Litlabø Nærmiljøanlegg

Litlabø Nærmiljøanlegg Velkomne til sida om det nye nærmiljøanlegget, som me ynskjer å utvikle på Litlabø. Eit anlegg som skal være tilgjengeleg for alle, og fremma lokal trivsel.

Det aktuelle arealet er den såkalla «gamleskuletomta» som ligg like ved Litlabø Skule.

Hei alle saman. Me vil samlast på «Litlabø Nærmiljøanlegg» (gamleskuletomta ved Litlabø Skule) i morgon kl 17 for ei ufo...
22/06/2026

Hei alle saman. Me vil samlast på «Litlabø Nærmiljøanlegg» (gamleskuletomta ved Litlabø Skule) i morgon kl 17 for ei uformell St.Hansfeiring. Alle er velkomne, og ta gjerne med nokon du kjenner. Me tenker å få fyrt i grill, så ta med grillmat etter eige ynskje. Campingstolar kan være kjekt å ha med, men her er nokre campingbenkar tilgjengeleg. Om du har noko å legge på eit bål, så kom gjerne med det.

Mvh, Litlabø Nærmiljøanlegg

No er det berre å sette vår lit til Utval for Byutvikling og kommunestyret i mars, så kan me forhåpentlegvis gå i gong m...
25/02/2026

No er det berre å sette vår lit til Utval for Byutvikling og kommunestyret i mars, så kan me forhåpentlegvis gå i gong med planane for denne flotte staden 🤞🏼

Sal av tomta til gamleskulen på Litlabø skal opp i utval for byutvikling i Stord kommune.

12/10/2025

Første årsmøtet for Litlabø nærmiljøanlegg vert haldt 12.11 kl 17:00. Ordinære årsmøtesaker. Møtestad kjem me tilbake til😄

Tusen takk for ei flott feiring av St.Hans i dag. Me er overvelda over kor mange som kom, og ser fram til å gjere dette ...
23/06/2025

Tusen takk for ei flott feiring av St.Hans i dag. Me er overvelda over kor mange som kom, og ser fram til å gjere dette til ein tradisjon. Me ynskjer sterk å få klarsignal til å gå i gong med arbeidet på tomta, og håpar at det vil vise igjen ved neste års feiring. Her er alle velkomne!

Tusen takk for oppmøte. Me hadde det kjempekjekt både store og små 🤩🔥

I dag har me motteke gode nyhender ved offentleggjering av SIM-fondet sine tildelingar. Litlabø Nærmiljøanlegg er tildel...
05/05/2025

I dag har me motteke gode nyhender ved offentleggjering av SIM-fondet sine tildelingar.

Litlabø Nærmiljøanlegg er tildelt 150.000kr til vårt planlagde arbeid🤩 No ventar me kun på politisk handsaming ang. «Gamleskuletomta», og det er lova avgjerd før sommaren. Håpar sjølvsagt at handsaminga er positiv, og at me kan få utvikle denne til fordel for alle innbyggjarar i kommunen, og spesielt for nærmiljøet.

Ei stor takk til SIM som vel å sjå verdien i planane og ynskjer å bidra til nærmiljøanlegget.

Fantastisk ake/snødag i dag 🤩❄️🌨️ Grilling av pølser og marshmallows på bål vart det òg. Stas når så mange kjekke vaksne...
04/01/2025

Fantastisk ake/snødag i dag 🤩❄️🌨️ Grilling av pølser og marshmallows på bål vart det òg. Stas når så mange kjekke vaksne og born samlast for felles leik og samvær. Håpar det vert mykje meir av det på denne flotte staden i framtida.

Edit: Til informasjon så var dette ei impulsiv, og ikkje ei organisert samling, men kjekt å sjå korleis staden fungerer som eit naturleg samlingspunkt 🛷⛷️❄️

Saka om overtaking av tomta vart opprinneleg forespeila for oss at skulle opp i kommunestyret i desember, men siste oppd...
21/12/2024

Saka om overtaking av tomta vart opprinneleg forespeila for oss at skulle opp i kommunestyret i desember, men siste oppdatering seier at det no er sannsynleg at det vil stå på sakslista i februar. Me smører oss med tålmod, og ventar i spaning. Kryssar fingrane for positivt svar. I mellomtida er prosess med å søke midlar til prosjektet i gong, og nok ein gong kryssar me fingrane for positive tilbakemeldingar 😊 Me ser verkeleg fram til å komme i gong med det praktiske arbeidet, og å endeleg få samle dei lokale ressursane til å få dette gjennomført 🪚🛠️🤩 Takk til alle som heier på prosjektet, både blandt innbyggjarar og politikarar. Tilbakemeldingane har vore utelukkande positive 🙌🏻🫶🏼

18. september var ein flink og effektiv gjeng samla for dugnad ved Litlabø Nærmiljøanlegg, og nede ved Litlabø skule for...
09/11/2024

18. september var ein flink og effektiv gjeng samla for dugnad ved Litlabø Nærmiljøanlegg, og nede ved Litlabø skule for å rydde og stelle. Det er viktig for oss å halde det fint og innbydande. Me håpar på positive svar frå kommune og politikarar angående gamleskuletomta, slik at me kan komme i gong med å vidareutvikle området vidare 👩🏼‍🌾⛲️🌳🪚

Adresse

Gjerdet
Stord Island
5415

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Litlabø Nærmiljøanlegg legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del