04/09/2026
Utdrag frå nettstaden til Vestland fylkeskommune:
"Vestland må ta nokre store val. No kan du påverke dei
I to nye regionale planar foreslår Vestland fylkeskommune viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra. No er planane på høyring, og du kan seie meininga di fram til 1. november.
– No er vi komne til punktet der forslaga til dei to regionale planane ligg klare. Kvar skal vi bu og byggje, korleis skal vi binde fylket saman, og korleis sikrar vi at folk har kompetansen arbeidslivet treng? Dette er val vi må ta saman, og no vil eg at kommunar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar i heile Vestland seier kva dei meiner, før vi set den endelege kursen, oppmodar fylkesordførar Jon Askeland.
I desse dagar går det ut ei rekkje høyringsbrev til mellom andre kommunar, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, og innbyggjarar. Dei får no høvet til å seie si meining om dei to planforslaga før fylkestinget gjer endeleg vedtak, slik at flest mogleg får sagt sitt før dei store vala om framtidas Vestland vert tekne.
Dette er planane du må meine noko om
Fylkesutvalet vedtok 24. august å legge Regional plan for areal og mobilitet og Regional plan for verdiskaping og kompetanse ut på høyring. Det betyr at kommunar, lag og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og heilt vanlege innbyggjarar no kan vere med og påverke. Fylkestinget skal vedta dei endelege planane i mars, etter å ha gått gjennom alle innspel som kjem inn.
Bak dei lange plannamna ligg spørsmål som får betydning for utviklinga i alle delar av fylket: bustader og næringsareal, vegar og transport, arbeidsplassar og utdanning, energi, natur og beredskap.
Og ikkje minst: Korleis skal Vestland utvikle seg når vi blir færre i arbeidsfør alder og konkurransen om folk med rett kompetanse blir hardare?
(...) Sei meininga di digitalt – og hugs høyringsmøte
Planane skal gjelde i 12 år, men før dei blir endeleg vedtekne, er det tid for høyring.
Kommunar, næringsliv, organisasjonar, statlege aktørar, ungdom og andre som har noko på hjartet, får no åtte veker på å kome med innspel. Høyringsfrist: 1. november 2026.
Alle som ynskjer, kan meine noko om innhaldet i dei to planane via eit digitalt høyringsskjema. Du kan velje tema du er oppteken av, skrive eit innspel og sende inn. Målet er at folk lett skal kunne engasjere seg. (...)"
(Lenkje: https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2026/vestland-ma-ta-nokre-store-val.-no-kan-du-paverke-dei )