04/09/2026
Skulle Ulrich Siegmund bli ministerpresident i Sachsen-Anhalt, vil det globale ytre høgre, dei som opererer som ein felles front på internett, feire det som ein siger. Ut frå USAs gjeldande tryggingsstrategi vil det også vere godt nytt. Den seier som kjent at parti som AfD er det einaste som kan redde Europa frå ein undergang som trugar. I tillegg vil det vere godt nytt for den russiske presidenten Vladimir Putin, hevdar aktivisten Henry Lindemeier.
– Vi er under angrep frå Russland. Ein kan seie mykje om AfD, men for meg, i denne samanhengen, handlar det om at partiet ikkje er lojalt mot Europa, dei står på Russland si side, seier Lindemeier.
Les reportasjen til Astrid Sverresdotter Dypvik her:
MAGDEBURG, KLEIN WANZLEBEN: Alternativ for Tyskland (AfD) er største parti i Sachsen-Anhalt. No vil partiet overta makta i delstaten.