Interkommunalt Arkiv i Rogaland

Interkommunalt Arkiv i Rogaland - Nøkkelen til fortida

Arkivforbundet fyller 40 år  Arkivforbundet er ein organisasjon for institusjonar som jobbar med bevaring og formidling ...
06/09/2026

Arkivforbundet fyller 40 år

Arkivforbundet er ein organisasjon for institusjonar som jobbar med bevaring og formidling av kommunale og private arkiv, eller som er opptatt av arkivspørsmål. 6. september 1986 blei Arkivforbundet (Landslaget for Lokal- og Privatarkiv) stifta på Ås rådhus.

Arkivforbundet har om lag 120 medlemmer frå både private, kommunale, interkommunale, fylkeskommunale og statlege arkivinstutisjonar, i tillegg til fleire museum, bibliotek og historielag.

Arkivforbundet gjennomfører kurs og webinarer for å heva arkivkunnskapen, og ein gong i året deler dei ut tilskot til ulike arkivprosjekt etter søknader frå medlemmene sine.

Dei siste åra har Arkivforbundet delt ut prisen «årets privatarkiv». Prisen går til ein person eller institusjon som har gjort ein spesiell innsats for privatarkiv eller arbeid for privatarkiv.

IKA Rogaland ser fram til godt samarbeid også i åra som kjem, og gratulerer Arkivforbundet med 40 årsjubileum!

Arkivforbundet - Arkivforbundet
Facebook

IKA Rogaland sender varme tanker og kondolanser til kongefamilien og hele det norske folk.                              ...
28/08/2026

IKA Rogaland sender varme tanker og kondolanser til kongefamilien og hele det norske folk.

Kong Harald V (1937-2026) var Norges konge i over 35 år, etter en nesten like lang periode som kronprins og kronprinsregent. Kongen besøkte Rogaland mange ganger, både i offisielle oppdrag og i private sammenhenger.

Her er han fotografert under Sandnes sin store utstilling i forbindelse med byjubileet i 1960.

Foto: Ludvig Ludvigsen / Sandnes kommune - Bystyret/Formannskapet.

Et nytt skoleår er i gang, og mange elever sitter spente med ulike forventninger for den nye hverdagen. Slik var det nok...
17/08/2026

Et nytt skoleår er i gang, og mange elever sitter spente med ulike forventninger for den nye hverdagen. Slik var det nok også for disse førsteklassingene på Sandnes skole i 1905. Arkiv: Sandnes kommune – PA 038 Harald Tjølsen.

Sommarstengt lesesal veke 27-32  😎IKA Rogaland vil ønska alle facebook-vener ein god sommar! Samstundes minnar me om at ...
24/06/2026

Sommarstengt lesesal veke 27-32 😎

IKA Rogaland vil ønska alle facebook-vener ein god sommar!
Samstundes minnar me om at lesesalen er stengt frå 29. juni til og med 9. august.

IKA og Stavanger byarkiv kan opna for lesesalsbesøk dersom du sender skriftleg søknad i forkant. Du vil få beskjed når arkivmaterialet er klart.

Dersom arkivmaterialet du vil sjå er tilgjengeleg digitalt, til dømes på digitalarkivet.no, vil me ikkje opna for besøk på lesesalen.

Send e-post til [email protected] (for Stavanger byarkiv), og [email protected] (for IKA). Nasjonalarkivet i Stavanger har inga betening i perioden lesesalen er stengt.

Velkommen tilbake til Arkivenes hus 10. august 😊

Foto: IKA Rogaland, 50 årsjubileum på Arkivenes hus 1. juni 2026, fotograf: Anne Berge

Den internasjonale arkivdagen 9. juni 2026: Natur og friluftslivOver heile verda går fagfolk i arkivmiljøet saman den 9....
09/06/2026

Den internasjonale arkivdagen 9. juni 2026: Natur og friluftsliv

Over heile verda går fagfolk i arkivmiljøet saman den 9. juni for å få deg til å forstå kor viktig det er å støtta opp om arkiv og arkivprofesjonen. Datoen blei valgt for å minnast at ICA (International Council of Archives) blei oppretta i regi av UNESCO i 1948. Tema for arkivdagen i 2026 er natur og friluftsliv.

I anledning arkivdagen har IKA saman med Stavanger byarkiv og Nasjonalarkivet i Stavanger laga ei felles utstilling på Arkivenes hus med utgangspunkt i årets tema. Her finn du smakebitar frå arkiva; skriv, foto og film som skildrar ulike sider ved natur og friluftsliv i Rogaland.

Kom innom oss og ta ein titt. Utstillinga blir ståande framme til etter sommarferien. Opningstider for utstillingsområdet på Arkivenes hus er kvardagar kl 08:00-16:00, lesesalen er open kvardagar kl 09:00-15:00.
Velkommen til Arkivenes hus!

02/06/2026

Adresse

Richard Johnsens Gate 12
Stavanger
4021

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4751870055

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Interkommunalt Arkiv i Rogaland legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Interkommunalt Arkiv i Rogaland:

Snarveier

Del