Skei bibliotek i Sunnfjord

Skei bibliotek i Sunnfjord Skei bibliotek har flytta frå kommunehuset til Skei til nye flotte lokale på Skei skule Vi forventar at du viser respekt for andre.

Opningstider:
Tysdag 15-18

Personvernerklæring for Facebook
Denne personvernerklæringa fortel korleis Sunnfjord kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Facebook. Målet er og gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar. Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande. Vår b

ehandling er i samsvar med Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven). Ansvarlig part
Sunnfjord kommune er ansvarlig part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalte "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook"). Husk at bruk av vår side inneberer ytterlegare behandling av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook: https://www.facebook.com/privacy/explanation. Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Du kan kontakte oss på e-post; [email protected] eller Personvernombod i SySIKT: [email protected]
Generell databehandling
Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side:
• poste ein kommentar på veggen
• legge inn ein kommentar på ein post
• like ein post
• dele ein post
Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation
Analyse av bruk / Site-Insights
Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights). Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation. Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir behandla av Facebook. Endring av denne personvernerklæringa
Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.2023
Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterar personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa. Bruksvilkår for Facebook-sida vår
Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad. Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR; (lenke til eiga nettside)

Vi er klar for årets Sommarles som byrjar i morgon, er du?🥳😄
31/05/2026

Vi er klar for årets Sommarles som byrjar i morgon, er du?🥳😄

Skei bibliotek er diverre stengt grunna sjukdom i dag 12. mai. Velkommen attende tysdag 19. mai
05/05/2026

Skei bibliotek er diverre stengt grunna sjukdom i dag 12. mai. Velkommen attende tysdag 19. mai

15/04/2026

Sunnfjord bibliotek informerer om at Norsk bibliotektransport AS har meldt konkurs.

Som følgje av dette er all transport av bøker og anna materiale mellom bibliotek mellombels stoppa.

Dette gjeld mellom anna:
- fjernlån frå andre bibliotek
- retur og vidareformidling av materiale mellom bibliotek

Situasjonen er usikker, og det er enno ikkje ei avklaring på når transporttenesta eventuelt kan kome i gang igjen, eller om det vil - bli etablert ei alternativ løysing.

For publikum betyr dette at:
- bestillingar av fjernlån kan bli forseinka eller ikkje gjennomførte
- leveringstider er usikre
- biblioteket kan ha avgrensa moglegheit til å skaffe materiale frå andre bibliotek i perioden framover.

Sunnfjord bibliotek følgjer utviklinga tett, og vil halde publikum orientert så snart det ligg føre meir informasjon. Vi ber om forståing for situasjonen og dei ulempene dette kan medføre.
For spørsmål, ta gjerne kontakt med oss i bibliotek.

Neste tidsskrift som får si omtale her, er Z filmtidsskrift - - eit uavhengig filmkulturelt tidsskrift, publisert av Nor...
07/04/2026

Neste tidsskrift som får si omtale her, er Z filmtidsskrift -
- eit uavhengig filmkulturelt tidsskrift, publisert av Norsk filmklubbforbund. Tidsskriftet ser på film- og kulturrelaterte tema i historisk perspektiv og samtidsperspektiv.
Z skal bidra til kunnskap og engasjement, og invitere til refleksjon om filmen som kunstform og underhaldningsmedium.

Papirutgåva av Z kjem ut fire gonger i året, og tema i den ferskaste utgåva er korleis konspirasjonsteoriar og paranoia har blitt skildra på film gjennom fem tiår. Med tilbakeblikkblikk på ei rekke signifikante titlar får vi gjenoppleve regissørar og publikum sin samtidsangst. Filmar blir drøfta i eit historisk perspektiv og spegla mot dagens uro og samfunnsutvikling.

🐥Snart påske!🐥Skal vi tru vermeldinga, så blir det rikeleg med tid til å sitte inne under teppet og lese gode bøker📚 Vi ...
24/03/2026

🐥Snart påske!🐥
Skal vi tru vermeldinga, så blir det rikeleg med tid til å sitte inne under teppet og lese gode bøker📚 Vi har leita fram litt assortert påskekrim til dei som har planer om det 🙌
Vi har også ope tysdag i påskeveka som vanleg. Sjåast 🐥

Gjennom Kulturrådet si ordning for gratis tidsskrift kan biblioteka kvart år søke om å motta gratis abonnement på ulike ...
19/03/2026

Gjennom Kulturrådet si ordning for gratis tidsskrift kan biblioteka kvart år søke om å motta gratis abonnement på ulike tidsskrift.
I år har Skei biblioteket fått abonnement på følgjande:
Agora, Folkemusikk, Fett, Fotografi, Josimar, NY TID, Z filmtidsskrift
Vi kjem til å skrive litt om kvart blad når det kjem til biblioteket.

Først ut i år er Ny Tid.
Ny Tid er ei internasjonal kommentaravis og bokmagasin i fullformat (stor avis). Bokomtalane tek føre seg sakprosa, og i denne utgåva kan du mellom anna lese omtale av Åsne Seierstad si bok Ufred.
Ny Tid vart grunnlagt i 1975 kom ut vekentleg fram til 2015, og mellom 2015 og 2017 som bilag til Klassekampen. No kjem avisa ut fire gonger i året, i mars, juni, september og desember.

Ny Tid kan lånast og står i magasinhylla ved inngangen til biblioteket 🙂

🌱Endeleg er frøbiblioteket på plass igjen, med mange nye typar frø! 🪴  Tenkte du at du ville så Shetlandskål i år? Plomm...
10/03/2026

🌱Endeleg er frøbiblioteket på plass igjen, med mange nye typar frø! 🪴 Tenkte du at du ville så Shetlandskål i år? Plommetomat, dill eller rødbete? Blomsterert i nydelege fargar eller blomkarse? Vi har eit rikt utval frø her på biblioteket - det er berre å komme innom og ta ein kikk 😀

🙌Ope på biblioteket i dag 15-18🙌
17/02/2026

🙌Ope på biblioteket i dag 15-18🙌

13/01/2026
Hei, Skei! Vi ynskjer ❄️GODT NYTT ÅR❄️ med ei rykande fersk utgåve av vinterlesbingoen😃 Vi håpar kategoriane ser spennan...
06/01/2026

Hei, Skei! Vi ynskjer ❄️GODT NYTT ÅR❄️ med ei rykande fersk utgåve av vinterlesbingoen😃 Vi håpar kategoriane ser spennande ut, og at det kan motivere til å lese noko du ikkje har prøvd før. Nytt av året er at vi samarbeider med biblioteka på Høgskulen Vestlandet, Campus Førde, og Førde vidaregåande skule. Det vert felles trekning av 3 vinnarar etter påske. Garantert flotte premiar!

Adresse

Jølstravegen 3310
Skei
6843

Åpningstider

15:00 - 18:00

Telefon

+4757726148

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skei bibliotek i Sunnfjord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Skei bibliotek i Sunnfjord:

Del