Sogn friluftsråd

Sogn friluftsråd Meir friluftsliv for alle - heile året! Vik - Sogndal - Aurland - Lærdal - Årdal - Luster

Vi treng fleire frivillige til Frå fjell til fjord!Hei alle foreldre av ungdom som har meldt seg på festivalen! 👋Vi minn...
18/08/2026

Vi treng fleire frivillige til Frå fjell til fjord!

Hei alle foreldre av ungdom som har meldt seg på festivalen! 👋

Vi minner om å sjekke e-posten de har fått om behovet for frivillige til Frå fjell til fjord 29.–30. august.

Vi treng framleis fleire frivillige, og håpar mange har høve til å bidra! Du treng ikkje vere med heile helga – du kan melde deg på éin vakt eller fleire, alt etter kva som passar.

Alle bidrag er til stor hjelp, og det er ein fin måte å vere med på festivalen og bidra til ei god oppleving for ungdomane.

Har du ikkje ungdom men kunne tenke deg å bidra som frivillig? Ta gjerne kontakt.

Kontakt Ingrid Aarflot på 910 04 317 dersom du har spørsmål.

Håpar du har høve til å bli med! 🌿

Dei eldste deltakarane på Friluftsskulen fekk prøve seg på elvekajakk i Sogndalselva – og dette gav absolutt meirsmak!Vi...
11/08/2026

Dei eldste deltakarane på Friluftsskulen fekk prøve seg på elvekajakk i Sogndalselva – og dette gav absolutt meirsmak!

Vi er så heldige å ha fått ein ny og kompetent kollega i friluftsrådet, som sit på mykje kunnskap og erfaring innan padling. Det gjer at vi kan tilby ungdommane endå fleire spennande og litt annleis friluftsaktivitetar.

Ein dag med mykje meistring og utfordringar i elva, og kanskje starten på fleire elvekajakk-turar framover? 🛶

Friluftsfestivalen Frå fjord til fjell nærmar seg!Vi har no opna for nokre ekstra plassar på festivalen 29.–30. august i...
10/08/2026

Friluftsfestivalen Frå fjord til fjell nærmar seg!

Vi har no opna for nokre ekstra plassar på festivalen 29.–30. august i Balestrand. Det har vore stor interesse, så her gjeld det å melde seg på – plassane forsvinne raskt!

Ungdom samles frå heile Sogn til en helg full av friluftsliv, aktiviteter, nye venner og masse moro i Balestrand! Det blir mellom anna terrengsykling, kano, skyting, fridykking, triatlon, bålkos og silent disco.

Festivalen er heilt gratis, og det blir sett opp buss frå Luster, Aurland, Lærdal, Årdal og Sogndal.

👉 Meld deg på her: https://sogn-friluftsrad.hoopla.no/event/1078673256

Vi gler oss til ei helg med mykje aktivitet, nye opplevingar og gode møte på tvers av kommunane!

Ved påmelding velger ein totalt TO tilvalg(aktivitetar), ein før lunsj og ein etter lunsj. Det er valgfritt om ein vil melde seg på triatlon som eit siste tilvalg. Frå fjell til fjord er ein gratis friluftsfestival for deg i 7.–10. klasse i Sogn (Årdal, Aurland, Lærdal, Luster, Vik og Sognda...

Stien frå Valeberg ned til Eidet er lagt i ny trasé. Sjå bilete for vegforklaring🌲Takk til Sogndal Turlag for god innsat...
05/08/2026

Stien frå Valeberg ned til Eidet er lagt i ny trasé. Sjå bilete for vegforklaring🌲

Takk til Sogndal Turlag for god innsats!

Det er ikkje naudsynt å vera like ivrig som Anders, og det finst fleire måtar å finne turglede på. I Sogn har me fleire ...
05/08/2026

Det er ikkje naudsynt å vera like ivrig som Anders, og det finst fleire måtar å finne turglede på. I Sogn har me fleire Stikk UT! mål. Last ned Stikk UT! appen om du ikkje allereie har lasta den ned. God tur!

Anders Szabo har registrert over 700 turar so langt i sommar. Turgåarar blir åtvara mot at poengsamlinga kan bli viktigare enn naturopplevinga.

01/07/2026

Friluftskulen på Leikanger var med og rodde seieren i land i dag!⚽️🇳🇴

Friluftsskulen er i full gang – og for ei fantastisk oppstart vi har hatt! 🙌Førre veke var vi i Vik, Årdal og Sogndal, d...
29/06/2026

Friluftsskulen er i full gang – og for ei fantastisk oppstart vi har hatt! 🙌

Førre veke var vi i Vik, Årdal og Sogndal, der både små og store fekk oppleve friluftsglede. I Vik var fiskelykka ekstra stor – deltakarane fekk faktisk fisk frå kano! 🎣🚣‍♀️

Det har vore ei veke fylt med sykling, klatring, kanopadling og kompani Sogn for fornøgde barn og vaksne.

Det er framleis nokre ledige plassar på fleire av friluftsskulane våre, så det er enno mogleg å bli med på sommarens kjekkaste eventyr!

Denne veka gler vi oss til nye opplevingar i Leikanger, Hafslo og Sogndal! 🌞

Takk til Sogn Sparebank og SpareBank 1 Sogn og Fjordane som gjer det mogleg å arrangere friluftsskulane som gratistilbod🫶

PS... Følg oss på instagram for fleire oppdateringar:
https://www.instagram.com/sogn.friluftsrad

26/06/2026

Det er sommarferietid og betre tid til å utforske turområda våre.
Sjå filmen for å lære korleis du brukar Stikk UT! og bli inspirert til nye turmål!

24/06/2026

No er fleire ryddekassar på plass rundt om i Sogn!

Små ryddestopp kan gjere ein stor forskjell for livet i og ved fjorden🦀

Finn ein ryddekasse, ta med ein sekk, og hjelp oss å halde Sognefjorden rein🌊

Foto: Veri Media

Adresse

Trolladalen 30
Sogndal
6856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogn friluftsråd legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sogn friluftsråd:

Snarveier

Del