Venelaget for Parken

Venelaget for Parken Venelaget for parken har om lag femti medlemmer som arbeider for at Vidsteenparken på Leirvik skal bli ein triveleg stad i byens sentrum.

Venelaget for Parken skal arbeida for:

At Parken vert teke vare på og utvikla som ein folkeleg innretta bypark til glede og trivsel for alle aldersgrupper - ein folkepark. At Parken gjennom planmessig og målretta oppgradering og fornying skal stå fram på ein estetisk vakker måte, miljømessig tilrettelagt og med element som fremjar trivsel. At familien Vidsteen si gåve til folket i Stord kommune v

ert handtert med respekt for den testamentariske gåva, men likevel slik at Parken er med og fremjar bysentrum som eit attraktivt område der folk ynskjer å samla seg om kulturelle og helsemessig gode aktivitetar.

26/04/2020

Hei, her kjem ei vårhelsing til alle våre vener:

- Endeleg har me fått på plass ein driftsavtale for Parken med Stord kommune. Dermed er vår rolle i Parken avklara med eigaren. Venelaget skal driva skjøtsel i samsvar med vedteken skjøtselsplan laga av Stord-Fitjar Landbruks- og Miljøkontor. Kristtorn og bøk skal prioriterast. Me har ikkje ansvar for Kjellesvik-skulpturane. Venelaget skal styra bruken av parken. Alle som vil ha arrangement i Parken må venda seg til Venelaget.

- Årsmøte for 2020 blir halde utandørs i Parken onsdag 20. mai kl. 1900. Det blir ei kort markering av 105-årsdagen for overtakinga av Parken.

- Det blir ikkje 17. mai i Parken dette året. Allsong i Parken er også avlyst, grunna Corona-situasjonen.

- Årsmøte 2020 blir halde utandørs i Parken onsdag 20. mai kl. 1900. Det blir under møtet ei kort markering av 105-årsdagen for overtakinga av Parken.

Ha ein fin vår, med høve til dugnad for alle som vil.

Oscar Ingebrigtsen
leiar

Fantastisk flott og spennande i Parken :-) Her bør du ta turen :-) Den nye kunsten i parken er også begynt å finne sin p...
10/08/2019

Fantastisk flott og spennande i Parken :-) Her bør du ta turen :-) Den nye kunsten i parken er også begynt å finne sin plass :-)

12/04/2019

Parken-allsong med mykje attåt
Alle gode ting er visst tre. Det vonar i alle fall dei som har det musikalske ansvaret for årets Allsong i Parken. For Parkgjengen er dette tredje gongen: Lorentz Kannelønning (gitar), Nils Abrahamsen (trekkspel), Svein Arne Theodorsen (trekkspel), Svein Losnegård (bassgitar) og Endre Olsen (gitar). Øystein Olsen er konferansier og forsangar. Og så er Venelaget for Parken arrangør og tek det praktiske ansvaret. Nye benkerader er på plass. Sitjeunderlag er til låns.
Me kan garantera mange fine allsongar, kjente og kjære viser, plukka med omhu. Ikkje så mange vers av kvar song, det er fleire som skal i aksjon. Som dei populære Klangboltane med Endre Olsen, Musikkskule-elevane Ingjerd Grini Framnes og Kajsa Tvedten og Jørgen Bauge, deltakar i «Idol 2018».
Me trur det heile vil vera gjennomført på rundt 1,5 time.
Du treng ikkje grua deg for ikkje å hugsa songtekstane. Me trykkjer opp songhefte med stor skrift som du får i handa mot å betala litt inngongspengar.
Vel møtt til ei koseleg stund under lauvkrunene i Parken sundag 19. mai klokka fire. Værgudane er kontakta.

06/12/2018

Så er 2018 snart historie. Kva fekk me til i Parken? Mest nøgde er me for grusinga av hovudstien, no kan me gå tørrskodde gjennom skogen, same kva veret byr på. Dei maritim skulpturane er på plass, fargerike og flotte. Parken er blitt til ein skulpturpark! Saman med Dustefjert-familien har me no 14 skulpturar å visa fram. No kan vinteren gå sin gang og me ser fram til våren med spirande bøkelauv og kvitrande fugleliv. Då vil dugnadsgjengen også vakna til liv og førebu fleire arrangement i mai-sola. Takk for innsatsen i år og vel møtt i det nye året!

19/09/2018

Venelaget for Parken arrangerer "Allsong i Parken" søndag 26 . mai 2019. Me tek over for Leirvik Mannskor som har hatt allsong-treffet dei to siste åra. Dette kan me gjera avdi ei gruppe lokale musikarar stiller opp og tek ansvar for det musikalske. Takk til dei. Me kjem attende med detaljert program seinare, men kan alt no seia at me kjem til å nytta same "malen" som tidlegare. Me er glade for å kunna fortelja dette alt no, og ser fram til ein ny fin vårdag i Parken.

20/04/2018

Leirvik Mannskor ynskjer velkommen til allsong i Parken 13 mai🎼😊

Leirvik Mannskor ynskjer velkommen til Allsong i Parken. Sundag 13 mai er me klar for ei ny songstund i Parken. Blir du med? Alle aktørar, musikkarar og Leirvik Mannskor stiller på dugnad, men me ynskjer å ta ein billett pris på kr. 50,- per person eller 100,- per familie, som er frivillig. NB! ...

Denne helsinga kom inn til Venelaget for Parken fra Johanne Øvstebø Tvedten :-)Me vil spesielt takka Reidar og Kristian ...
19/12/2017

Denne helsinga kom inn til Venelaget for Parken fra Johanne Øvstebø Tvedten :-)
Me vil spesielt takka Reidar og Kristian Lunde for å ha sett julelys i den store grana på Sunnhordlandstunet. Det blei så flott, og skapte verkeleg julestemning for oss alle😀!

05/11/2017

Hei alle dåke som likar Vidsteenparken. Sesongen 2017 går mot slutten. Venelaget har hatt eit fint år med mykje dugnad og også støttefunksjonar ved ulike arrangement. No er det bestemt at Anders Kjellesvik sine skulpturar skal på plass i løpet av året som kjem. Det blir spennande å sjå dette nye innslaget i Parken. Me i venelaget er opptatt av å få til ein god gangveg oppover langs rekkja av nye og spennande skulpturar. Me trur det vil koma mykje folk som vil studera skulpturane og det veit me betyr mykje slitasje på skogsstiane. Men dette skal me få til, me har litt erfaring no med Dustefjert-landsbyen. Takk for i år og på gjensyn på nyåret.

Oscar Ingebrigtsen/leiar

Frå Sunnhordland idag :-)
27/09/2017

Frå Sunnhordland idag :-)

Vi deler gjerne de flotte bildene fra "allsang i Parken"  fra  - Fotograf Ingvild Eide
18/06/2017

Vi deler gjerne de flotte bildene fra "allsang i Parken" fra - Fotograf Ingvild Eide

17/05/2017

Hei alle vener av Parken!

Travle mai, midt oppi alle vårsyslar hadde Venelaget årsmøte 9.mai. Det møtte ti medlemmer. Det sitjande styret vart attvald. Ny valkomite er Lindy og Jan Egil Furunes.

Onsdag 31. mai er Venelaget 5 år. Me samlast i Tribunen kl. 1730 for ei uformell markering med koseleg samvær og drøs. Alle medlemmer er velkomne. Er det folk som vil melda seg inn, er dei like velkomne.

Me sjåast i Parken!

Oscar/leiar

10/05/2017

Her er me på siste dugnad før 17 Mai. Alle bord og benker vart beisa, det vart og fjelga rundt heile parken. Så no er Parken klar for storinnrykk. ☉☉😎😎🇳🇴🇳🇴

Adresse

Stord Kommune
Stord Island
5417

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Venelaget for Parken legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del