stengt i vinterferien veke 8 (16. - 20. feb.)
10/02/2026

Vi held stengt i vinterferien veke 8 (16. - 20. feb.)

Velkommen tilInternasjonal songkveld10. januar klokka 16.00EidsåtunArrangementet er gratis, men vi oppmodar til å ta med...
22/12/2025

Velkommen til
Internasjonal songkveld
10. januar klokka 16.00
Eidsåtun

Arrangementet er gratis, men vi oppmodar til å ta med eit fat med
mat dersom muleg. Gjerne frå heimlandet ditt.
Det vert både korinnslag og solistar. Elevar frå kulturskulen vil også delta
Arr: Åramkoret

Betre seint enn aldri...
07/11/2025

Betre seint enn aldri...

Adresse

Kvia 2
Syvdsbotn
6140

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 13:00 - 18:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 13:00 - 18:00

Telefon

+4794037901

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vanylven folkebibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vanylven folkebibliotek:

Snarveier

Del