01/06/2026
Gratulerer til dei nye fengselsbetjentane!👏👏👏👮👮♂️
Fredag i førre veke fekk 157 aspirantar vitnemåla sine frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS. No skal dei ut og gjennomføre pliktåret sitt i einingane i Kriminalomsorgen. Statssekretær Gunn Karin Gjul var til stades under vitnemålsseremonien for å gratulere studentane med vel gjennomført studie- og aspirantløp.
– De har teke på dykk eit utruleg viktig samfunnsoppdrag, og de kjem til å spele ei viktig rolle i kvardagen til mange. Dette er eg og heile regjeringa svært takksame for, sa Gjul i helsingstalen sin.
Gratulerer, og lukke til vidare!
Foto: Christine Vatnøy/KRUS