09/09/2026
Har du noko gong tenkt at Språktreff høyrest veldig kjekt ut, men aldri kome så langt at du har teke turen innom? Kanskje har du lyst til å vita litt meir om kva det er, og kva me gjer på?
Då er OPEN DAG PÅ SPRÅKTREFF eit perfekt arrangement for deg!
Her vil du få ein smakebit på både Språktreff og matrettar frå ulike land!
Me møtest i Gamleskulen på Norheim tysdag 29. september kl. 17.30, deler eit måltid mat saman, og blir betre kjende med kvarandre.
Gjengen som går på Språktreff har etter kvart vorte ein veletablert og samansveisa hop - men, me har alltid plass til fleire! Ta gjerne med deg ein venn, granne, eller kollega, og bli med på ein kjekk dag saman med oss i Språktreff!
Har du spørsmål? Ta kontakt med Helena på e-post: [email protected] eller telefon: 480 72 456.
HJARTELEG VELKOMEN! 🤗