Sykkylven kommune

Sykkylven kommune Hugs at du alltid finn informasjonen du treng på sykkylven.kommune.no.

No når skulane er i gang igjen, er det viktig at vi alle bidreg til å halde skulevegen trygg. Klipp hekk og busker som h...
19/08/2026

No når skulane er i gang igjen, er det viktig at vi alle bidreg til å halde skulevegen trygg.
Klipp hekk og busker som hindrar sikta, senk farten og ver ekstra oppmerksom ved gangfelt og kryss.

Sjå gjerne skulevegen frå barnet sitt perspektiv. God sikt kan gjere ein stor forskjell.

I artikkelen kan du lese meir om korleis du kan bidra til ein tryggare skuleveg 👇🏻

Når skulane startar opp igjen, er mange barn ute på skulevegen. Dei yngste barna er små av vekst, har mindre erfaring i trafikken og kan ha vanskar med å vurdere fart og avstand. Vi som vaksne kan gjere mykje for å skape ein tryggare skuleveg.

17/08/2026

📚 Torsdag 20. august kl. 17.00 - 18.00 inviterer Sykkylven vaksenopplæring til registrering og påmelding til norskkurs for hausten 2026.

Det blir kurs på både lågare og høgare nivå, og kursa går måndagar og torsdagar kl. 17.00 - 19.30.

Ta kontakt med vaksenopplæringa dersom du har spørsmål 😊

Meld gjerne i frå dersom du har ein ledig bustad 😊
25/06/2026

Meld gjerne i frå dersom du har ein ledig bustad 😊

Vi ber deg om å melde frå til oss dersom du har bustad som kan leigast. Vi er primært ute etter bustadar som er utrusta til å kunne brukast som fast og langsiktig bustad.

Barne- og familietenestene gjennomfører ei brukerundersøking for å få vite meir om korleis barn, unge og familiar opplev...
24/06/2026

Barne- og familietenestene gjennomfører ei brukerundersøking for å få vite meir om korleis barn, unge og familiar opplever tenestene våre.

Har du eller barnet ditt vore i kontakt med ei av tenestene våre? Då håper vi du vil svare på undersøkinga 😊

Tilbakemeldingane blir brukt til å utvikle og forbedre tenestene for barn, unge og familiar i Sykkylven.

Undersøkinga er anonym, og det tek om lag 5-10 minutt å svare.
Svarfrist: 6. juli.

👉🏻Lenke til undersøkinga: https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx?id=wvjRaZZGKkCopuPiosOj5JT3iPQSJqNFnZeS3p-7rphURjM4QkpHOE5FWVkxQ1Y1UVRITFo4Sk1IUy4u&route=shorturl

Har du eller barnet ditt vore i kontakt med barne- og familietenestene i Sykkylven kommune? Då ønsker vi å høyre om erfaringane dine.

08/06/2026

📢 Eigedomsskatt
På grunn av feil i systemet hos leverandøren vår, er utsendinga av faktura for eigedomsskatt forsinka.

Forfallsdatoen blir også utsett.
Informasjon om ny forfallsdato kjem på fakturaen.

Skal du ha sommarjobb i Sykkylven i 2026? Då kan du søke om å bli med på ILAG; eit sosialt internship-program for unge a...
20/05/2026

Skal du ha sommarjobb i Sykkylven i 2026?
Då kan du søke om å bli med på ILAG; eit sosialt internship-program for unge arbeistakarar mellom 18 og 30 år 💫

Etter ein svært vellukka pilot i 2025 er vi klare for ein ny runde med ILAG. Her får du sjansen til å bli kjend med nye folk, oppleve det beste Sykkylven har å by på, og skape gode sommarminne ved sidan av jobben din.

I artikkelen finn lenke til påmelding og elles all informasjon du treng.

Følg gjerne .sykkylven på Instagram

Skal du ha sommarjobb i Sykkylven i 2026? Då kan du søke om å bli med på ILAG, som er eit sosialt internship-program for unge arbeidstakarar mellom 18 og 30 år.

Drøymer du om å bygge eigen bustad i Sykkylven? 🏠Sykkylven kommune har fleire ledige bustadtomter. I Artikkelen finn du ...
13/05/2026

Drøymer du om å bygge eigen bustad i Sykkylven? 🏠

Sykkylven kommune har fleire ledige bustadtomter. I Artikkelen finn du informasjon oversikt over kommunale tomter, priser, søknadsskjema og anna nyttig informasjon.

Oversikt over ledige kommunale bustadtomter.

Asfaltering Kyrkjevegen og mellom rundkøyringane ved kyrkjaI veke 19 vert det asfalteringsarbeid på Kyrkjevegen i område...
30/04/2026

Asfaltering Kyrkjevegen og mellom rundkøyringane ved kyrkja

I veke 19 vert det asfalteringsarbeid på Kyrkjevegen i området frå krysset ved Cirkle K til Klokkehaugen. Det vil også bli lagt ny asfalt på vegen i mellom rundkøyringane ved kyrkja.

Kyrkjevegen vert stengt for gjennomkøyring frå og med søndag 3. mai kl. 18 fram til den kan opnast igjen. Vi ber om forståing for dette og at ein nyttar omkøyringsvegar når arbeidet pågår. Det blir lagt til rette for tilkomst til bustadane langs vegen så langt det praktisk let seg gjere.

Arbeidet mellom rundkøyringane starter sannsynlegvis opp tysdag morgon.

Det vil denne veka også pågå gravearbeid i Storgata og vegen vil i ein periode vere stengt ved Helsehuset. Omkøyring vert via Auregata.

Illustrasjon: KI-generert.

Adresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62
Sykkylven
6230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sykkylven kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sykkylven kommune:

Snarveier

Del