Ungdomsteamet i Surnadal kommune
Ungdomsteamet er eit gratis lågterskeltilbod for ungdom i Surnadal i alderen 13–20 år. Ungdomsteamet har fokus på førebygging av psykiske helseplager, rus og kriminalitet. Her finn du helsesjukepleiarar og ungdomskontakt som du kan snakke med. Vi som jobbar i ungdomsteamet har teieplikt. Ungdomsteamet er lett tilgjengeleg for deg dersom du treng hjelp og støtte. Du
kan ta kontakt med oss om kva som helst, til dømes:
• Vanskelege kjensler og tankar
• Konfliktar med vener eller familie
• Problem på skulen
• Spørsmål om kropp og seksualitet
• Mobbing
• Rus
• Sjølvskading
• Vald og overgrep
• Helsesjukepleiarane kan ordne med prevensjon og testing for kjønnssjukdomar
Vi er her for deg, og du kan snakke med oss om alt mogleg! Kven kan ta kontakt med oss? Tilbodet er for ungdom som bur i Surnadal eller som går på skule her. Foreldre eller andre vaksne kan også ta kontakt for å få råd om generelle tema. Vi kan snakke med både ungdom og foreldre saman, dersom ungdommen ønskjer det. Kor kan eg få hjelp? Vi som jobbar i ungdomsteamet er ute på skulane i kommunen i løpet av skuleveka. Du treng ingen tilvising – det er berre å stikke innom.
• Måndag: Ungdomskontakt Kristin er på ungdomsskulen kl. 10–14
• Tysdag: Ungdomskontakt Kristin er på vidaregåande kl. 10–13
Helsestasjon for ungdom kl. 12.45–14.30 i kjellaren på ungdomsskulen for elevar både på ungdomsskulen og vidaregåande. Helsesjukepleiar og turnuslege er til stades.
• Torsdag: Helsesjukepleiar Heidi er på ungdomsskulen kl. 10–14
Helsesjukepleiar Ingunn er på vidaregåande kl. 10–14
Korleis kome i kontakt med oss:
• Drop-in-tid når vi er på skulane
• Telefon, SMS og Teams
• Direktemelding på sosiale medium (Snapchat, Messenger eller Instagram)
• Via skule eller andre samarbeidspartnarar
Kontaktinformasjon:
Helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske: 481 83 652
Helsesjukepleiar Ingunn Foss Brekke: 468 78 259
Ungdomskontakt Kristin Børset: 911 59 310
Snapchat: ungsurnadal
Instagram: ungdomsteamet_surnadal
Facebook: Ungdomsteamet i Surnadal