Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune Velkommen til Møre og Romsdal fylkeskommune på Facebook. Her deler vi små og store nyheiter. Vi kommenter derfor ikkje enkeltsaker som er omtalt i media.

BRUKARVILKÅR OG PERSONVERNERKLÆRING

BRUKARVILKÅR

Velkommen som brukar av Facebook-sida vår. Her er retningslinjene for bruk av Møre og Romsdal fylkeskommune si Facebook-side, som alle besøkande må følge. Vi forventar at du behandlar andre med respekt, og samtykker til at du ikkje vil poste eller dele innhald i kommentarfeltet som:

- Avslører personopplysningar om andre

- Er ærekrenkande, provoserande, pornografisk eller støytande

- Er truande eller oppfordrar til mobbing, rasisme, diskriminering, hat eller fysisk skade på ei gruppe eller eit individ

- Er falsk eller villeiande

- Krenker eller bryt opphavsretten (til for eksempel bøker, musikk, bilde, video eller anna materiale du ikkje har skriftleg samtykke frå eigaren til å poste)

- Bidrar til ulovleg eller uautorisert kopiering av åndsverket til ein annan person, lenkar til slikt arbeid eller forklarer korleis ein kan omgå sikkerheitstiltak som er laga for å beskytte opphavsretten

- Er ulovleg eller bidrar direkte eller indirekte til ulovlege aktivitetar

- Inneheld reklame, marknadsføringsmateriell, søppelpost, kjedebrev, pyramidespel eller andre formar for oppfordring


Du forstår at innhaldet som er posta av brukarar på Facebook-sida vår, ikkje nødvendigvis samsvarar med synspunkta og haldningane til fylkeskommunen. Vi kan gå gjennom, redigere eller slette innhald som vi meiner ikkje er i tråd med brukarvilkåra. Brukarvilkår for Facebook-sida vår

Vi driv ikkje med saksbehandling i sosiale medium. Facebook-postar som genererer stort engasjement i kommentarfeltet vil vere stengt utanom ordinær arbeidstid (mån.-fre. kl. 08-15.30), då vi ikkje har kapasitet til å følge opp og moderere kommentarfelta. PERSONVERN
All samhandling med facebook fører til at den enkelte brukaren legg igjen personinformasjon. Ønsker du å lese meir om dette, vil du finne meir informasjon på facebook-kontoen din, under Instillinger og personvern. Her kan du administrere og kontrollere personvernet ditt på Facebook. Dersom du ønsker å bruke kommentarfeltet, rår vi deg til å ikkje legge igjen informasjon i kommentar som er av privat karakter. JURIDISK ANSVARLEG
Du er juridisk ansvarleg for det du skriv i kommentarfeltet vårt, og det du skriv hos oss er ei offentleg ytring. Viss du skriv ting som bidrar til ærekrenking, øydelegg privatlivets fred, inneheld truslar eller hatefulle ytringar, kan du bli rettsleg forfølgt for dette, sjølv om vi slettar innlegget i ettertid. PERSONVERNERKLÆRING FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE PÅ FACEBOOK

Når du samhandlar med sida vår; besøker sida vår, følgjer sida, liker eller deler eit innlegg, kommenterer eit innlegg eller sender direktemelding til oss, gir du automatisk frå deg personopplysningar. Dette gjeld uavhengig av om du er logga inn via brukarkontoen din eller ikkje. Denne personvernerklæringa gir ei oversikt over korleis Møre og Romsdal fylkeskommune behandlar personopplysningar du gir frå deg når du samhandlar med Facebooksida vår. Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere ein person, for eksempel fullt namn eller bilde. Behandling betyr blant anna innhenting, registrering, bruk, lagring og utlevering, altså all bruk av personopplysingar. Det er frivillig å bruke Facebook. Du kan også finne informasjonen på mrfylke.no. Ver merksam på at reaksjonar som «likarklikk», deling av innlegg eller kommentarar er offentleg og synleg for andre. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre som samhandlar med sida vår behandlar opplysningane du gir, eller forhindre at nokon tar direkte kontakt med deg. Når du samhandlar med sida vår, vil Meta Platforms Ireland Limited (Facebook) samle inn og behandle mange personopplysningar om deg, anten du har brukarkonto eller ikkje. Opplysningane Facebook samlar inn er blant anna tidspunkt, lokasjon, namn, alder, kjønn, interesser, forbruksmønster, kjøpekraft, livssituasjon, IP-adresse, om du bruker pc eller mobil og kva innlegg du likar. Personvernsenteret til Facebook har meir informasjon om kva personopplysningar dei samlar inn og kva dei bruker opplysningane til. Vi anbefaler at du bruker personvernverktøya til Facebook for å kontrollere kva informasjon som blir samla inn om deg. Ansvar for personopplysingane

Når og dersom vi publiserer personopplysningar på sida vår, har vi ansvar for at reglene om personvern blir følgt. Vi har også felles ansvar saman med Facebook for:

Personopplysningane som blir samla inn når du og andre samhandlar med sida

Overføringa av personopplysningane til Facebook

Behandlinga av personopplysningar som er nødvendig for å lage statistikken «Sideinnsikt»

Statistikken er samla på gruppnivå når vi får den, slik at vi ikkje har tilgang til personopplysningar om enkeltpersonar. Vi har inngått avtale om felles behandlingsansvar for den behandlinga av personopplysningar som vi deler ansvaret for. Avtalen regulerer det ansvaret vi og Facebook har for å overhalde personvernregelverket. Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønsker å sjå avtalen. Alt Facebook gjer med personopplysningane etter at dei er overført frå oss, med unntak av Sideinnsikt, har Facebook ansvar for åleine. Du finn informasjon om behandlinga i Meta Irlands retningslinjer for personvern. Når vi lenkar til andre Facebooksider eller onlineinnhald, gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Nedanfor forklarer vi kva personopplysningar vi behandlar, korleis vi behandlar dei og kor lenge vi lagrar opplysningane. Vedlagt finn du også ei oversikt over dei gjeldande brukarvilkåra for Facebook-sida vår. Slik bruker vi personopplysningane dine



Kvifor treng vi personopplysingane dine? Facebook-sida vår er oppretta for å oppfylle den informasjonsplikta vi har etter kommunelova § 4-1. Innlegga skal gi innbyggarane i fylket informasjon om tenestene våre og politiske vedtak på ein lett tilgjengeleg måte. Vi bruker annonser for ledige stillingar, tilskotsordningar og arrangement for å nå ut til flest mogleg. Facebook er eit supplement til websida mrfylke.no, som er hovudkommunikasjonskanalen vår. For å informere relevante målgrupper om tenestene våre, ulike arrangement og ledige stillingar bruker vi Metas annonseverktøy. Vi målrettar kun geografisk når vi annonserer, uansett annonsetype. Dette gir oss moglegheit til å annonsere i Møre og Romsdal, Norge eller i andre større demografiske område. Vi målrettar ikkje på alder, postnummer, kjønn, utdanning, jobb, interesser eller liknande, og sporar ikkje via Meta pixel på mrfylke.no. Lov til å behandle personopplysningar

Vi må ha eit rettsleg grunnlag for å kunne behandle personopplysningar. Når vi bruker Facebook som informasjonskanal er det rettslege grunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e (nødvendig for å utføre ei oppgåve i allmentas interesse eller utøve offentleg myndigheit) med supplerande rettsgrunnlag i kommunelova § 4-1. Fylkeskommunen har eit lovpålagt ansvar for å informere aktivt om eigen verksemd og verksemd som andre utfører på våre vegner, og for å legge til rette for at alle kan få tilgang til slik informasjon. Når vi har ope kommentarfelt på ein post eller bruker annonseverktøyet til Facebook, er det rettslege grunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging). Regelen gir oss rett til å behandle personopplysningar når det er nødvendig for å ivareta ei legitim interesse som veg tyngre enn personvernet til den enkelte. Du kan ta kontakt dersom du ønsker å sjå vurderinga vår. Kven har tilgang til opplysingane dine? Facebook og Meta har tilgang til alt innhald vi publiserer. Når du besøker sida vår, samlar Meta inn fleire personopplysningar som dei kan dele med samarbeidspartnarane sine. Vi viser til Meta Irlands retningslinjer for personvern for meir informasjon. Dei tilsette som administrerer Facebook-sida vår, har tilgang til direktemeldingane dine og den anonymiserte statistikken Sideinnsikt. Alt innhald på sida er synleg for alle, også personar som ikkje har eigen brukarkonto. Det du skriv på sida, reaksjonar, brukarnamn, namn og profilbilde er derfor synleg for alle. Dei som kan sjå innhaldet, kan også dele det vidare eller laste det ned. Kor lenge blir opplysningane dine lagra? Alle opplysningar som er publisert på Facebook-sida vår blir liggande til vi slettar dei etter ca.1 år. Personopplysningar som ikkje er teiepliktige kan vere synleg lenger. Opplysningar vi har plikt til å lagre (for eksempel etter arkivlova), kan bli lagra i arkivsystemet vårt etter at dei er fjerna frå Facebook. Personopplysningane som Facebook samlar inn når du samhandlar med sida til fylkeskommunen, blir lagra så lenge du har ein konto på Facebook. Du har rett til innsyn

Du kan be om innsyn i kva personopplysningar fylkeskommunen behandlar om deg. I tillegg kan du når som helst be om kopi av alle personopplysningane vi har om deg. Du har rett til å korrigere opplysningane

Du har rett til å be oss rette opp i eller supplere opplysningar som er uriktige eller

ufullstendige. Du har rett til å få sletta opplysningane

Du kan når som helst be oss slette opplysningar om deg som er unøyaktige, og vi skal då slette opplysningane så snart som råd. Vi gjer merksam på at informasjon som vi er pålagt å behalde av omsyn til andre rettslege plikter (for eksempel arkivlova), ikkje vil bli sletta. Du kan be oss avgrense behandlinga av personopplysningar

I enkelte situasjonar kan du be oss redusere behandlinga av opplysningar om deg. Du kan protestere

Du har rett til å protestere på at vi behandlar personopplysningane dine. Du kan kontakte personvernombodet vårt

Har du spørsmål til behandling av personopplysningane dine eller meiner vi ikkje følger reglane i Personopplysningsloven, kan du kontakte personvernombodet vårt, Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal. Kontaktinformasjon finn du på https://www.ikamr.no/kontakt-personvernombod. Slik brukar du rettane dine

Du kan kontakte oss dersom du vil bruke nokon av rettane dine, eller meiner vi ikkje følger reglane i personopplysningslova. Då kan du sende ein e-post til [email protected] eller brev til Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde. Ver merksam på at e-post ikkje er ein sikker kanal for informasjonsutveksling, fordi informasjon kan komme på avvege. Vi oppfordrar derfor til ikkje å sende sensitive eller fortrulege opplysningar per e-post. Skal du sende slike opplysningar kan du bruke e-Dialog eller sende brev. Korleis du kan utøve rettane dine mot Meta Irland, er tilgjengeleg i Meta Irlands retningslinjer for personvern. Du har rett til å klage på behandlinga vår

Du kan klage over behandlinga vår av personopplysningar. Dette gjer du til Datatilsynet. Endring av personvernerklæringa

Denne personvernerklæringa er oppretta 13.12.2024, og sist oppdatert 09.07.2026. Personvernerklæringa kan bli endra på grunn av endringar i måten vi brukar Facebook, endringar i plattforma eller dersom personvernlovgivinga blir endra.

😬Kanskje du gjer ein feil. Kanskje du stryk på eksamen. Kanskje du får ein dårleg karakter. Då er det godt å vite at du ...
03/09/2026

😬Kanskje du gjer ein feil. Kanskje du stryk på eksamen. Kanskje du får ein dårleg karakter. Då er det godt å vite at du kan få ein ny sjanse.✅ Du kan ta fag som privatist!

Fram til 15. september kan du melde deg opp til privatisteksamen.
Privatisteksamen kan vere aktuelt for deg som:
• manglar fag frå vidaregåande opplæring for å få vitnemål
• ønsker å forbetre karakterar
• skal ta fagbrev som praksiskandidat

👉 Følg lenka i kommentarfeltet for å melde deg opp.

🏔️ 📡 Trollstigen får supersyn: Radar skal overvake skredfaren.Trollstigen er ein av Noregs mest ikoniske turistvegar og ...
31/08/2026

🏔️ 📡 Trollstigen får supersyn: Radar skal overvake skredfaren.
Trollstigen er ein av Noregs mest ikoniske turistvegar og trekkjer hundretusenvis av besøkande kvart år. No tar vi i bruk avansert radarteknologi som skal overvake fjellsidene og registrere rørsler og steinsprang.

📡 Dei nye målingane gir oss viktig kunnskap om korleis fjellsidene oppfører seg over tid. Det er avgjerande for å kunne planlegge sikringstiltak, slik at vi kan gjere vegen tryggare for både innbyggarar og tilreisande.

🙏 Ser du måleutstyr i området? La det stå i fred. Kvar einaste måling bringar oss eit steg nærare ein tryggare Trollstigen. ⛰️💙

Foto: Cautus Geo

Med djup sorg mottok vi bodskapen om at Kong Harald V har gått bort. Vi minnest ein konge som gjennom fleire tiår vore e...
28/08/2026

Med djup sorg mottok vi bodskapen om at Kong Harald V har gått bort.

Vi minnest ein konge som gjennom fleire tiår vore ein samlande og trygg konge for heile folket. Med varme, klokskap og nærleik til menneske har han sett spor i generasjonar av nordmenn.

Gjennom fleire besøk i Møre og Romsdal viste han oppriktig interesse for lokalsamfunn, næringsliv og innbyggjarar over heile fylket. Som monark besøkte han alle kommunane våre og etterlet seg sterke minne hos mange.

Vi takkar for den livslange tenesta hans for Noreg og lyser fred over Kong Harald sitt minne. 🕯️

Våre tankar går til Den kongelege familien og dei næraste. ❤️

Foto: Det norske Kongehus

👉Skal du søke støtte til kulturprosjekt i haust? Meld deg på tilskotswebinaret vårt!Bli med og få nyttig informasjon om ...
28/08/2026

👉Skal du søke støtte til kulturprosjekt i haust? Meld deg på tilskotswebinaret vårt!
Bli med og få nyttig informasjon om kva du kan søke på og gode råd om korleis du søker.

🕰️Når: Måndag 14. september kl. 13.00
📆Kor: Teams

📌Alle tilskotsordningane våre (kunst, kultur, idrett, friluftsliv og frivilligheit)
📌Nytt i år
📌Slik skriv du ein god søknad
📌Spørsmål
📌Viktige fristar

Vi inviterer alle kulturaktørar i heile fylket til å delta.
Meld deg på i lenke i kommentarfeltet.

Foto: Unsplash

📢Hei, har du eit arrangement på gang?💰No kan du søke støtte frå Regionale kulturfond, til arrangement, kompetanseheving ...
25/08/2026

📢Hei, har du eit arrangement på gang?💰No kan du søke støtte frå Regionale kulturfond, til arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging -> innan kunst, kultur, og kulturmiljø

📅15. september er søknadsfristen

Kven kan søke?
• Kommunar
• Frivillige lag og organisasjonar
• Kunstnarar og kulturaktørar
• Kulturinstitusjonar og kreative verksemder

🔗Søk no på mrfylke.no/tilskot 👇Følg lenge i kommentarfeltet.

Foto: Unsplash

Klar for å prøve noko nytt? 🚀Vi har ledige stillingar i tannhelse, reinhald, i vaksenopplæring og i vidaregåande skule, ...
21/08/2026

Klar for å prøve noko nytt? 🚀Vi har ledige stillingar i tannhelse, reinhald, i vaksenopplæring og i vidaregåande skule, både fast og vikariat. 👉Kanskje finn du noko som passar for deg?

🌊 Havet, menneska og moglegheitene samla på eitt brett, på Nor-Fishing!Den store møteplassen for sjømatnæringan er opna,...
19/08/2026

🌊 Havet, menneska og moglegheitene samla på eitt brett, på Nor-Fishing!

Den store møteplassen for sjømatnæringan er opna, og på fylkespaviljongen på stand A-110 viser vi fram noko av det beste Møre og Romsdal har å by på innan fiskeri- og havnæringane.

Her møter du bedrifter, fagmiljø og engasjerte folk som jobbar for framtida til den blå næringa. Gjennom veka løftar vi fram tema som teknologi, tryggleik, ressursutnytting og framtidas fiskebåt.

Stikk innom for ein prat, nye perspektiv og kanskje ein smakebit frå sjømatbaren som Atlanterhavsparken står for😊

👉 Vi håper å sjå deg på stand A-110!

Desse er med på felles stand: Desse har stand med oss i år: Bauta Group, Nyborg, Polyform, Libra, Hareid Group, Aalesund Protective Wear, Premas, Giske kommune med Gjøsund hamn, Triangel Business Solution, vår eigen Fagskole Møre og Romsdal og ein fellesstand med Triark Systems, Piscator, ITVakta, Nanoice og Midsund Elektro

🚸 Skolestart betyr fleire barn langs veganeMåndag 17. august startar eit nytt skoleår. Då blir det fleire barn på veg ti...
16/08/2026

🚸 Skolestart betyr fleire barn langs vegane

Måndag 17. august startar eit nytt skoleår. Då blir det fleire barn på veg til og frå skolen, og alle som ferdast i trafikken har eit ansvar for å bidra til ein tryggare skoleveg.

✔ Senk farten og ver ekstra merksam nær skolar, gangfelt og haldeplassar
✔ Sørg for fri sikt ved å klippe hekkar og buskar langs skolevegen
✔ Øv på skolevegen saman med barna før skolestart
✔ Følg skilting og bruk etablerte hente- og leveringssoner ved skolen

Dei yngste trafikantane ser ikkje alltid farar på same måte som vaksne. Om alle gjer litt, merkast det for mange.

Les meir om korleis du kan bidra til ein tryggare skoleveg: https://mrfylke.no/nyheiter/bli-med-og-gjer-skolevegen-tryggare.40938.aspx

⏰Det nærmar seg første skuledag i vgs⏰  Når og kvar skal du møte opp? Kva med pc og bøker? Når er juleferien? Og så vida...
13/08/2026

⏰Det nærmar seg første skuledag i vgs⏰ Når og kvar skal du møte opp? Kva med pc og bøker? Når er juleferien? Og så vidare.

Kanskje får du svar på litt av det du lurer på her 👇 (Klikk på lenke i kommentarfeltet)

Har du ein elev som skal gå på vidaregåande i huset? Tips: dei kan søke stipend frå Lånekassen    💰🫰👉Dei aller fleste ha...
11/08/2026

Har du ein elev som skal gå på vidaregåande i huset? Tips: dei kan søke stipend frå Lånekassen 💰🫰
👉Dei aller fleste har krav på utstyrsstipend.

Fristen for å søke er 15. november, men det er lurt å søke med ein gong dei får skoleplass.

Sjå lenke til Lånekassen i kommentarfeltet.

Adresse

Julsundvegen 9, Fylkeshuset
Molde
6412

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4771280000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Møre og Romsdal fylkeskommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Møre og Romsdal fylkeskommune:

Snarveier

Del