25/08/2026
Kan PRT vere eit nyttig verktøy i rehabilitering?
På Møteplassen 2026 utforskar vi korleis Pain Reprocessing Therapy (PRT) kan brukast i møte med menneske som opplever langvarige smerter og symptom, og får høyre erfaringar frå ulike rehabiliteringsklinikkar.
📅 3.–4. november
📍Hotel Zander K, Bergen
Årets tema er relevant for alle rehabiliteringstilbod der smerter og symptom står i vegen for deltaking i arbeid, utdanning og kvardagsliv. Difor ønskjer vi klinikarar frå heile rehabiliteringsfeltet velkomne.
🐦Early bird-pris til 31.august!
👉 Finn ut meir og meld deg på: https://www.rkhr.no/moteplassen-2026/