01/06/2026
Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng møtte i dag frivillige organisasjonar frå heile landet for å høyre om, og få tilbakemeldinger for å få til betre integrering.
Integreringa i Noreg går i hovudsak bra. Samstundes er det utfordringar når for mange med innvandrarbakgrunn står utanfor arbeidslivet og slit med levekårsutfordringar. Å få fleire inn i arbeid er difor ein viktig del i arbeidet med regjeringas integreringsstrategi.
– For Arbeiderparti-regjeringa er det viktig å leggje til rette for at dei som kjem til landet vårt har moglegheit til å lukkast, gjennom god språkopplæring og moglegheit til arbeid. Frivillige organisasjonar er eit viktig supplement for integreringsarbeidet. Då er det viktig å møte dei og forstå kor skoen trykker.
Difor har eg invitert store og små organisasjonar frå heile landet, for å få tilbakemeldingar på kva vi, dei, og resten av samfunnet kan gjere enda betre, slik at fleire integrerast, lærer seg norsk og kjem i arbeid, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Foto: Simen Gald / AID
Les meir via lenke i kommentarfeltet 👇