31/05/2026
Ny likestillingsmelding for fridom og feminisme.
Eg er glad for at Venstre no har framlegg om ei ny stortingsmelding om likestilling. Framlegget skal handsamast i Stortinget 5.juni:
Likestilling føreset at alle menneske har like rettar og reelle moglegheiter til å utvikle sine evner, ta sjølvstendige val og delta aktivt i samfunnslivet, uavhengig av kjønn. Eit likestilt samfunn byggjer på prinsippet om at kvar enkelt skal kunne leve sitt liv utan avgrensingar som følgje av kjønnsroller eller forventningar ein ikkje sjølv har valt.
Eit fritt og inkluderande samfunn er kjenneteikna ved at individet har handlingsrom til å forme si eiga framtid. Dette inneber eit samfunn der menneske først og fremst blir møtt som individ, og ikkje blir definert av kategoriar som kjønn. Eit fritt og likestilt samfunn må også ta på alvor fleire likestillingsdimensjonar enn kjønn. Den enkelte må ha moglegheit til å trå utanfor tradisjonelle mønster, følgje eigne ambisjonar og utforme eit liv som samsvarar med eigne mål og verdiar.
Vi treng eit samfunn der alle kan delta på like fot, skape sine eigne moglegheiter og realisere sitt potensial. Dette er ikkje berre eit likestillingsmål, men eit sentralt fundament for sosial berekraft, demokratisk deltaking og framtidig verdiskaping.
Polarisering og motstand mot feminisme og likestilling er i dag ein bremsekloss for samfunnsutviklinga. Likestilling som grunnverdi er under press, og polarisering svekkjer moglegheita for å nå sentrale samfunnsmål. Når kjønn blir sett opp mot kvarandre, og når minoritetar blir skyvd ut av debatten, undergrev dette både demokratiet og samfunnet si evne til å handtere faktiske utfordringar. Denne typen motstand er uheldig, og eit ekko av eit gammaldags syn på samfunnsroller og maktforhold som Norge for lengst burde vore ferdig med.
Motstand mot likestilling er fundamentalt bakstreversk fordi den byggjer på oppfatningar om at likestilling enten ikkje trengs, eller at framsteg for kvinner går ut over framsteg for andre grupper. Slike motsetningar er kunstige og direkte skadelege; ein politikk som stiller kvinner og menn opp som konkurrentar, svekkjer både likestilling og samfunnsutvikling som heilskap. Forsking viser derimot at likestilling styrkjer verdiskaping, helse, arbeidsliv og demokratisk deltaking.
Det er fullt mogleg å motverke polariseringa. Likestillingssenteret KUN framhevar at robuste fagmiljø og ei tydleg politisk satsing på likestillingsarbeid er blant dei beste verkemidlane for å sikre at ytterpunkta ikkje får definere den offentlege samtalen. Regjeringa understrekar det same i meldinga om seksuell trakassering: Langsiktig arbeid med normer, maktbalansar og kjønnsstereotypiar er avgjerande for å byggje eit samfunn der alle kan delta trygt og likestilt. Dette viser at ein ikkje er makteslaus, men at Norge tvert imot har sterke institusjonar, god kunnskap og politiske verkty for å dempe polarisering og fremje likestilling.
Det er lenge sidan Stortinget behandla ei likestillingsmelding (2016). Mykje har skjedd sidan den gong, og dessverre har ikkje alt gått i riktig retning. Det er behov for oppdatert kunnskap om likestilling bl.a. knytt til økonomi, samfunnsdeltaking og leiaransvar, utdanning og arbeidsliv, foreldrepermisjon og forsørgjaransvar og ulikskap knytt til helse.
Vi treng ein ny større debatt om likestilling, der ein får oppdatert fagkunnskap, og dette blir best gjort gjennom ei ny likestillingsmelding, som bør ha eit interseksjonelt perspektiv.
På mange område har ikkje politikken oppnådd tilfredsstillande resultat. Vald i nære relasjonar må forståast som ei grunnleggjande likestillingsutfordring, fordi kvinner blir ramma hardast og mest alvorleg av slik vald. Nasjonale studiar viser at ei av ti kvinner har vore utsett for alvorleg fysisk vald frå partner, og at kvinner langt oftare enn menn opplever den typen gjentakande, kontrollerande vald. Også tal drapssaker i nære relasjonar og tal valdtekter dei siste åra er blant dei mest alvorlege problemstillingane for norsk likestilling. Frå eit feministisk perspektiv er det tydeleg at valden ikkje berre er enkelthendingar, men også uttrykk for strukturelle maktforhold der økonomisk avhengigheit, lønnsskilnader og avgrensa handlingsrom bidreg til å forsterke risiko og hindre kvinner i å bryte ut. Fordi vald i nære relasjonar får djuptgripande konsekvensar for helse, deltaking og sjølvbestemming, representerer den eit alvorleg brot på kvinner sine menneskerettar og fridom, og krev difor målretta, likestillingsorienterte tiltak i førebygging, beskyttelse og oppfølging som må adresserast tydeleg i en ny stortingsmelding.
Kvinnekamp og likestilling er ikkje eit forbigåande politisk prosjekt, men ein nødvendig og framtidsretta innsats for eit moderne samfunn. Alt tyder på at økonomien, arbeidslivet og demokratiet blir meir robust og meir innovativt når kvinner og menn har like moglegheiter til deltaking og innflytelse. Å kjempe for likestilling er difor ikkje berre rettferdig – det er ei investering i Norge si framtid. Motstand mot denne utviklinga er ikkje eit reelt alternativ, men eit historisk tilbakesteg. Likestilling er framtida, og kvinnekamp er komen for å bli.