Rask Psykisk Helsehjelp, Øygarden kommune

Rask Psykisk Helsehjelp, Øygarden kommune Rask Psykisk Helsehjelp i Øygarden kommune er eit lavterskeltilbod for milde til moderate psykiske plager. Du kan tilvisa deg sjølv digitalt på vår heimeside.

Vi tilbyr i hovedsak oppfølging i form av kurs og rettleia sjølvhjelp.

RPH Øygarden og NAV har vore så heldige å få hjelp av psykologistudentar i samfunnspsykologisk praksis, som har sett på ...
12/03/2026

RPH Øygarden og NAV har vore så heldige å få hjelp av psykologistudentar i samfunnspsykologisk praksis, som har sett på korleis vi kan utvikle eit betre samarbeid. Arbeidet blei i dag presentert på ein praksiskonferanse på UiB. Vi har fått mange gode innspel som vi skal jobbe vidare med.

25/02/2026

Frisk Pust har oppstart i neste veke!

Ynskjer du å delta på Frisk Pust så må du skynda deg. Ny runde med vårt populære meistringskurs startar allereie torsdag 5. mars. Her får du moglegheit til å kombinere trening og yoga med føredrag om psykisk helse. Kurset er for vaksne og vert arrangert på treningssenteret Sporty på Straume.

Frist for å tilmelde seg er søndag 1. mars.

Les meir om Frisk Pust og tilmeld deg enkelt via vårt digitale innsøkingsskjema her:
https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/helse-omsorg-og-velferd/psykisk-helse/sok-psykisk-helsehjelp/vaksne-milde-til-moderate-plagar/frisk-pust.28817.aspx

12/01/2026

Stress mindre med mindfulness!
Neste kurs startar tysdag 27. januar kl 13 - på Skjenet 10.

Praktisk info:
📅 6 gonger – to timar kvar gong
Ta med eigen matte, p**e, pledd og bruk ledige klede
Kurset er gratis, men deltaking er via påmelding
Journal vert ført i tråd med helsepersonelllova

Målgruppe: Personar som opplever stress i kvardagen og ønskjer å trene toleransen for det

🔗 Meld deg på her: https://oygarden-kommune.norsemeasure.no/signup/RPH/21?mac=brwpjy2i6vbjkwl3hfqvcgrgc5

Stress mindre med mindfulnessKjenner du på stress i kvardagen? Då kan kurset Stress mindre med mindfulness vere noko for...
03/12/2025

Stress mindre med mindfulness

Kjenner du på stress i kvardagen? Då kan kurset Stress mindre med mindfulness vere noko for deg. Kurset startar 27. januar, går over 5 tysdagar med fysisk oppmøte på Skjenet 10.

Gjennom meditasjonsøvingar med fokus på pust, tankar, kjensler og kropp øver vi på å vere til stades i augneblinken. Kurset kan òg bidra til betre sjølvkjensle og meir venlegheit med seg sjølv. Målet er å bli meir medviten om stress og møte det på ein konstruktiv måte.

Du kan melde deg på via digitalt innsøkingsskjema på nett.
Deltaking er gratis!

Lenke til skjema:
https://oygarden-kommune.norsemeasure.no/signup/RPH/21?mac=brwpjy2i6vbjkwl3hfqvcgrgc5

OBS! Oppstart neste veke, vi har endå nokre ledige plassar!Påmelding i vårt digitale innsøkingsskjema:https://oygarden-k...
15/10/2025

OBS! Oppstart neste veke, vi har endå nokre ledige plassar!
Påmelding i vårt digitale innsøkingsskjema:
https://oygarden-kommune.norsemeasure.no/signup/RPH/21?mac=brwpjy2i6vbjkwl3hfqvcgrgc5

«Frisk Pust» er eit kurs for deg som ynskjer inspirasjon og meir kunnskap om korleis du kan få eit betre forhold til deg sjølv og kroppen din.

Kurset hjelper deg i gong med den fysiske aktiviteten som passar deg.
Etter treningsøkta blir det kvar veke heldt eit nytt foredrag som på ulike måtar omhandlar korleis du kan ta betre vare på eiga helse. Kurset går over 7 torsdagar frå kl. 0900 - 11.45. og kostar 749,- .

Vennleg helsing Gro og Veslemøy,
i Rask Psykisk Helsehjelp Øygarden

23/09/2025

🌬️ Frisk Pust – kurs for deg som vil finne balansen! 🌱

Kjenner du på stress, lite energi eller at du «brenner lyset i begge endar»? Treng du hjelp til å finne tilbake til overskudd, energi og livsglede? Da er Frisk Pust-kurset noko for deg!

Kurset gir deg:
7 samlingar med trening, yoga og foredrag om helse
Fokus på balanse mellom aktivitet og kvile
Enkle verktøy for å meistre stress og belastningar
Trygg og inkluderande gruppe – ingen forkunnskapar nødvendig!
Fullverdig medlemskap på Sporty i 2 månader
Pris: 749 kr (eller 375 kr/mnd i 2 mnd).
Stad: Sporty treningssenter, Straume
Oppstart: 23. oktober 2025.

Slik melder du deg på:
Fyll ut søknadsskjema på nettsida til Øygarden kommune:
https://oygarden-kommune.norsemeasure.no/signup/RPH/21?mac=brwpjy2i6vbjkwl3hfqvcgrgc5

Har du spørsmål?
Ta kontakt på [email protected].

👉 Del gjerne innlegget med nokon du trur kan ha nytte av kurset!

🌿 Kurs og rettleia sjølvhjelp frå Rask psykisk helsehjelp i ØygardenHar du milde til moderate psykiske helseplager og øn...
28/07/2025

🌿 Kurs og rettleia sjølvhjelp frå Rask psykisk helsehjelp i Øygarden
Har du milde til moderate psykiske helseplager og ønskjer hjelp til å meistre kvardagen? Rask psykisk helsehjelp i Øygarden kommune tilbyr eit breitt spekter av kurs og rettleia sjølvhjelp for deg som treng støtte – utan tilvising frå fastlege.

🧠 Kva kan du få hjelp til?
Tilbodet er basert på modellen Rask Psykisk Helsehjelp (RPH), som fokuserer på lågterskelhjelp. Målet er å nå flest mogleg med effektive og tilpassa tiltak. Du kan få tilbod om:

Kurs:
-Stress mindre med mindfulness
-Meistring av panikkangst
-Frisk pust – i samarbeid med Sporty
-Intensiv traumebehandling
-Meistring av depresjon, stress og belastning
-Meistring av grubling og bekymring

Rettleia sjølvhjelp:
Korte modular over 1–2 månader med ukentlege korte, digitale (eller via tlf) samtalar med behandlar.

Nettverksmøte:
For deg som ønskjer å involvere familie og nettverk i ein open og støttande samtale.

🎯 Kven kan få tilbodet?
Innbyggjarar over 18 år i Øygarden med milde til moderate psykiske helseplager. Tilbodet er ikkje for deg med langvarige og samansette utfordringar.

📅 Korleis søkje?
Du kan sende inn kontaktskjema via nettsida til Øygarden kommune. Inntaksmøte vert halde kvar tysdag, og du får som regel svar innan ei til to veker.

💰 Pris
Alle tilbod er gratis, med unntak av Frisk pust, der ein betalar ein redusert pris for medlemskap i to månader hos Sporty.

📞 Kontakt
Har du spørsmål eller treng hjelp med søknaden? Ring oss på 911 87 826. Me svarar så snart me kan.

👉 Les meir og søk her:

Kva tilbyr vi?Tilbodet er utarbeidd etter modellen Rask Psykisk Helsehjelp (RPH). I RPH-modellen er det sentralt å gje oppfølging på lågast mogleg nivå for at vi skal kunne hjelpe flest mogleg. Dei fleste får eit tilbod om kurs eller rettleia sjølvhjelp. Kva for tilbod som passar den einskild...

Vi i Rask Psykisk Helsehjelp skal være med på eit spennande forskningsprosjekt. Del gjerne vidare, så vi kan nå fleire k...
23/04/2025

Vi i Rask Psykisk Helsehjelp skal være med på eit spennande forskningsprosjekt. Del gjerne vidare, så vi kan nå fleire kommunale helsetenester.

Adresse

Skjenet 10
Straume
5354

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4746949904

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rask Psykisk Helsehjelp, Øygarden kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Rask Psykisk Helsehjelp, Øygarden kommune:

Snarveier

Del