Bremanger kommune

Bremanger kommune Velkommen til Bremanger kommune si offisielle side på Facebook! Denne sida vil vi bruke til å formidle litt av det som skjer i Bremanger kommune.

Vi driv ikkje sakshandsaming her, så om du har spørsmål knytt til konkret sak, må du kontakte kommunen direkte. Vi ønsker gjerne informasjon, argument og synspunkt på dei artiklane vi legg ut. Vi vil ikkje ha trakassering, trugsmål eller hatske meldingar på Facebook-sida vår. Dersom slike meldingar like vel kjem, vil vi slette dei. Hald ein sakleg og respektfull tone. Dersom du ønsker ei oversikt over alle attraksjonar og hendingar anbefalar vi å ta ein kikk innom www.facebook.com/BremangerTuristinformasjon

Har du lurt på kva den kjempehøge krana gjer borte på Elkemområdet? 🤔Her får du svaret👇
03/09/2026

Har du lurt på kva den kjempehøge krana gjer borte på Elkemområdet? 🤔

Her får du svaret👇

Du har kanskje lagt merke til den kjempehøge krana med Elkem. Den skal brukast til å skifte ut delar av rørgata som går frå Omn 5.

Bur du i Stad, Stryn, Gloppen eller Bremanger? Då ønskjer vi å høyre kva du meiner om reiselivet i Nordfjord.🧳Undersøkin...
02/09/2026

Bur du i Stad, Stryn, Gloppen eller Bremanger? Då ønskjer vi å høyre kva du meiner om reiselivet i Nordfjord.🧳

Undersøkinga er anonym og tek om lag fem minutt å svare på. Undersøkinga er open frå 24. august til 7. september 2026.

Lenke til spørreundersøking: https://forms.cloud.microsoft/e/8b38p02Y1u?origin=lprLink

🌹Det vil vere mogleg å legge ned blomar og andre minneuttrykk utanfor hovuddøra til Rådhuset i Svelgen fram til gravferd...
01/09/2026

🌹Det vil vere mogleg å legge ned blomar og andre minneuttrykk utanfor hovuddøra til Rådhuset i Svelgen fram til gravferda den 9. september. 💐

Materiale som ikkje er organisk, som skriftelege helsingar, teikningar og fotografi vil bli samla inn og sendt inn til Statsforvaltaren for vidare ivaretaking og arkivering.

ℹ️Opningstida for signering av kondolanseprotokoll på Klokkartunet er utvida til tidsrommet mellom kl. 08.00-16.00.

I høve Kong Harald V sin bortgang vil det frå måndag 31. august vere sett ut kondolanseprotokollar ulike stader i kommunen.🤍🌹

Nedanfor kan du sjå ei oversikt over stader og tidspunkt:

🤍Davik: Klokkartunet mellom kl. 08.00-16.00.

🤍Hauge: Haugetun mellom kl. 08.00-20.00.

🤍Kalvåg: Bremanger sjukeheim mellom kl. 10.00-20.00.

🤍Svelgen: Rådhuset mellom kl. 08.30-18.00. (Kun i vekedagane)

Innanfor desse tidsromma er alle hjarteleg velkomne til å kome og uttrykke si sorg og medkjensle i kondolanseprotokollane. ❤️🌹

Det er også mogleg å nytte den digitale kondolanseprotokollen på Det Norske Kongehus sine eigne nettsider.

https://www.kongehuset.no/nyheter/kondolanseprotokoll-kong-harald

🪡Elisabeth Solbakken og Hildegard Nygård startar opp Heimen Kreative Verkstad, ein sosial møteplass for kreative sjeler ...
31/08/2026

🪡Elisabeth Solbakken og Hildegard Nygård startar opp Heimen Kreative Verkstad, ein sosial møteplass for kreative sjeler som er glade i å sy.

– Motivasjonen er å treffe likesinna, samt at vi har eit ønske om ein ny type sosial møteplass i bygda.

📌Skipingsmøte blir måndag 7. september kl. 18.00.

Elisabeth Solbakken og Hildegard Nygård startar opp Heimen Kreative Verkstad, ein sosial møteplass for kreative sjeler som er glade i å sy.

I høve Kong Harald V sin bortgang vil det frå måndag 31. august vere sett ut kondolanseprotokollar ulike stader i kommun...
28/08/2026

I høve Kong Harald V sin bortgang vil det frå måndag 31. august vere sett ut kondolanseprotokollar ulike stader i kommunen.🤍🌹

Nedanfor kan du sjå ei oversikt over stader og tidspunkt:

🤍Davik: Klokkartunet mellom kl. 08.00-16.00.

🤍Hauge: Haugetun mellom kl. 08.00-20.00.

🤍Kalvåg: Bremanger sjukeheim mellom kl. 10.00-20.00.

🤍Svelgen: Rådhuset mellom kl. 08.30-18.00. (Kun i vekedagane)

Innanfor desse tidsromma er alle hjarteleg velkomne til å kome og uttrykke si sorg og medkjensle i kondolanseprotokollane. ❤️🌹

Det er også mogleg å nytte den digitale kondolanseprotokollen på Det Norske Kongehus sine eigne nettsider.

https://www.kongehuset.no/nyheter/kondolanseprotokoll-kong-harald

Minnehelsing frå ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde:Det er med stor sorg vi har motteke meldinga om at vår...
28/08/2026

Minnehelsing frå ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde:

Det er med stor sorg vi har motteke meldinga om at vår alles gode, omtenksame og lune Kong Harald er gått bort.

I 35 år har han vore ein trygg og samlande konge for landet vårt. Han har møtt menneske med varme, nærleik og eit glimt i auga, og han har hatt ei heilt eiga evne til å vere konge – og samstundes ein av oss.

Kong Harald har vore ein sterk ambassadør for Noreg, og ein stor støttespelar for norsk kultur, idrett, friluftsliv og frivilligheit. Men kanskje aller mest vil vi hugse han for mennesket Harald – den folkelege, varme og inkluderande kongen som såg menneska han møtte.

Som ordførar i Bremanger vil eg på vegner av kommunen sende våre djupaste medkjensle til Kong Haakon, Dronning Sonja, og resten av kongefamilien i den tunge sorga.

Vi deler sorga med kongefamilien og med eit heilt land.

Takk for alt, Kong Harald.

Kvil i fred.

Foto: Det Norske Kongehus

Jegermøte torsdag 27. august kl. 19.00Oppmøte: Kolset skuleTema for møtet:🦌Hjort🦌Viltressurslov🦌Strategi for forvaltning...
26/08/2026

Jegermøte torsdag 27. august kl. 19.00
Oppmøte: Kolset skule

Tema for møtet:
🦌Hjort
🦌Viltressurslov
🦌Strategi for forvaltning av hjortevilt 2026-2030

🗣Førelesing om bukk i hjortebestanden av Jon Anders Stavang, dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter.

Det vert sal av hjortekjøt.

🧳Kva meiner du om reiselivet i Nordfjord?👉Bur du i Stad, Stryn, Gloppen eller Bremanger? Då ønskjer vi å høyre kva du me...
24/08/2026

🧳Kva meiner du om reiselivet i Nordfjord?

👉Bur du i Stad, Stryn, Gloppen eller Bremanger? Då ønskjer vi å høyre kva du meiner om reiselivet i Nordfjord.

Skann QR-koden eller følg lenka nederst i artikkelen for å svare på undersøkinga. Det tek ca. fem minutt å svare.👍

Undersøkinga er open frå 24. august til 7. september 2026.

Bur du i Stad, Stryn, Gloppen eller Bremanger? Då ønskjer vi å høyre kva du meiner om reiselivet i Nordfjord.

Arbeidet med å sikre fylkesvegen forbi Straumane kraftverk er snart ferdig.👏👏👏
24/08/2026

Arbeidet med å sikre fylkesvegen forbi Straumane kraftverk er snart ferdig.👏👏👏

Arbeidet med å sikre fylkesvegen forbi Straumane kraftverk er snart ferdig.

Bokbad med Anders C. Krogh på Bremanger Fjordhotell i kveld kl. 18.00📚Krogh reiste til Amazonas for å kome i kontakt med...
19/08/2026

Bokbad med Anders C. Krogh på Bremanger Fjordhotell i kveld kl. 18.00📚

Krogh reiste til Amazonas for å kome i kontakt med ein måte å leve på som er så godt som gløymd for oss i vesten. Boka hans, "Med Jaguarens Kraft" skildrar eit eventyrleg år blant eitt av verdas siste naturfolk, matsesane.

Velkomen skal du vere!

Adresse

Granden 4
Svelgen
6723

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:30
Tirsdag 09:00 - 15:30
Onsdag 09:00 - 15:30
Torsdag 09:00 - 15:30
Fredag 09:00 - 15:30

Telefon

+4757796300

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bremanger kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bremanger kommune:

Snarveier

Del