31/05/2026
I morgon byrjar Sommarles! 🥳🥳
Sommarles er Noregs største lesekampanje for barn i 1.-7. klasse (og dei som går siste året i barnehagen).
Sommarles varar frå 01. juni til 31. august.
Korleis bli med:
Gå til sommarles.no og lag ein profil saman med barnet.
Registrer alt som vert lest og få XP (poeng).
På level 10, 20, 30, 40 og 50 kan de komma på biblioteket og få ein fin premie!
Tidlegare har vi registrert antal sider lest.
Nytt i år er at ein registerer kor mykje tid ein brukar på å lese. Sjekk vedlagd lesetabell.
Alle formar for lesing tel, anten det er å lese sjølv, å lese med øyra eller fingrane. ❤
Sjekk gjerne ut Tibi, biblioteket for tilrettelagd litteratur. Tibi er eit gratis og landsdekkande tilbod til alle som av ulike grunnar strevar med å lese.
God lesesommar, så snakkast vi på biblioteket! :D