Modalen kommune

Modalen kommune Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Modalen kommune, Public & Government Service, Mo 6, Modalen.

Vegarbeid på fv 5412, frå Nedre Helland - Øvre Helland 🛣️Frå 13.08.2026 til 28.01.2027 er vegen i periodar stengt på gru...
26/08/2026

Vegarbeid på fv 5412, frå Nedre Helland - Øvre Helland 🛣️
Frå 13.08.2026 til 28.01.2027 er vegen i periodar stengt på grunn av vegarbeid.
Meir informasjon om dette finn du på vår nettside👇

Frå 13.08.2026 til 28.01.2027 er vegen i periodar stengt på grunn av vegarbeid.

26/08/2026

Har du lyst til å være med på laget til Nordhordland brann og redning? No kan du søke plass på aspirantkurs for å bli brannkonstabel på deltid👩‍🚒

Vil du vere med i Modalen ungdomsråd?🤩Onsdag 30. september skal det veljast nye medlemmer til ungdomsrådet. Ønsker du sj...
20/08/2026

Vil du vere med i Modalen ungdomsråd?🤩

Onsdag 30. september skal det veljast nye medlemmer til ungdomsrådet. Ønsker du sjølv å vere med, eller kanskje du har ein ven, ein ungdom i hus eller ei storesøster som du tenker kunne gjort ein god jobb? Nominasjonsskjema finn du i kommentarfeltet og på kommunen sine heimesider👇

Vi ønsker også å nå ungdommar i vidaregåande skule-alder, så hjelp oss gjerne å spreie ordet📢

Det å sitje i ungdomsrådet er både sosialt, lærerikt og kjekt! Ein får moglegheit til å vere eit talerøyr for ungdom i Modalen, lære om politiske prosessar og delta på mange kjekke aktivitetar og arrangement, både lokalt, regionalt og nasjonalt✨

Nominasjonsfrist er måndag 28. september og val av nytt ungdomsråd vert gjennomført 30. september📅

Onsdag 30. september skal det veljast nye medlemmer til ungdområdet. No kan du nominere deg sjølv eller andre til val.

Kino i Bryggjeslottet tirsdag 01.09.26 kl.17:00 og kl. 19:00 🍿🎥
19/08/2026

Kino i Bryggjeslottet tirsdag 01.09.26 kl.17:00 og kl. 19:00 🍿🎥

Skredsikringsarbeid ved Slottet (fv. 569)Frå måndag 17. august er arbeidstidene tilbake til slik dei var før sommarferie...
14/08/2026

Skredsikringsarbeid ved Slottet (fv. 569)

Frå måndag 17. august er arbeidstidene tilbake til slik dei var før sommarferien.

OBS: Vi gjer merksam på at det er kome endringar i arbeid torsdagar i partalsveker/oddetalsveker i forhold til korleis det var før ferien.

Meir informasjon finn du på kommunen sine heimesider 👇 eller på Statens vegvesen sine sider👷‍♂️

Obs: Endring i arbeidstid torsdagar partals/oddetalsveker.

14/08/2026

Mobil gjenvinningsstasjon i Modalen💚

18.08.2026 og 20.08.2026 kl. 15.00–19.00 ved Industribygget

Ordninga er berre for privatpersonar. Ein må møte opp personleg med avfallet sitt, og ha med NGIR-kort/MiljøID-appen.

Meir info:

📱 Ny app for heim, skule og SFONo kan føresette med barn i skule og SFO ta i bruk appen Flyt Foresatt. I appen kan du se...
13/08/2026

📱 Ny app for heim, skule og SFO

No kan føresette med barn i skule og SFO ta i bruk appen Flyt Foresatt. I appen kan du sende og lese meldingar, melde fråvær og få viktige beskjedar frå skulen og SFO.

Flyt Foresatt vil etter kvart erstatte Min Skole og Min Barnehage. Barnehagane tek etter planen i bruk appen hausten 2026.

👉 Les meir om appen og korleis du kjem i gang:

I appen Flyt Foresatt får du oversikt over kvardagen til barnet og kan kommunisere direkte med skulen og SFO. Til hausten kjem også barnehagen inn i same føresettapp.

Gymsal på Bryggjeslottet blir stengd frå 16. august til og med 23. august! Les meir om dette på vår nettside 👇
12/08/2026

Gymsal på Bryggjeslottet blir stengd frå 16. august til og med 23. august!
Les meir om dette på vår nettside 👇

Grunna fjerning av amfi vert gymsalen på Bryggjeslottet heilt stengd for bruk i perioden 16. august til og med 23. august.

Skal du setje i stand eit kulturminne på eigendomen din? No er det mogleg å søkje tilskot frå Modalen kommune. Søknadsfr...
12/08/2026

Skal du setje i stand eit kulturminne på eigendomen din? No er det mogleg å søkje tilskot frå Modalen kommune. Søknadsfrist er 15. november 2026.

Skal du setje i stand eit kulturminne på eigendomen din? No er det mogleg å søkje tilskot frå Modalen kommune. Søknadsfrist 15. november 2026.

11/08/2026

Velkomen til nytt skuleår på Mo skule! 🌞
Mo skule startar opp nytt skuleår torsdag 13.august. Alle elevar møter på skuleplassen kl 08.25 denne dagen.
Me ynskjer alle vel møtt til nytt skuleår! 📚
Rektor

Adresse

Mo 6
Modalen
5729

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4756599000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Modalen kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Modalen kommune:

Snarveier

Del