Kvam brann og redning

Kvam brann og redning Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Kvam brann og redning, Brannstasjon, Grovagjelet 16, Norheimsund.

Brannbamsen Bjørnis og me andre i Kvam brann og redning er klare for ferie, og reknar med det er fleire i kommunen vår s...
03/07/2026

Brannbamsen Bjørnis og me andre i Kvam brann og redning er klare for ferie, og reknar med det er fleire i kommunen vår som er klare! Men det er ingen grunn til å ta fri frå branntryggleiken! Me vil difor minna om at når de skal overnatte på ukjende stader så sjekk fylgjande:

✅Er det fungerande røykvarslar eller brannalarm? Eit tips frå oss er at de skaffar dykk ein reiserøykvarslar, då har de alltid med eit lite stykke branntryggleik kvar enn de reiser.
✅Sjekk rømmingsvegane. Ta ein titt, og gå ut fleire vegar slik at de veit om alternative rømmingsvegar.

Riktig GOD SOMMAR frå alle oss i Kvam brann og redning! 🚒

I fleire år har Det lokale eltilsyn (DLE) og Kvam brann og redning hatt undervising i brannvern og eltryggleik for eleva...
18/05/2026

I fleire år har Det lokale eltilsyn (DLE) og Kvam brann og redning hatt undervising i brannvern og eltryggleik for elevar på 6. trinn i Kvam herad.

I år fekk me besøk av elevar frå Øystese skule og Norheimsund skule på brannstasjonen, og me var på besøk hjå Strandebarm skule. Elevane fekk opplæring i førebyggjande brannvern, eltryggleik og kva dei skal gjera dersom det oppstår brann. Til slutt fekk alle som ønskte det prøve å sløkkje brann med sløkkjeapparat eller brannslange.

Me er takksame for at me får møte så mange kjekke og engasjerte elevar frå heile kommunen, og håpar dei tek med seg viktig kunnskap heim 😊

Røykdykking er ei av dei farlegaste oppgåvene ein brannkonstabel utfører 👨‍🚒🔥Å gå inn i brennande, røykfylte og varme by...
02/03/2026

Røykdykking er ei av dei farlegaste oppgåvene ein brannkonstabel utfører 👨‍🚒🔥

Å gå inn i brennande, røykfylte og varme bygningar for å redda liv er ekstremt krevjande. ​Difor er det strenge krav til årlege medisinske og fysiske testar. I tillegg øver me jamleg for å halda kompetansen oppe.

​For tida står det ein eigen røykdykkarcontainer ved stasjonen vår i Norheimsund. Denne går på rundgang mellom mange kommunar gjennom samarbeidet i Vest brann og redningsregion.

I denne containeren kan me:
• ​Simulera ei realistisk romløysing i eit hus.
• ​Fylla rommet med tett røyk.
• ​Kjenna på temperaturar opp mot 300 grader.

​Dette gjer at me får øvd på ein effektiv og smart måte med høg kvalitet – slik at me er best mogleg rusta når det verkeleg gjeld 🔥

Brann-Norge er i sorg etter den tragiske brannen i Verdal i natt, der to brannkonstablar er sakna og antatt omkomne. Vår...
07/01/2026

Brann-Norge er i sorg etter den tragiske brannen i Verdal i natt, der to brannkonstablar er sakna og antatt omkomne. Våre tankar og djupaste medkjensle går til pårørande og våre kollegaer i Brannvesenet Midt ❤️

Fyrverkeri og stjerneskot er stas for dei små (og kanskje og dei store?). Men ein hyggeleg kveld kan fort snu om ein ikk...
30/12/2025

Fyrverkeri og stjerneskot er stas for dei små (og kanskje og dei store?). Men ein hyggeleg kveld kan fort snu om ein ikkje tenkjer tryggleik fyrst!

Brannbamsen Bjørnis og me andre i Kvam brann og redning oppmodar alle til å bruke vernebriller under handtering av fyrverkeri, og ungane synest det berre er stas å få bruke vernebriller når dei held i stjerneskotet 😊

Hugs og å lese bruksanvisinga for fyrverkeriet de har kjøpt. Les meir om tryggleik rundt bruk av fyrverkeri på: https://www.dsb.no/sikkerhverdag/fyrverkeri-og-eksplosiver/slik-bruker-du-fyrverkeri-trygt/

Riktig Godt Nyttår frå alle oss i Kvam brann og redning 😊🚒

I dag er røykvarslardagen! Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar, men berre når den verkar! Sjekkliste:✅Trykk på...
01/12/2025

I dag er røykvarslardagen! Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar, men berre når den verkar!

Sjekkliste:
✅Trykk på testknappen
✅Sjekk om de må byta batteri
✅Sjekk om røykvarslarane må bytast ut fordi dei er for gamle
✅Sjekk at alle kan høyre røykvarslaren godt i alle opphaldsrom

Kva gjev du til dei som «har alt» eller «ikkje treng noko»? Me i Kvam brann og redning har mange gode tips når besto ell...
12/11/2025

Kva gjev du til dei som «har alt» eller «ikkje treng noko»? Me i Kvam brann og redning har mange gode tips når besto eller besten har bursdag og ikkje ynskjer seg noko: komfyrvakt, brannteppe eller kanskje besøk frå ein elektrikar som tek ein sjekk av elektrisk anlegg! ✅

Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkome i brann enn resten av befolkninga. Samtidig vert det fleire eldre og dei bur heime lenger enn før. God brannberedskap reddar liv og det er ofte ikkje så mykje som skal til. Om det ikkje er ein bursdag rett rundt hjørnet kan ein prat rundt kjøkenbordet om brannfarar i heimen gjera stor forskjell.

Ta vare på kvarandre og dei eldre de har rundt dykk!

Adresse

Grovagjelet 16
Norheimsund
5600

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvam brann og redning legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvam brann og redning:

Snarveier

Del