Seljord kommune

Seljord kommune Velkomen til Seljord kommune. Her kjem informasjon om stort og smått som skjer i Seljord. Velkomen til Seljord kommune si Facebookside!

Vi ynskjer at innbyggjarar og alle andre med hjarte for Seljord legg inn spørsmål, kommentarar og innlegg. Her vil me gi deg informasjon om tenester, tips om aktivitetar, dele nyheitar om Seljord og gi deg eit innblikk i politiske prosessar. Du finn svar på dei fleste spørsmål på heimesida www.seljord.kommune.no. Enkle spørsmål kan me svare på her, men elles må du ta kontakt med kommunen direkte. Kontaktinformasjon finn du på heimesida eller ring 35 06 51 00. Sida skal vere til nytte for deg som innbyggar i Seljord kommune. Og me vil gjerne ha engasjement, tilbakemeldingar og dialog, men me ber deg tenke gjennom kva du skriv. Nokre kommentarar blir fjerna dersom dei inneheld:

• Hatefulle ytringar og diskriminering
• Ytringer som er fornærmande, ærekrenkande, uanstendige eller pornografiske
• Personangrep, trusler, sjikane eller hakking
• Ufint språk
• Oppfordringar til bruk av fysisk makt
• Gjentakande ytring av konspirasjonsteorier, falske nyheitar eller feilinformasjon
• Spam, eigenreklame eller gjentakande posting av lenker og annet irrelevant innhold
• Brudd på opphavsretten eller innlegg som er i strid med rettigheter til en tredjepart
• Innlegg med sensitive personopplysninger

Me følger med så godt me kan, men nokon gonger kan det glippe.
_______________________________________________________________________
ALT DU GJER OPE PÅ FACEBOOK KAN BRUKAST AV ANDRE

Det er viktig at du vernar om dine personlege opplysningar og hugsar på personvernforordningen (GDPR). Når du følger, likar eller kommenterar på ei Facebook-side, får Facebook tilgang til og kan bruke dei opplysningane og spor som du legg att. Facebook sine retningslinjer og personvernerklæring
Ifølge Facebooks retningslinjer betyr innstillinga «offentleg», at du gir alle tilgang til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte den til deg. I Facebook sin personvernerklæring står det «at offentleg informasjon er tilgjengelig for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil sei at dei spørsmål du stiller og det du kommenterer på for eksempel Seljord kommune si Facebook-side, kan lesast og brukast av andre.

24/08/2026
Menn i helse Telemark søkjer arbeidssøkande menn i samarbeid med kommunane Porsgrunn, Notodden, Seljord og Midt-Telemark...
24/08/2026

Menn i helse Telemark søkjer arbeidssøkande menn i samarbeid med kommunane Porsgrunn, Notodden, Seljord og Midt-Telemark, Telemark fylkeskommune og Nav. Deltakarane får ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom eit komprimert og tilrettelagt utdanningsløp. Undervegs får dei tittelen helserekrutt.

Motivasjon er viktigare enn alder, og tilbodet passar for menn i alle aldrar. I utdanningsperioden vekslar deltakarane mellom ytingar frå Nav og løn frå kommunen.

Bli med på informasjonsmøte

Meld deg på eit uforpliktande informasjonsmøte gjennom Nav-rettleiaren din. Her får du informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheiter. Tidlegare helserekruttar deler òg erfaringane sine.

Informasjonsmøtet er 8. september kl. 09.30–11.30 på Notodden vidaregåande skule, auditoriet.

Les meir her: https://www.seljord.kommune.no/edit/5.7d15e4501a01f71dfa01e93

https://mennihelse.no/

Menn i helse søker deg som er åpen for å tenke nytt. Ta fagbrev som helsefagarbeider og bli attraktiv på arbeidsmarkedet.

19/08/2026

Undervisninga i kulturskulen startar måndag 24.8.26

Har du lyst til å jobbe i skulen?Seljord barne- og ungdomsskule treng tilkallingsvikarar i skule og SFO for skuleåret 20...
18/08/2026

Har du lyst til å jobbe i skulen?

Seljord barne- og ungdomsskule treng tilkallingsvikarar i skule og SFO for skuleåret 2026 - 2027. Er du glad i barn og ungdom, god til å bygge relasjonar, positiv, fleksibel og glad i å samarbeide er det deg vi ser etter!

Ta kontakt med assisterande rektor Anette Reitan tlf. 976 03 129 eller assisterande rektor Audny Barstad på tlf. 480 57 027 for ei samtale.

Sommarskulen 2026 i Seljord I sommar har Ambros, Sara, Håvard Ane og Mona vore aktivitetsleiarar på Sommarskulen i Seljo...
17/08/2026

Sommarskulen 2026 i Seljord

I sommar har Ambros, Sara, Håvard Ane og Mona vore aktivitetsleiarar på Sommarskulen i Seljord kommune. Ane jobbar til vanleg som ungdomslos, medan dei andre har vore sommarvikarar. Ragnhild har vore leiar for Sommarskulen, og har og vore med på mykje av moroa ute på aktivitetane.

Aktivitetsleiarane har fått vere med på litt av kvart gjennom sommaren, og dei har og fått vere med på å forme innhaldet sjølve.

Sara fekk mellom anna ansvar for å planleggje noko kreativt, noko som resulterte i to skikkeleg fine dagar ein dag på Kunstlåven og ein taggeworkshop på Mjølkerampa. Her var det gull å ha Sara med på laget, for ho viste seg nemleg å vere ein skikkeleg ræser med sprayboksen.

Håvard og Ambros vil nok vere einige om at litt action heller ikkje har vore feil! Paintball, Combat Archery og turen til Norsjø Kabelpark vart innertiarar, med mykje fart, konkurranse, latter og nokre spektakulære fall undervegs.

Ane, som til vanleg jobbar som ungdomslos, og Mona, som er vernepleiar, har med erfaringa si vore trygge og gode ressursar gjennom sommaren. Dei har bidrege med mykje godt humør, tryggleik og eit godt blikk for borna og ungdomane. Saman har heile gjengen vore med på å skape eit variert tilbod og mange gode opplevingar for born og unge i Seljord.

Det har vore ein sommar med høgt tempo, mykje latter og mange ulike utfordringar. Ein stor takk til Ambros, Sara, Ane, Håvard og Mona for innsatsen og engasjementet og for at de har kasta dykk med på alt Sommarskulen har bydd på!

Foto: frå ventre av Ambros Rønjom Rue, Sara Smith, Ragnhild Stade, Håvard Eilefstjønn

14/08/2026

🎪CIRKUS AGORA KJEM TIL SELJORD🎪

Cirkus Agora kjem til Seljord ved Dyrskuplassen tysdag 18. august kl. 18.00.🤠🐴

Billettar og meir info på nettsida Cirkusagora.no

🌞 Takk til alle sommarvikarane våre! 🌞Gjennom sommaren har mange flinke sommarvikarar bidrege til å halde hjula i gang i...
14/08/2026

🌞 Takk til alle sommarvikarane våre! 🌞
Gjennom sommaren har mange flinke sommarvikarar bidrege til å halde hjula i gang i Seljord kommune. Dei har gjort ein viktig innsats for innbyggjarane våre og vore ein verdifull del av tenestene våre.

Vi vil rette ein stor takk til kvar og ein av dykk for innsatsen, engasjementet og den gode jobben de har gjort. Vi håpar de har hatt ei lærerik og triveleg sommar hos oss, og at vi får sjå mange av dykk att som vikarar eller framtidige medarbeidarar.
Nedanfor kan du bli kjend med nokre av sommarvikarane som har jobba hos oss i år.

Bjønn Klomset-Lønnestad
Bjønn har jobba som sommervikar for samfunnsutvikling og drift med grassklipping, kantklipping, vanning, rydding, hjelpemann og diverse arbeidsoppgaver.

Open omsorg har hatt mange flotte sommervikarar i år.
Under ser de Stine Høydahl - ho er sommervikar hos oss som heimehjelp.

Frå venstre sjukepleierstudent Aurora Haugen. Til Høgre Hilde Sveinsson Fosnæs, Sjukepleiar.

I sommar har Ambros, Sara, Håvard Ane og Mona vore aktivitetsleiarar på Sommarskulen i Seljord kommune. Ane jobbar til vanleg som ungdomslos, medan dei andre har vore sommarvikarar. Ragnhild har vore leiar for Sommarskulen, og har og vore med på mykje av moroa ute på aktivitetane.

Frå venstre av Ambros Rønjom Rue, Sara Smith, Ragnhild Stade, Ane Flatland, Håvard Eilefstjønn

Mjølkerampa Ungdomshus ser etter aktivitetsleiar, sjekk ut informasjon!
13/08/2026

Mjølkerampa Ungdomshus ser etter aktivitetsleiar, sjekk ut informasjon!

Vi ynskjer alle elevar velkomne til skulestart måndag 17. august. Spesielt velkomen til alle nye fyrsteklassingar!Seljor...
07/08/2026

Vi ynskjer alle elevar velkomne til skulestart måndag 17. august. Spesielt velkomen til alle nye fyrsteklassingar!

Seljord barne- og ungdomsskule: måndag 17. august kl. 08:10
Flatdal skule: måndag 17. august kl. 08:40
1.klassingane i Seljord møter på baksida av skulen.
1.klassingane i Flatdal møter ved flaggstonga i skulegarden.

Vi minner samstundes om start- og sluttider ved skulane:

Seljord barne- og ungdomsskule 08:10-13:50 og Flatdal skule 08:40-14:10.

1. - 4.klasse har litt annan dagsrytme nokre dagar i veka, det finn du informasjon om på www.seljord.kommune.no

Vel møtt til nytt skuleår!

Helsing

Ingunn Haugland, rektor Seljord barne- og ungdomsskule Terje Haugland, rektor Flatdal oppvekstsenter

Foto: Colourbox.com

Adresse

Brøløsvegen 13 A
Seljord
3840

Åpningstider

Mandag 07:45 - 15:00
Tirsdag 07:45 - 15:00
Onsdag 07:45 - 15:00
Torsdag 07:45 - 15:00
Fredag 07:45 - 15:00

Telefon

+4735065100

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Seljord kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Seljord kommune:

Snarveier

Del