30/09/2025
Vask deg - kampanje
Denne veka startar Odda folkebad ein kampanje for å få alle badegjestene til å forstå kor viktig det er å vaska seg før dei går i bassenget.
🙂 Og poenget er..?
Dei som ikkje dusjar, drar med seg så mykje rusk og rask at me må bruka mykje klor for å halda bassenget reint.
🙂 Kva er så ille med klor då?
Litt klor går fint. Men i større mengder kan det vera irriterande både for hud, luftvegar og auger.
🙂 Jaha, og kva er liksom den «rette» måten å dusja på?
Ta av ALLE kleda, gå inn i dusjen og vask heile kroppen med såpe, spesielt der basseluskane blomstrar. Skyll godt av og ta på badetøy. Så enkelt!
🙂 Jammen så nøye kan det vel ikkje vera. Kan eg ikkje berre..?
Nei.
TAKK for at du bidrar til eit reinare basseng -
TAKK for at du vaskar deg! 🙂