Elvablomen villhage - a wild garden

Elvablomen villhage - a wild garden Unik hage langs Bleie-elve. Bevisst blanding av ville og hageplanter. Ein god stad for å kvile, nyte natur, rennande vatn og fugleliv.

Utleigehytte, grille eller ta badstu. Kort sagt ein stad å slappe av, lade opp og få inspirasjon. Frå villniss til villhage:

Bit for bit har eg med spade, grafsa og trillebor lagt ein stadig større del av elvabaret til hagen, som eg etterkvart kom til å kalla "Elvablomen villhage". Den er mitt bidrag til kunsten, som eit stykke estetisk 'Landart' tilpassa terrenget, og der ville og tamme planter står i ein flott harmoni. Hagen kan vera eit eldorado for kamera, enten det er blomar, fuglar eller elva som er motiv. Denne ufruktbare og litt løynde delen av garden er no blitt fruktbar på ein annan måte enn frukthagane: den gir ei litt ansleis naturoppleving i Hardanger, ei nærkontakt som kan gi indre harmoni og ny styrke om du gir deg tid, og har evne til å roe ned og bli i eitt med naturen her. Lyden frå elva silar ut støy frå omverda, som om ein blir hypnotisert. Du kan finne fred i sjela om du set deg ned, tida står liksom stille, og du er berre til der du sit. "Take only photos, leave only footprints!"

HORTENSIA  - Hydrangea - fine om haustenHortensia er ei plante eg vaks opp med: Mor og far hadde ei klatrehortensia som ...
13/08/2026

HORTENSIA - Hydrangea - fine om hausten

Hortensia er ei plante eg vaks opp med:
Mor og far hadde ei klatrehortensia som framleis er i god vekst ved vegmuren på Bleievegen bort mot brua.
Og så er det litt større buskane av syrenhortensia - kvite blomar som lyser lang veg i alt det grøne no.

Foreldra mine hadde også ei hagehortensia med fine ljoseblå blomar.
Kun ei.
Den måtte me prøva å flytta då ein bygde litt på gardshuset i 1990-åra - den var då så gammal og stor at ei gravemaskin gjorde det.
Til mi fortviling datt den heilt ifrå kvarandre, og eg trudde den var gåen for godt. Det var den slett ikkje.
For nesten kva einaste grein hadde sine eigne røter!
"Er der liv er der håp" tenkte eg ... og stappa dei i jorda.

Resultatet er at no har denne eine planta blitt til ca 15 nye spreidd rundt i tun og hage - og lyser så flott no med med sine himmelblåe blomer.
For meg er desse eit fint minne etter foreldra mine - og barndomens hage 🩵💙

----------------------------------

Den andre hortensiaen på bileta her har også ein artig historie.
Den var ei lita potteplante av stovehortensia som overlevde ein vinter -- og eg fann ut eg skulle berre planta og sjå kva det vart utav den.
I fleire år stod den berre der og tudra .. overlevde så vidt. Men så sette den i gang med å veksa , utan at eg hadde gjort noko spesielt.
No dekkar den snart fleire meter i diameter - om den hadde fått lov - eg må faktisk skjera av den for å halde vekst i sjakk.
Men den får lov å vida seg utover på bålpanneplassen ved elva og apeskrekken, for den har nokon aldeles nydelege blomar: først kvitaktige som endrar seg til lilla og fiolett - og den er snart eit syn no når dei alle kjem ut. 🩷💜
Og - eg anar ikkje kva sorten heiter. Men den er ei fantastisk haustplante i hagen.
Vil prøva laga meg fleire av denne.
.. og ja, det kunne vore luka litt meir ein del stader i hagen, men håpar de ser det som er vakkert likevel.
Armane min har hatt sine avgrensingar i lengre tid - mange år - men no har eg fått klarsignal etter kontroll av nye protesar i begge skuldrar; " ingen restriksjonar lenger" 🥰
Det betyr likevel ikkje at eg har fått att all mobilitet, og langt i frå styrke .. det kjem vel aldri tilbake slik det var -- men det går framover både med meg og hagen -- om enn begge deler kanskje må ha eit år til på seg 💚💛

Dagens rosa heiter "Morten Korch" - denne seier litteraturen er ei stilkrose, men synest den nesten blømer så rikt som k...
17/07/2026

Dagens rosa heiter "Morten Korch"
- denne seier litteraturen er ei stilkrose, men synest den nesten blømer så rikt som klaserose eg?

Vel - den er enda ei lita, svak plante med kun ei grein opp i fjor, men som det ser ut for at eg klarar å berge til slutt.
Det stellet var den bryet verdt når ein ser desse blomane.

Trur denne blir ein av favorittane mine i hagen oppom huset med sine duse fargar og god roselukt - og spesielt med bakgrunnen med utsikta opp mot Folgefonna og Nonsteinen

Rosa 'FELLOWSHIP' - i engelsk kan det bety samkjensle, vennskap eller fellesskap- synest derfor denne passar godt å visa...
14/07/2026

Rosa 'FELLOWSHIP'
- i engelsk kan det bety samkjensle, vennskap eller fellesskap
- synest derfor denne passar godt å visa i desse dagar etter all samkjensla knytt til VM i fotball

- denne er også ein av 'premiane' til meg sjølv etter første skulderoperasjon i fjor haust
- trur det nesten var november då den kom i jorda i fjor ..

- eg pakka alle dei nye og seint planta rosebuskane ekstra godt inn med mose og granbar då det vart meir og meir barforst i løpet av vinteren - det er litt små svake planter å få tak i seint om hausten.

Dei har heller ikkje fått den lunaste plasssen i hagen - solrikt ja, så lenge her er sol på Bleie skin den her den står , men i nordvendt skråning, og med masse kald trekk frå elve om vinteren.
Så eg var veldig spent korleis den ville utvikla seg.

Men😍 SJÅ på den no - frisk og fin og med mange blomar.
Den store Hostaplanta bak er Sum and Substance ( ein av verdas største sortane som finst) , og den vil utvikla seg med meir og meir gul bladfarge, og blir dermed ein fin kombinasjon til roseblomane
Eg blir glad eg når eg ser kor godt den har klart seg ❤️🧡💛

Ny rose - "Augusta Luise"- kjøpt og planta seint hausten 2025 for å ha eit symbolsk minne etter at første arm hadde fått...
12/07/2026

Ny rose - "Augusta Luise"
- kjøpt og planta seint hausten 2025 for å ha eit symbolsk minne etter at første arm hadde fått protese.
- den har overlevd den strenge vinteren bra , og er ei lita plante enno samanlikna med naboplantene. Men det reknar eg med tek seg opp med tida
- no har den sett i gang med å bløma med store blomar som skifter farge frå rosa til fersken og gul - veldig spennande fargemiks
- står som nabo til Rhapsody in Blue - og dei passar godt saman i fargane.
- også denne har god lukt , noko som ofte er eit kriterium for at eg kjøper ei rose

10/06/2026

NYE FOSSEKALLAR I GANG MED HEKKING - no langt uti juni!

Når eg zoomar inn i denne videosnytten, så er det korkje blømande rhododendron eller ei brusande elv som er fokus.
Det er dei to små fjørkledde i kjole og kvitt som sit tett i tett på ei grein oppi eit tre: to fossekallar
I år var eg nemelg litt lei meg pga eg for første gong opplevde ikkje at her kom fossekallar og hekka på den vanlege plassen.

Dette er så eldgammalt at til og med berget ved elva har fått navnet 'Kadlasprang'; fossekallane spring opp og ned på dette berget 'heile tida'. Det er ei fasinerande naturoppleving å bu så nært at ein vaknar av songen deira. Tidleg , tydeleg og høgt syng dei om våren.

Men ikkje i år. Kun ein einsleg fugl har floge opp og ned her innimellom. Og eg har vore uroleg for dei, og årsaka til dette.

Men NO - endeleg - ca 2 mnd etter normal start med hekking, så har to stk omsider har funne kvarandre, kurtisert, bygd reir.
Og denne veka føregår tydelegvis egglegginga!

Hannen sit trufast åleine på greina i treet , time etter time, dag etter dag - mens ho er nede og legg egg! Det glede meg.

Så kjem her kanskje nokon små fossekallar i år òg. Må berre håpa at mink og mår eller rovfugl ikkje kjem og tek dei

Sorry for litt dårleg filming - men med to nyopererte armar med protesar klarar eg ikkje halda alt fint i ro enno. Håpar likevel de får eit visst inntrykk av dette, og synest det er kjekt at det skjer.

Adresse

Fjordavegen 1834-36 På Garden Indre Bleie I Hardanger

5776NÅ

Telefon

+4791179795

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Elvablomen villhage - a wild garden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Elvablomen villhage - a wild garden:

Snarveier

Del