21/08/2026
🚸
Vi er mykje på skulekontroll om dagen. På vegen møter me mange spente skulestartarar.
Når me gjennomfører kontroll, møter me også mange sjåførar. Erfaringane våre tilseier at dei aller fleste har alt på stell, som under denne kontrollen. Unntaket var ein føresett som ikkje brukte bilbelte.
Me opplever dessverre at nokon slurvar litt med bilbeltebruk og at nokon ikkje sikrar barna sine godt nok. Det er også nokon som køyrer altfor fort i dei låge sonene ved skulane.
Derfor er oppmodinga vår til alle sjåførar:
🔹 Overhald fartsgrensene
🔹 Køyr rusfritt
🔹 Ver merksam
❗️ Hugs også på at det er ditt ansvar som sjåfør å sikra passasjerar under 15 år
Me held fram med å gjennomføra kontroll av fart, rus, sikring av barn i bil og aktløyse ved skulestart og/eller skuleslutt ei god stund til.
Me sest i trafikken! 🚓
📸: UP-Kenneth
Trygg Trafikk