26/05/2026
Er du eller kjenner du nokon som er vår neste vaktmeister i vikariat? 👷♂️🔧
Fjordane folkehøgskule søkjer ein praktisk og løysingsorientert vaktmeister i 60 % stilling, med moglegheit for større stilling for den rette personen.
Vi ser etter deg som trivst med varierte arbeidsdagar og likar å halde ting i orden – både inne og ute. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere dagleg vedlikehald, enkle reparasjonar, tilsyn med bygningar og uteområde, samt praktisk bistand ved arrangement.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med mykje liv, godt humør og meiningsfulle arbeidsdagar tett på både elevar og tilsette.
Les meir om stillinga her:
Er du vår nye vaktmeister-vikar?