28/08/2026
Farvel til Kongen – takk for tenesta!
«Politiet står vakt når nasjonen feirar, og når nasjonen sørgjer. Gjennom meir enn hundre år har bandet mellom Kongehuset og politiet vore bygd på teneste, lojalitet og vern av demokratiet. Når me tek farvel med Kong Harald V, tek me også farvel med ein konge som generasjonar av politifolk har hatt æra av å beskytta og møta i tenesta.
Eg har hatt gleda av å møta Hans Majestet ved fleire høve, og eg minnest fyrst og fremst eit interessert, godt og varmt menneske. Eit menneske med glimt i auget, humor og ei heilt spesiell evne til å få folk til å føla seg vel.
Vi i politiet vil i dagane framover gjera vårt til at sørgjemarkeringar landet rundt blir gjennomført på ein trygg og verdig måte.»
Les ei siste helsing til kong Harald frå politidirektør Håkon Skulstad, på vegner av heile politietaten: Farvel til Kongen – takk for tenesta! - Politiet.no