22/07/2026
22. juli – 15 år sidan
I dag er det 15 år sidan terrorangrepet på Regjeringskvartalet og Utøya. Ein dag som har sett djupe spor, og som me aldri må gløyme.
Tidlegare i år deltok nokre av representantane frå Kvam ungdomsråd på kurs på Utøya i regi av Det Europeiske Wergelandssenteret. Sjølv om kurset handla om demokrati, medborgarskap og ungdomsmedverknad, var det å få vere på Utøya ei oppleving som gav historia eit heilt anna perspektiv.
Sjølv om me opplevde besøket kvar på vår måte, trur me det er rett å seie at det gav oss ei djupare forståing av kva 22. juli betyr – og kvifor me framleis må ta vare på demokratiet, ytringsfridomen og fellesskapet vårt.
22. juli handlar ikkje berre om å minnast det som skjedde. Det handlar òg om å ta med oss lærdommen vidare, stå opp mot hat og ekstremisme, og bidra til eit samfunn der alle kjenner seg trygge, inkluderte og høyrde.
I dag sender me tankane våre til dei 77 som mista livet, dei etterlatne og alle som framleis lever med konsekvensane av terroren.
❤️ Aldri gløyme.