Politiet i Sogn

Politiet i Sogn Sogndal politistasjon
Fjørevegen 20, Sogndal

Lærdal politistasjon
Øyraplassen 4, 6887 Lærdal

21/07/2026

SJØVETT🌊🐠⚓️🚤
Endeleg kom sommarvarmen også til Sogn!
Sommar. Sol. Bading. Det høyrer i hop.
Små og store har no kunne kosa seg i strandkanten, i båten, på suppen, på vannskuteren, i kaiaken, eller med snorkel og symjeføter i vasskorpa for den del.
Hugs å passa på kvarandre❣️
Me har gjennom sommaren fått inn fleire meldingar om uvøren båt- og vasskuterkøyring.
Respekter reglane som gjeld både til avstand, vikeplikt og fartsavgrensingar. ⚠️
Me treng ikkje nokon ulukker knytt til båt og vatn i Sogn.
Det skal vera trygt å bada utan frykt for å bli påkøyrd av ein vasskuter eller båt i fri dressur!
Syn godt sjøvett! Ta omsyn til dei rundt deg!

30/06/2026

Sogndal Politistasjon👮

Viktig info vedr pass/ID-kort og fullmakt👮

I veke 28,29 og 30 vil vi ikkje kunne utsteda pass,ID-kort og fullmakt ved Sogndal Politistasjon grunna ferie og anna fraver.

Kontoret er åpent 0900-1400 man-fre

Ved spørsmål ring 02800
Ved nød ring 112

Meir info finn du på politiet.no👮

Ynskjer alle god sommar og god tur☀️✈️

💚Blås grønt aksjon på Kosen ungdomsklubb💚Ungdommen i Lærdal (i underkant av 40 stk) har i kveld delteke på «Blås grønt» ...
16/05/2026

💚Blås grønt aksjon på Kosen ungdomsklubb💚

Ungdommen i Lærdal (i underkant av 40 stk) har i kveld delteke på «Blås grønt» aksjon. Arrangementet var eit initiativ fra foreldre. Politiet vart møtt av glade og edrue ungdommar som kunne vente seg flotte premiar etter å ha blåst «grønt».

Biletet viser fire flotte ungdommar, to av dei over 18 år😅

Pass/Id Sogndal/Lærdal PolitistasjonDet er for tida stor pågang på pass/Id timar. Vi får dessverre ikkje lagt ut fleire ...
14/04/2026

Pass/Id Sogndal/Lærdal Politistasjon

Det er for tida stor pågang på pass/Id timar. Vi får dessverre ikkje lagt ut fleire ledige timar i Lærdal før i september 2026.

Viktig info: Vi legg fortløpande ut ledige timar i Sogndal når vi har muligheit. Sjekk derfor på politiet.no

Vi ber òg om at dei som har bestilt time og ikkje skal nytta denne, avbestiller timen. Dette for at andre kan nytta denne.

På politiet.no finner du tjenester, åpningstider, kontakt og informasjon.

Dagens redningsaksjon enda godt. Det må vera lov å sei da 20 av 21 🐑sauer🐑 vart henta levande opp frå møkkakjellaren. Po...
22/02/2026

Dagens redningsaksjon enda godt. Det må vera lov å sei da 20 av 21 🐑sauer🐑 vart henta levande opp frå møkkakjellaren.

Politiet ynskjer å skryte av Lærdal brann og redning. «Lokale heltar» må vera dagens ord.

Ein må heller ikkje gløyme gode nabobønder som stilte seg sjølv og utstyr til disposisjon.

Til slutt - eigenskryt: politibetjenten i «kvit drakt» kasta seg med i redninga av sauene. Ingen oppgåve for stor, ingen oppgåve for liten.

«Saman er vi sterke»

16/02/2026

DU SKULLE VEL IKKJE BLI POLITI, VEIT EG?

Søkjartalet til Politihøgskolen går nedover. Det har det gjort dei siste 10 åra så vidt eg kan sjå. I tillegg slit politiet med rekruttering. Det treff særleg politistasjonane i grisgrendte strok, og då treff det sjølvsagd Sogn og Fjordane med brask og bram.

I media har det vore oppslag om dårleg lønn, politiet sitt tronge og uføreseielege budsjett, alt for mange arbeidsoppgåver og dårlege arbeidstidsordningar. Sukk, sukk og atter sukk. Endå eg har vore med og mala på dette dystre bilete.

Det osar ikkje nett "velkommen-til-oss" av slike oppslag.

Sjølvsagt skulle eitt og hitt vore annleis. Klart det! Men eg vil sjå den arbeidsplassen der alt er hundre prosent, og der alle syng lovsong frå morgon til kveld! Gje i så fall beskjed, for då vil eg vera med!

Etter å ha følgd politiet frå både utsida og innsida i snart 30 år, så er mi klare oppfatning at det har skjedd fantastisk mykje bra opp gjennom. Ting var ikkje alltid betre før. Eg vil ikkje tilbake til 1998, eller 2009 for den del.

Ein vesentleg grunn til at livet på jobb er bra, er dei fantastisk gode medarbeidarane eg har rundt meg kvar dag. Ihuga. Fleksible. Dyktige. Hyggelege. Løysingsorienterte. Eg veit det, for eg kjenner mange. I tillegg er eg leiar for eit lite knippe av dei.

Du skulle vel ikkje bli politi du og, veit eg? Me treng deg, og me treng deg spesielt i Sogn og Fjordane!

Kanskje du har tenkt tanken, men av ein eller annan årsak kasta den på fjorden. Mogeleg du tenkjer at det ikkje er noko for deg, at du ikkje er god nok, at du ikkje er som andre, osv. Kva veit eg! Men har du tenkt på at det er nettopp deg me treng?

Eg var aldri sikker på kva eg skulle bil og eg er vel ikkje heilt sikker den dag i dag heller. Enn så lenge jobbar eg som politi og er veldig nøgd med det! Å bli politi låg i alle høve milevis unna det naturlege valet mitt den gongen. Mogeleg eg leika med politibil og sa "bæ-bu" då eg var liten, men noko målretta draum var det ikkje. Hadde det ikkje vore for at ein kamerat pusha meg til å søkja Politihøgskolen i 1994, så hadde eg ikkje søkt.

Eg hugsar eg tenkte at eg ikkje var sterk nok, flink nok, eller tøff nok. Men eg søkte. Og jammen kom eg inn; ein heilt vanleg ungdom (trur eg), med sånn høveleg greitt bondevett (trur eg). Det var sikkert fleire enn meg som undra seg over at eg var ein av 207 (eller kor mange dei no var) som kom inn den gongen. Seinare meinte ein i klassen min at eg truleg kom inn på Noregs Mållags Kvote. Sama det, eg kom jo inn!

No leier eg gode medarbeidarar i Sogn, noko som låg milevis unna tanken min då eg møtte opp på min fyrste arbeidsdag ved den gongen Lindås og Meland lensmannskontor. Men sånn gjekk det altså. Så får me sjå kva som skjer framover. Eg er ikkje pensjonist endå.

Som politi får du innsyn i mange av livet sine skuggesider. Det kan vera krevjande nok å stå i. Men det er samstundes givande å hjelpa folk i ulike livskriser!

All verda kva eg har fått vore med på opp gjennom: Redningsaksjonar på høgfjellet i sol og snøkav, livreddande fyrstehjelp, spennande åstadsarbeid og etterforsking både her og der, samt vore med og løyst krevjande ordensoppdrag i lag med gode kollega.

Den eine dagen måtte eg kan henda slost med "ein og hin". Dagen etterpå kunne det fort bli ein god drøs med smil og latter – ja, nettopp i lag med den same "ein og hin".

I tillegg har eg vore med og sett hardbarka kriminelle bak lås og slå, samt stått med liv i hendene og måtte i brøkdelen av sekund vurdera om eg skulle ta det eller spara det.

Andre gonger har eg fått deltatt på foreldremøte med ungdom og kriminalitet som tema, eller sunge "eg er ein liten teddybjørn" i lag med gitaren, politibamsen Eddy og barnehagen.

Dette er berre noko av det eit allsidig liv som politi kan by på.

Sjølvsagt har det ikkje berre vore solskin. Men det har vore det og! Opp gjennom har det vanka blom, kjeft, klem, takkekort, klage, truslar og ros. Eg har vore meld til Spesialeininga. Eg har vorte skrike til og smilt til. Eg har sett tårer, og eg har sjølv felt nokon av dei. Eg har vore livredd, glad, kjent på sorg og eit hav av hjelpeløyse og avmakt. Men eg har og kjend på tryggleik og sterk meistring. Kan henda har eg gjort ein positiv skilnad for ein eller to også! Eg veit ikkje, men det vel eg å tru!

Slik kunne eg fortsett.

Poenget mitt er ikkje å skryta på meg røvarhistorie-overskrifter frå politiet, men at du skulle få ør små smakebitar av mangfaldet av oppgåver og dilemma som me står i til dagen.

I tillegg var eg ute av etaten i 6 år. Det var veldig nyttig! Kan henda det faktisk var sunt! Det gav nye perspektiv på ditt og datt. Men så drog politihjarta meg tilbake att. Kanskje ikkje løna og det å stå i utrivelege ting. Men alt det andre. Folka. Mandatet. Heile greia liksom!

Men kvifor i all verda skriv eg alt dette? Tja. Tanken var rett og slett å prøva tenna ein liten glød og om mogeleg motivera deg til å bli politi! Om innlegget verkar til at ein ekstra søkjer Politihøgskolen i år, så er det verd det!

Eg meiner du bør gjera eit forsøk og søkja på Politihøgskolen i dag. Søknadsfristen er 1. mars. Du har altså ikkje all verda med tid på deg, så få opp farta! Me treng deg med gode verdiar, som bryr deg om samfunnet og dei rundt deg, og som evnar å "tenkja klåre tankar når andre sine tankar har låst seg".

Eg kan jo ikkje garantera at du får fast jobb sånn med ein gong, men det ser i alle høve ganske ljost ut dei næraste åra. No er det ikkje automatikk i at du kjem inn med ein gong heller. Men å søkja er ein god start i det minste! Er du den rette og motivert nok, så påstår eg at du klarar det! Opptaket er ikkje umenneskeleg, og det er fleire som har måtta søkt meir enn ein gong før dei kom inn!

Køyr på! Det er ingen ting å verken lura eller venta på! Kunne eg bli politi, så kan du!

Har du spørsmål om det å bli politi? Kom innom oss då vel, så tek me ein prat!

Lukke til!

Magne Straumstein
Politistasjonssjef i Sogn

I helga vart det arrangert ⚽️Veterancup⚽️ i Aurland, Lærdal og Årdal. Politiet👮prøver å oppsøke folk der dei er så dette...
02/02/2026

I helga vart det arrangert ⚽️Veterancup⚽️ i Aurland, Lærdal og Årdal.
Politiet👮prøver å oppsøke folk der dei er så dette var ein fin arena for kontakt. Fotball skaper i all hovudsak glede, og politiet kan bekrefte god stemning på tribuna.

03/12/2025

Grunna kurs torsdag 4 des og fredag 5 des har Sogndal Politistasjon ikkje ope for pass/id/fullmakter desse to dagane.
For andre henvendelsar har vi ope 0900-1400 begge dagar.

Mvh Sogndal Politistasjon👮

Adresse

Fjørevegen 20
Sogndalsfjøra
6856

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:00
Tirsdag 09:00 - 14:00
Onsdag 09:00 - 14:00
Torsdag 09:00 - 18:00
Fredag 09:00 - 14:00

Telefon

+4702800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Politiet i Sogn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Politiet i Sogn:

Snarveier

Del