07/04/2026
Gjer ein forskjell og bli frivillig instruktør du også! Målet er at fleire skal halde seg aktive og vere sosiale! Vi har no eit par nye interesserte og skal halde instruktørkurs i slutten av april/ starten av mai. Datoar finn vi ut av saman. Bli med du også! Kurset er gratis og lærer deg alt du treng for å kunne lede ei Sterk og stødig treningsgruppe, du treng ingen anna erfaring enn å like å vere i aktivitet 😊
Målet er å ha mange instruktørar på kvar gruppe for å samarbeide om ansvaret. Du vel sjølv kor mykje du vil bidra og i kva bygd/ gruppe. Det nye no er at vi trur vi skal få til grupper i Syvde og på Åram også.
Nysjerrig? Ta kontakt med Silje eller Ingunn for ein uforpliktande prat 😊
Silje: 91995346/ [email protected]
Ingunn: 91993261/ [email protected]