30/03/2026
🎬 STATISTAR SØKJAST TIL FILMINNSPELING I REFVIK – 4. APRIL 🎬
Har du lyst å vere med bak kulissane på eit ekte filmsett? No har du sjansen!
Den Norske Filmskolen spelar inn avslutningsscena til filmen VANNFAST, og vi treng statistar til ein stemningsfull låvefest i Refvik. Dette er ein unik moglegheit til å oppleve korleis ein profesjonell filmproduksjon fungerer – på nært hald.
Dette er eit restopptak i ein studentproduksjon, så det er ikkje løn – men du får mat, kaffi og snacks på sett, i tillegg til:
✨ Kreditering i rulleteksten
✨ Privat tilgang til filmen
✨ Erfaring du kan bruke på CV/portfolio
Du må kunne sette av 6–8 timar denne dagen, og stille med klede tilpassa scena (du får info på førehand).
👉 Ta med ein venn, familie eller kollega – dette blir ei oppleving!
Påmelding:
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfdE_cs3n-BJafHoVA2L5Ht9zwXagJjud3a4pbR8RKTdozuKg/viewform
Eller send ein mail til: [email protected]
Del gjerne vidare – vi set stor pris på all hjelp! 🙌