Stryn bibliotek

Stryn bibliotek Heimeside: www.strynbibliotek.no Biblioteket ligg sentralt plassert i trivelege lokale i første etasje på Stryn vidaregåande skule. Vi er eit meirope bibliotek.

Biblioteket i Stryn er hovudbibliotek for Stryn kommune og skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule. Det vil seie at du kan låse deg inn på biblioteket alle dagar mellom kl. 7-23, dersom du har skrive under kontrakt.

Stryn bibliotek held fram med ordinære opningstider til og med fredag 19. juni. Frå laurdag 20. juni går vi over til som...
17/06/2026

Stryn bibliotek held fram med ordinære opningstider til og med fredag 19. juni. Frå laurdag 20. juni går vi over til sommaropningstider, og då er biblioteket stengt på laurdagar. Sommaropningstidene gjeld fram til skulestart 17. august.

Opningstider i sommar:

Måndag: 10–15
Tysdag: 10–15
Onsdag: 10–15
Torsdag: 12–18
Fredag: 10–15
Laurdag: Stengt
Søndag: Stengt

Meirope bibliotek er tilgjengeleg kvar dag kl. 07–23 – heile sommaren!

I dag, torsdag 11. juni, er biblioteket ubemanna frå kl. 16.00 pga sjukdom. Vi beklagar.Vi minner også om at biblioteket...
11/06/2026

I dag, torsdag 11. juni, er biblioteket ubemanna frå kl. 16.00 pga sjukdom. Vi beklagar.

Vi minner også om at biblioteket er ubemanna i morgon, 12. juni, pga planleggingsdag for personalet.

Biblioteket stenger kl. 16.00

Fredag 12. juni vil biblioteket vere ubemanna pga planleggingsdag for personalet.Det vil vere mogeleg å nytte seg av mei...
09/06/2026

Fredag 12. juni vil biblioteket vere ubemanna pga planleggingsdag for personalet.

Det vil vere mogeleg å nytte seg av meirope frå 7-23.

Personalet vil delvis vere i biblioteket, men vil ikkje vere tilgjengeleg for publikum på grunn av andre oppgåver.

Bli med på lesebingo for ungdom og vaksne i sommar! Flotte premiar og ikkje minst ein sommar full av kjekke leseopplevin...
08/06/2026

Bli med på lesebingo for ungdom og vaksne i sommar! Flotte premiar og ikkje minst ein sommar full av kjekke leseopplevingar 😀🏖️☀️

Les der du vil, når du vil – og kryss av på bingobrettet.

I sommar inviterer vi til lesebingo for alle over 13 år!

Sist veke hadde vi Marco frå ungdomsskulen på arbeidsveke hos oss. Han fekk ein prøve seg på litt ulike arbeidsoppgåver ...
06/06/2026

Sist veke hadde vi Marco frå ungdomsskulen på arbeidsveke hos oss. Han fekk ein prøve seg på litt ulike arbeidsoppgåver og ei av dei var å lage ei utstilling. Han valde då å lage ei utstilling til Unionsoppløysinga 7. juni.

Kom gjerne innom og sjå den!🇳🇴

Veldig kjekt med så god hjelp!😊

Vi har pynta biblioteket i regnbogens fargar og laga ei bokutstilling i høve Pride 🌈For oss er biblioteket ein stad der ...
05/06/2026

Vi har pynta biblioteket i regnbogens fargar og laga ei bokutstilling i høve Pride 🌈

For oss er biblioteket ein stad der alle skal kjenne seg velkomne, trygge og verdsette - uansett kven du er, eller kven du er glad i.

Bøkene våre speglar eit mangfald av liv, historier og erfaringar, og vi ønskjer å løfte fram stemmer som fortener å bli høyrde.

Kom gjerne innom og ta ein titt, kanskje finn du ei bok som gjev deg nye perspektiv eller som du kan kjenne deg att i 💛

Biblioteket er for alle. Alltid.

01/06/2026

🌞 Sommarles er no i gong! 🌞

Bli med på sommarens kjekkaste lesekampanje for barn og unge. Logg inn på Sommarles, registrer bøkene du les, og samle poeng gjennom heile sommaren.

I år kan du også sjå den flotte Sommarlesfilmen Bibliotekjenta, med manus skrive av Erlend Loe. Den finn du på sommarles.no

Stryn kommune

31/05/2026

📚☀️ Berre éin dag att!

I morgon startar Sommarles, og vi gler oss til ein sommar full av leseglede, spennande bøker og kjekke utfordringar! 🌟

Er du klar til å samle poeng, få digitale trofé og bli med på sommarens leseeventyr? Finn fram boka di og gjer deg klar – Sommarles startar i morgon!

29/05/2026

😅📚 Hjelp! Sommarles nærmar seg!

Wibeke og Kristin har vore på Bibliotekdagane i Kvam og kosa seg så mykje… at dei heilt gløymde ein liten detalj: Sommarles-pynten! 🙈🌞

Så no treng vi superhjelp frå kreative barn 🤩

Kom innom biblioteket i morgon (ope kl. 11–14) og hjelp oss å pynte!

Stryn kommune

🎨 For barn i alle aldrar
🪨 Alle som hjelper til får plukke seg ein flott stein frå steinsamlinga vår

Velkomen!❤️📚

27/05/2026

📚✨ Sommarles startar snart – blir du med?

Adresse

Hegrevegen 1
Stryn
6783

Åpningstider

Mandag 10:00 - 16:00
Tirsdag 10:00 - 16:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 20:00
Fredag 10:00 - 16:00
Lørdag 11:00 - 14:00

Telefon

+4757874880

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stryn bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stryn bibliotek:

Snarveier

Del