Gode Bremanger

Gode Bremanger Gode Bremanger er eit initiativ frå Bremanger kommune for å tiltrekkje nye innbyggjarar og styrkje l

Davik – ei perle på sørsida av NordfjordenBremanger består av mange grendelag, og lengst nord i kommunen finn du Davik. ...
07/09/2026

Davik – ei perle på sørsida av Nordfjorden

Bremanger består av mange grendelag, og lengst nord i kommunen finn du Davik. Den vitale bygda har i dei seinaste åra bygd seg opp til å bli ei attraktiv turistbygd, der den ligg på sørsida av Nordfjorden.

Bygda har omsorgsbustader og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Næringslivet er prega av små og mellomstore bedrifter, med eit sterkt tyngdepunkt innan havbruk, fiskeri, handverk og lokal tjenesteyting. Mange dagpendlar til kommunesenteret Svelgen eller handels- og tenestesenteret Nordfjordeid, som ligg kun 45 minutt unna.

Kan vi friste med gode Bremanger? 😎Vi har brukt nokre av dei få fine dagane i sommar til å fotografere frå bygdene rundt...
03/09/2026

Kan vi friste med gode Bremanger? 😎

Vi har brukt nokre av dei få fine dagane i sommar til å fotografere frå bygdene rundt om i Bremanger. Vi syner eit lite utval av bileta her. Vi håpar at du lar deg inspirere til å bli betre kjent med denne vakre kommunen – enten du allereie bur her frå før eller ser på Bremanger for aller første gong.

Om du skulle bli inspirert; – Vi hjelper deg igang med neste steg. Sats på oss, så satsar vi på deg! 💙

Sjå godebremanger.no og sjekk kva vi kan hjelpe deg med.

30/08/2026
30/08/2026

Når byen har blitt litt for mykje ▶ ▶▶

Du reiser ut for å utforske verda, skaffe erfaring og samle inntrykk. Mykje skal opplevast og mykje skal lærast. Og, etterkvart er du klar for neste steg. Ein ny jobb. Ein ny stad. Roe ned eller starte din egen familie. Samle flokken. Det er ei tid for alt. 🌱

Gode Bremanger sin rekrutteringspakke er for deg. For deg som vil prøve noko nytt, ut av byen – vekk frå køen og vekk frå stresset.

Bremanger kan ikkje by på dei same tilboda som du får i byen, men vi har derimot andre kvalitetar som kan vege opp for kva som gjer livet godt; Naturen. Menneska. Tid, energi og overskot. Kva som er eit godt liv for deg er det du som bestemmer. 💙

Om du skal flytte heim eller flytte hit for første gong; – Bremanger Hjelper deg igang med neste steg.
godebremanger.no

24/08/2026

På lag med naturen – og deg.

Bremanger er velsigna med mykje fin natur. Her finn du gode turmoglegheiter frå inst til ytst. Frå bre til hav. Naturen er for alle‚ og sjølvsagt deg.

Hausten står for tur, og då kan du oppleve Bremanger på sitt beste. Så, hiv deg rundt og utforsk Bremanger og det vi har å by på. Kjem du?

Bli betre kjent med oss på godebremanger.no

21/08/2026

Gode resultat med rekrutteringspakken

Nettsida til Gode Bremanger har vore flittig brukt av folk frå store delar av landet. Prosjektleiar for tilflyttarkontoret, Dag H. Nestegard, seier poenget med nettsida er å få folk til å lese om kommunen sin rekrutteringspakke – og ikkje minst, bli betre kjent med det gode liv i Bremanger.

Med den mest offensive rekrutteringspakken i regionen investerer vi stort i folka våre, velferda vår og lokalsamfunna våre. Vi er stolte av å skape ein kommune der det ikkje berre er godt å bu, men reelt attraktivt å etablere seg. Bli med på laget!

Rekrutteringspakken:
• 200 000 i bustadtilskot.
• Gratis barnehage.
• Sletting av studiegjeld.
• Ekstra gode tilskot i kommunal jobb.
• Fritidskort for alle unge mellom 6 og 18 år

Kanskje er Bremanger noko for deg òg?

Fem nye lærarar til Svelgen skule 💙Driftssjef ved Svelgen oppvekst, Ingrid Leite Loftheim er godt nøgd med tilskota. - V...
17/08/2026

Fem nye lærarar til Svelgen skule 💙

Driftssjef ved Svelgen oppvekst, Ingrid Leite Loftheim er godt nøgd med tilskota. - Vi har lukkast veldig med rekrutteringa, så det er særs gledeleg. Dette er ein skikkeleg kjekk gjeng!

Les meir på nettsida godebremanger.no

16/08/2026

Starten på noko nytt ▶

Eit nytt skuleår eller ein ny jobb? Det er like greit å berre kome igang! Gode Bremanger ønskjer alle vel tilbake og håpar på ein god start, uansett kor du er. 💙
Videoen er frå vakre Davik ein fin dag i sommar. 😎

godebremanger.no

Tilbake til jobb, skule og kvardag – og vegen heim igjenSommarferien er over, og kvardagen kallar. Nokon reiser berre ov...
13/08/2026

Tilbake til jobb, skule og kvardag
– og vegen heim igjen

Sommarferien er over, og kvardagen kallar. Nokon reiser berre over fjorden, medan andre pakkar kofferten for å reise langt avgarde – til studiar og jobb rundt om i landet, eller i utlandet.

Det er både bra og viktig at dei unge reiser ut, opplever verda og byggjer kompetanse og erfaring. Men når tida er moden, og heimlengta etter kysten, fjella og dei trygge rammene melder seg: Husk at døra heime alltid står open.

I Bremanger står vi klare til å ta deg imot med opne armar – uansett om du vil vende heim igjen eller oppdage kommunen vår for aller første gong. Gjennom prosjektet Gode Bremanger gjer vi det enklare enn nokonsinne å etablere seg. Med ein raus rekrutteringspakke gir vi deg ein solid økonomisk startkapital, slik at draumen om eigen bustad og ein meiningsfull kvardag kan bli verkelegheit.

Kva ventar du på? Ta steget, og skap framtida di i Gode Bremanger.
godebremanger.no

09/08/2026

Når heim betyr Bremanger 🥰

Medan nokre reiser ut for første gang, er andre kanskje på veg heim att etter lærerike år ute i verda. Om du er tidlegare Bremangar eller flyttar hit for første gang, er du alltid hjarteleg velkomen. Vi skal gjere alt vi kan for at du skal kjenne deg heime her hos oss. 💙

Treng du gode argument for kvifor du skal flytte til Bremanger, kan du berre sjekke nettsida godebremanger.no. Kanskje er Bremanger rett for akkurat deg? 🥰

Adresse

Granden 4
Svelgen

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gode Bremanger legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del