Vinje SV

Vinje SV Vinje SV er lokallaget i Vinje kommune. Vinje SV har fire representantar i kommunestyret 2023-2027.

Varaordfører og medlem i formannskapet er Nils Johan Svalastog Garnes, Gruppeleiar og utvalsleiar for oppvekst og velferd er Kari Omdal Tveio.

Stand på Vinjedagen i dag!
22/08/2026

Stand på Vinjedagen i dag!

Me vil høyre kva du meiner er viktig i Vinje og Telemark 💚❤️På laurdag er det Vinjedagen og me skal vere der - og vil då...
19/08/2026

Me vil høyre kva du meiner er viktig i Vinje og Telemark 💚❤️På laurdag er det Vinjedagen og me skal vere der - og vil då gjerne få innspel til kva me bør ha med i programmet vårt for neste periode!

Telemark SV

Me skriv i Vest-Telemark blad med eit svar til partiet DNI om deira kritikk av blant andre Vinje SV:"DNI har i mange høv...
16/08/2026

Me skriv i Vest-Telemark blad med eit svar til partiet DNI om deira kritikk av blant andre Vinje SV:

"DNI har i mange høve røysta nei, bede om utsetjing eller etterlyst meir utgreiing. Dei har også vore tydelege på fleire investeringar og utgifter dei meiner kommunen burde ha prioritert bort. Det er både rett og viktig å stille spørsmål ved korleis kommunen brukar pengane sine.

Men det er lettare å vise kva ein ville sagt nei til, enn å vise korleis ein ville fått heilskapen til å gå opp. Kommunen har framleis oppgåver og behov som må handterast. Å seie nei til ei løysing fjernar ikkje nødvendigvis behovet."

Les heile innlegget her:

DNI (Det norske industripartiet) har gjennom fleire lesarinnlegg denne sommaren måla eit stadig mørk ...

11/07/2026

Eg lova å helse til alle frå Kristin Halvorsen, ho var med på omvising i Eidsborg stavkyrkje i dag!

Vinjedamene er på Representatskapsmøte i Telemark SV.På programmet har vi blant annet hatt EU debatt.
13/06/2026

Vinjedamene er på Representatskapsmøte i Telemark SV.
På programmet har vi blant annet hatt EU debatt.

06/06/2026

«Ein heil månad med flagging blir for mykje og er feil.»🏳️‍🌈

Det sa ordføraren i Fyresdal då formannskapet behandla saka om Pride-flagging.

Difor sit eg att med eit enkelt spørsmål:

Kva er det som er feil?

Er det feil å fortelje skeive ungdomar at dei er velkomne? Er det feil å stå opp mot mobbing? Er det feil å vise at alle menneske har same verdi, eller å markere mangfald og inkludering? Er det feil å fortelje barn og unge at dei ikkje treng skamme seg over kven dei er?

Og dersom det ikkje er dette som er feil, kva er det då?

Det andre argumentet som går att, er at ein heil månad blir «for mykje». Men for mykje av kva?

For mykje respekt? For mykje inkludering? For mykje omtanke? For mykje støtte til ungdom som kjenner seg annleis? For mykje synleggjering av menneske som altfor lenge har blitt bedne om å halde seg i bakgrunnen?

For meg verkar det som om ingen klarer å svare på det.

Det som gjer saka endå meir merkeleg, er at dette ikkje er dei verdiane ordføraren sjølv snakka om då Pride vart markert i Fyresdal i 2021. Då sa han:

«Me stør verdiane om å vere inkluderande, ha likeverd og mangfald, og at ingen skal stå utanfor. Det skal vere godt å bu og leve i Fyresdal.»

Det fekk han applaus for. Og med god grunn.

For dette er verdiar dei fleste av oss kan samle oss om.

Men no, fire år seinare, er ein heil månad med regnbogeflagg plutseleg «for mykje og feil». Då må det vere lov å spørje kva som har endra seg.

Er inkludering mindre viktig enn ho var i 2021? Er likeverd mindre viktig? Er mangfald mindre viktig? Er det ikkje lenger viktig at ingen skal stå utanfor?

Eller gjeld desse verdiane berre så lenge dei ikkje blir synlege på ei flaggstong?

Vi snakkar ikkje om millionar frå kommunekassa. Vi snakkar ikkje om store inngrep i kvardagen til folk. Vi snakkar ikkje om noko som tek frå nokon som helst noko som helst.

Vi snakkar om eit flagg.

Eit flagg som seier at du høyrer til. Eit flagg som seier at du er like mykje verd som alle andre. Eit flagg som seier at du skal få vere deg sjølv.

Samtidig går Barneombodet ut og oppmodar alle skular i landet til å heise regnbogeflagget gjennom juni. Dei gjer det fordi dei veit at mange barn og unge framleis møter hets, frykt og utanforskap. Dei peikar på at «homo» framleis blir brukt som skjellsord i norske skulegardar.

Det er nøyaktig det same kommunen si eiga saksutgreiing peikar på.

Likevel kjem formannskapet til motsett konklusjon.

Etter vedtaket sa kommunalsjef Kjersti Bergland at politikarane nok ville få både klager og applaus.

Det har ho sikkert rett i.

Men akkurat det burde få oss til å stoppe opp eit augeblikk. For applaus frå kven? Og applaus for kva?

Applaus for å redusere synlegheita til ei gruppe som framleis opplever diskriminering? Applaus for å seie at ein månad med inkludering er «for mykje»? Applaus for å gå imot det Barneombodet meiner er viktig for barn og unge?

Det som er for mykje, er ikkje eit regnbogeflagg.

Det som er for mykje, er at barn framleis høyrer «homo» brukt som skjellsord. Det som er for mykje, er at unge menneske framleis kjenner at dei må skjule kven dei er. Det som er for mykje, er at menneske framleis opplever hat på grunn av kven dei elskar. Det som er for mykje, er at vi i 2026 framleis diskuterer om alle menneske fortener den same respekten.

Difor spør eg igjen:

Kva er feil?

Kva er for mykje?

Og dersom ingen kan svare på det, er det kanskje på tide å innrømme at problemet aldri har vore lengda på flagginga.

For eit regnbogeflagg handlar ikkje om å stenge nokon ute.

Det handlar om å seie at ingen skal stå utanfor.

Akkurat slik ordføraren sjølv sa i 2021.

Margrethe Halvorsen, leiar av Fyresdal SV ❤️💚

I dag møtte Kjersti, Øystein og Nils Johan i kommunestyret for Vinje SV 💚 ❤️ 12. Mai var nynorskdagen, og me ville løfte...
19/05/2026

I dag møtte Kjersti, Øystein og Nils Johan i kommunestyret for Vinje SV 💚 ❤️ 12. Mai var nynorskdagen, og me ville løfte nynorsk som målforma vår i Vinje 🐐 Kjersti tok derfor ansvar for ein interpellasjon som spurte kvifor nynorsk ikkje er målforma i vaksenopplæringa her i Vinje 🙋‍♀️

Interpellasjon om nynorsk i vaksenopplæringa

Førre veke var den såkalla nynorskveka, og 12. mai, den nasjonale nynorskdagen. I Vinje har nynorsken ei særleg tyding – ikkje berre som administrasjonsspråk, men som ein del av historia, kulturen og identiteten til kommunen.

Samtidig har det den siste tida vore offentleg merksemd kring manglande tilgang til nynorskopplæring for vaksne i Vinje kommune. Dette har skapt engasjement og uro, ikkje minst fordi Vinje er ein kommune med sterke nynorsktradisjonar og eit særleg ansvar for å halde bynorsken levande i praksis.

Gjennom målbruksplanen frå 2023 har kommunen slått fast at nynorsk skal vere språket i dei kommunale tenestene. Vaksenopplæringa er ei kommunal teneste, og kommunen har difor eit ansvar for å sikre at innbyggjarar som ønskjer det, faktisk får tilgang til nynorskopplæring.

Det er også eit sentralt poeng at ungane i Vinje møter nynorsk både i barnehagen og på skulen. Vinje SV ser det som både naturleg og vesentleg at born og vaksne får opplæring i det same språket.

For SV handlar dette ikkje berre om språkpolitikk, men om demokrati, inkludering og like moglegheiter. Språk er makt, deltaking og tilhøyrsle. I ein nynorskkommune må det vere mogleg å lære nynorsk – også for vaksne, arbeidsinnvandrarar og flyktningar som ønskjer å ta del i samfunnet på like vilkår.

Når eit reelt tilbod om nynorskopplæring manglar i praksis, oppstår det eit gap mellom kommunen sine eigne vedtak og den kvardagen nye innbyggjarar møter.

På denne bakgrunnen ønskjer SV å spørje om følgjande:

1. Kva konkret tilbod om nynorskopplæring finst i dag innanfor vaksenopplæringa i Vinje kommune?

2. Korleis meiner administrasjonen at dagens situasjon er i samsvar med målbruksplanen frå 2023, der det heiter at nynorsk skal vere språket i dei kommunale tenestene?

3. Kvifor er det ikkje lenger tilbod om kveldskurs i norskopplæring, og vil kommunen vurdere å opprette kveldskurs i nynorsk for vaksne som ikkje kan delta på dagtid?

4. Kva konkrete tiltak vil kommunen setje i verk for å sikre eit reelt og tilgjengeleg tilbod om nynorskopplæring i Vinje?

Vinje Mållag
Vinjesenteret
Noregs Mållag
LNK - Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Telemark SV

Adresse

Hanesveien 32
Skien
3729

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vinje SV legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del