26/05/2026
Vi søker ein erfaren .NET-utviklar som vil bidra til både vidareutvikling og vedlikehald av dagens systemportefølje, og samtidig vere med på å forme framtidas digitale løysingar gjennom utvikling av robuste og brukarvennlege webapplikasjonar. Søknadsfrist 5. juni.
Helsetilsynet og statsforvaltarane har vedteke ein felles strategi for perioden 2025 til 2035, med eit tydeleg mål om eit effektivt, samordna og kunnskapsbasert tilsyn. Strategien inneber ei omfattande satsing på digitalisering.
Som ein del av dette, skal det utviklast eit nytt felles fagsystem og ei moderne data- og analyseplattform.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
📍utvikle og vedlikehalde digitale løysingar som effektiviserer offentleg forvaltning
📍sikre saumlaus integrasjon mellom interne system og nasjonale felleskomponentar
📍arbeide i smidige utviklingsteam der det blir lagt vekt på kontinuerlege leveransar, samarbeid og forbetringar
📍bidra aktivt til kodekvalitet og stabilitet gjennom testing, kodegjennomgang og bruk av moderne utviklingsverktøy
Les meir om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonskrav https://www.helsetilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/
Bilde: Freepik